REFERAT FRA FORELDREMØTE TIRSDAG 15. MARS 2005

på Nedre Gausen skole

22 foreldre/tilsette møtte fram.

FAU-leiar, Gunn Tove Holgersen, refererte fra arbeidet med skulemeisterskapen september 2005. Det går tregt med å få ut invitasjonar, og responsen fram til no har vore liten. Me vonar dei tilsette ved Nedre Gausen kan bidra/delta ved arrangementet. Gunn Tove ynskjer tilbakemelding på idèen om disco med lysshow laurdag kveld. Hunstad skole har sagt ja til å arrangere neste år.

Gunn Tove kom med ei åtvaring fra LFAU om at kommunar brått kan trekke attende tilbod elevar har ved døveskulen uten å ta kontakt med foreldra på førhand. Dette skjedde i Nittedal med ein elev ved Skådalen skole. Foreldra leste om vedtaket på internett. I dette høvet fekk foreldra heldigvis gjort om på vedtaket.  

Margareth Hardtvedt fortalte om skulemeisterskapen på Ål som var eit svært vellukka arrangement. Ho oppmoda fleire til å delta neste år.

Vigdis Johansen , vår representant i brukerrådet, opplyste at det snart kjem ei informasjonsbrosjyre fra dei. Den inneheld m.a. navn på personar ein kan ta kontakt med ved behov. Brukerrådet har tidlegare jobba med at yngre sysken skal få tilbod om teiknspråkundervisning. Dette er kome i gang ved Nedre Gausen skole. Andre saker som er aktuelle: Fylkesaudiopedagogtenesta sin funksjon, samarbeid med skulen m.m. Det er kome nye utkast til inntaksreglar ved døveskulane. Dei omfattar og elevar som nyttar norsk med teiknstøtte (§ 5.1).  

Rektor Birger Sæverud : I fjor fekk skulen tilsendt nasjonale prøvar, men dei var ikkje tilrettelagt for døve elevar. I år har skulen fått tilsendt tilrettelegging av matematikkoppgåvene på video. Dei nye fagplanane for skulen er tilgjengelege på internett. Det vert sommarskule for heil- og deltidselevar 5.-10. klasse i år også. Det vert sendt ut invitasjonar etter påske.  

LFAU har diskutert samarbeid mellom skulane om leirskoleopphald. Det har delvis vore gjennomført før og. Det er vanleg med eit opphald i løpet av 1.-10. klasse. Det er planlagt ei veke på Langedrag i 2006 for alle døveskulane. Før har Nedre Gausen betalt heile opphaldet for elevane. Kanskje elevane bør bidra til finansieringa ved å jobbe på førehand?  

Inspektør Cecilie Horgen etterlyser synspunkt på skulen si framtid. Korleis skal me organisere skulen? Elevtalet ved døveskulane minkar. Kva må endrast? Rektor forklarte korleis skulen er organisert i dag samt kva alternativ som eksisterer.

Dei frammøtte vart delte i grupper for å diskutere kva me er nøgde med ved Nedre Gausen skole, kva me saknar og korleis me vil at skulen skal utvikle seg. Til slutt samlast alle til oppsummering.  

For FAU

Inger Karin Hjelle