Referat fra foreldremøte 02.02.04   Foreldreutvalget

 Frammøte: 23 foreldre/tilsette

 1   FAU-leiar Gunn Tove Holgersen ønska alle vel møtt.

 2   Skiløparen Bente Skari vann tidlegare ein pengesum som ho ga til Norges Døveforbund. Desse pengane vart i fjor nytta til skihelg på Ål, som var svært vellukka. Dette er meint å vera eit årleg skulemeisterskap som Nedre Gausen og burde melde seg på. FAU har søkt fylkeslegen om pengestøtte. Me kan og spare penger ved at foreldre vert med ungane i staden for lærarar. Deltaking er gratis for elevane, men vaksne må betale kr 500,- pr. person.  

3   Senterleiar Gudmund Eikeli informerte om det varsla budsjettkuttet på kr 30 mill. for Kompetansesentra for spesialundervisning. For Nedre Gausen vil dette bety kutt på kr 1-2 mill. Kuttet skuldast budsjettforliket mellom Arbeiderpartiet og regjeringa og er mest truleg eit hastverksvedtak. Det skal ikkje råke brukarane, men sparast inn ved effektivisering/omorganisering. Nedre Gausen prøver å spare inn på administrasjon og driftsutgifter. Avdi Nedre Gausen har få elevar kjem me fra før dårleg ut i høve til dei andre sentra. Dette prøvar skulen å endre ved å foreslå at ein heller går ut fra folketalet i regionen når pengane skal fordelast. Det nyttar ikkje å protestere i pressa eller overfor politikarane før ein kan vise til negative konsekvensar. Men dersom ein kan dokumentere slike, er det mogleg pengane vert tilbakeførte ved revidert statsbudsjett i mai.  

4   Stortingsmeldinga som kom 1997-98, foreslo å legge ned Nedre Gausen skole og etablere eit tilbod i Nord-Norge. Dette vart det heldigvis ikkje noko av, og Sunnanå-utvalget vart oppretta for å førebu ei stortingsmelding om hørselssektoren. Utvalget jobba med dette i 1 år, deretter gjekk det 3 år før noko skjedde. Men no kjem det signal om endringar.  

·         Skådalen kompetansesenter overføres til Vetland skole for hørselshemmede som samarbeider med Oppsal skole etter tvillingskulemodellen. (Skepsisen er stor avdi Vetland skole ligger under Oslo kommune som har dårleg økonomi.)  

·         Dei andre sentra bør samlokaliserast med kommunale grunnskular.  

·         Kongstein videregående skole i Stavanger leggast ned.  

·         Bjørkåsen vidergående skole i Bergen overføres til Hordaland fylkeskommune.  

·         Tilbodet ved Sandefjord videregående skole utvidast til også å gjelde tunghørte elevar.  

Senterleiarane vert ikkje tekne med i arbeidet med stortingsmeldinga, noko som klart er til ulempe for brukarane. Styret for kompetansesentra vert avvikla og utdanningsdirektoratet tek over. Politikarane ynskjer å overføre alle sentra til kommunane. Men dette er ikkje forelått i Sunnanå-rapporten, og heller ikkje i stortingsmeldinga. Og kva med deltidselevane og organisering av dei? Desse er det ingen informasjon om. Tenker politikarane at CI er rimligare enn døveskular? Departementet vil ikkje ha nokon dialog med brukarane om dette, men nokre politikarar er åpne for innspel.  

Kommentarar:

I Sverige har ein prøvd tvillingskulemodellen i 25 år, men gått tilbake til døveskular da forsøket var mislukka. Ein ser på Vetland skole at døve og hørande elevar er lite i lag. Stortingsmeldinga kjem ikkje med forslag til kva som skal gjerast i praksis for at elevane skal blande seg meir, og det er ingen pengar sette av. Og kva med med heimeskulen? I dag treng me fleksible løysingar på grunn av rask teknologisk utvikling. Foreldra må stille krav om dette, så det er viktig at foreldra står samla. Dersom kommunane overtek døveskulane, vil dei kanskje heller integrere barna. Da står foreldra svakt avdi dei da blir aleine. Foreldra har størst gjennomslagskraft, så engasjement er viktig. Dersom det endar med at døveskulane vert kommunale, er det viktig at dei må forplikte seg. Her i regionen er det viktig at ein kommune får ansvaret.  

5   Bortsett fra brakkebygget har Nedre Gausen hatt dei same lokala sidan 1935. Bygningane er fra 1740 og 1890. Utbyggingsplanane frå 2002 er lagt på is i påvente av ei avgjersle i lokaliseringsspørsmålet. Diskusjonen her ved Nedre Gausen blir om skulen forsatt skal vera i Holmestrand og samarbeide med Gausetangen skole eller flytte til Sem ved Tønsberg og samlokalisere med Sem skole. Gausetangen skole har 80 elevar i 1-7. klasse og omlag like mange lærarar som Nedre Gausen. Det har vore meir eller mindre kontakt mellom skulane over mange år, og Gausetangen skole er positive til å gå inn i eit nært samarbeid med Nedre Gausen skole med stor grad av fellesundervisning. Sem skole har ca. 400 elevar i 1-10. klasse (det går rykter om mogleg flytting av ungdomsskoletrinnet), og hørselsklassane i Vestfold er lokalisert her. Sem skole verkar ikkje like positive til samanslåing. Det er fordelar og ulempar ved begge løysingane. Det er i alle fall viktig å halde skule og kompetansesenter samla.  

Kommentarar:

Kanskje betre å flytte til ein stad med lettare tilgjenge til offentleg transport?

    Me må tenke 20 år fram i tid – det er viktig å oppretthalde eit godt skuletilbod for alle elevar med ulike              hørselsnivå.

Kompetanse som blir bygd opp over lang tid må ikkje smuldre bort.

    Miljøet er trua av manglande rekruttering.

Viktig å halde 1-10. klasse samla?

Best å samlokalisere med stor eller liten skule?

Erfaring viser at det er ein fordel at skulane er omlag like store.

Kva veit me om Sem og Gausetangen skole? Kanskje dei er nedlagt om få år?

Me må velge ut fra situasjonen i dag

    Ei uformell avrøysting viste at 5 foreldre røysta for Nedre Gausen, 2 foreldre røysta for Sem skole og 7 foreldre         røysta veit ikkje.

 6   Etter kaffe og kaker ga rektor Birger Sæverud ei kort utgreiing om heimesida til Nedre Gausen. Ein ynskjer å legge ut terminlister, resultatlister og liknande på denne.

     Kommentarar:

Ein stiller spørsmål ved å legge ut bilete av elevane med eventuell tekst.

Rektor foreslår at ny informasjon vert lagt ut og deretter fjerna etter kort tid, slik at det vert omlag som ei avis. Namn eller adresser skal ikkje framgå.

7          Eventuelt

Nokon foreldre er bekymra for skuleskyssen med Heyerdahl sine taxi-bussar. Det manglar sikringssele i mange sete, men selskapet er ikkje lovpålagt å montere slike. Skal me som foreldre godta dette? Det vart også peika på at klimaet i bussane er dårleg. FAU jobbar vidare med saka.

   

For FAU

Inger Karin Hjelle            Foreldreutvalget