Landseer
Landseeren høyrer til dei sjeldne og ukjende hunderasene. Det har ikkje alltid vore slik. På den nordlege delen av Newfoundland vart dei første eksemplara av rasen observert på 15-1600-talet.
Landseeren skal gi inntrykk av å være ein stor, sterk og harmonisk hund. Den står på høgare bein og har ein lettare gange og løpesett enn newfoundlandshunden. Den er også livlegare. Med unntak av hovudet skal pelsen være lang, glatt, blaut og ha godt med underull. Den kan ha lett bølga dekkhår på rygg og lår. Halen skal være tjukk, med kraftig pels og rekke ned til hasane. Hvis ikkje hunden er opphissa, skal halen bærast nedover og som regel med ein liten krok ytterst (fransk krok). Bøyd eller krølla hale over ryggen er ikkje bra. Hovudet skal være svart med kvitt snuteparti, med eller utan gjennomgåande kvitt bliss. Det svarte hovudet skal være adskilt fra dei svarte platene på kroppen med ein tydeleg kvit halsring. De svarte platene på kroppen må ikkje gå nedanfor alboge/og eller hase. Bryst, buk og den ytterste delen av halen skal også være kvit. Små svarte flekker (tiks) eller sorte hår i det hvite (sot) er ikkje feil, men er uønska. Augene bør være mørkebrune. Grågule eller svovelgule auge er feil. Augene skal vere vennlege og skal ikkje ligge i det kvite blisset. Hovudet skal gi eit edelt uttrykk og være uten rynker eller folder og ha en kort og fin behåring. Hunden skal ha stramme og tørre lepper utan å sikle eller skumme. Dei kan ha saksebitt eller tangbitt. Nasespeilet og leppene har svart pigment. Gjennomsnittleg skulderhøgde for hannhund er 72-80 cm og for tispene 67-72 cm. Mindre variasjonar over eller under vert tolerert.
Fra slutten av 1700-talet og fram til ca. 1850 var det stor eksport av desse store kvite og svarte hundane til England. I 1837 malte Sir Edwin Landseer det berømte maleriet The distinguished member of the Human sosiety, og det utløyste en landseer-boom. Fra da blei desse hundane kalt Landseer. Dei vart meget populære og spreidde seg raskt til hele Europa. Seinare vart Landseeren og Newfoundlandshunden blanda, noko som framleis vert gjort i England og USA.
På slutten av 1800 og starten av 1900-talet starta ein på Kontinentet å skilje desse to rasene igjen, dei vart ikkje lenger blanda med kvarandre og ein reinavla landseer. På grunnlag av proffesor Heim og dr.Traegers studiar av, og avhandlingar om de to rasane, og ved å samanlikne dei dåværande hundane, fastslo professor Emil Burkhard fra Sveits at det her utan tvil var snakk om to forskjellege raser, som burde avlast og bedømmast kvar for seg. På bakgrunn av dette vart landseeren i 1960 godkjent som eigen rase av F.C.I. Det offisielle namnet vart kontinental landseer europeisk type. Eller LANDSEER ECT .
Landseeren har eit godt gemytt og eit vinnande vesen. Den er meget hengiven og alltid klar til leik. Samtidig er den ein trufast og vaktsom beskytter av familien. Den er ingen jakthund, og er ikkje aggressiv mot andre dyr. Andre hundar som provoserer, vil derimot kunne få svar.
Landseeren er oppmerksom og lærevillig, den kan lære nesten alt det eigaren ønsker, og i enkelte øvelsar kan den bli reine spesialisten. Oppdragelsen av desse hundane er i første rekke eit spørsmål om korleis ein behandlar dei. La hunden få delta så mykje som mulig i familielivet. Med godsnakk og kjærlighet kjem ein lenger enn med skrik og kjefting, som den er meget var for. Kjefting, skriking og en hardhendt behandling fører som oftest til en nervøs og usikker hund.
Den nøyar seg med å varsle når det kjem framande. Landseeren er ikkje sint, men den verkar utruleg overbevisande på grunn av sin størrelse og djupe røst. Som andre hundar bør den ikkje stå fastlenka. Dette gjeld dei fleste hundar, i følge dyrevernlova skal hundar i løpestreng ha minst 10 meter lengde på strengen. Den treng mykje menneskeleg kontakt og kjærlighet.
Hunden er glad i vatn og elskar å bade. Dei hentar opp det meste som fell i vatnet. Den er soleis ein god redningshund. Noko som og var det opprinnelege bruksområdet.
Pelsen på Landseeren er ikkje så lang som hos newfoundlandshunden så det er mindre pelsstell. Børstar ein pelsen mot håra, skal desse falle på plass av seg sjølv
Helsemessig er det ein sunn og frisk rase som det sjeldan er problem med. Når det gjeld HD, så er den ikkje meir disponert for dette enn andre store raser, heller noko mindre.
I Norge blei det første kvalpekullet
med landseer født i 1986. Avlsarbeidet med rasen har vore
forsiktig, og fram til i dag har det berre vore nokre få
kvalpekull.
På grunn av det forsiktige avlsarbeidet er rasen fremdeles
sjeldan å sjå på utstillingar, men kvaliteten på dei hundane
vi har, er gjennomgående meget bra.
Fra 7 aug 2004