|

Hei!
Her
kan du finne ut litt om meg: Eg heiter altså Marianne og er 23 år gammel.
Eg er født og oppvokst i industristaden Høyanger, sammen med mine to eldre brødre, nokon katter, hamstere og fugler, godt gjøymd mellom fjordar og høge fjell...
Da eg var 17, flytta eg til Førde der eg budde i to år medan eg gjekk på
teikning, form og farge på Vassenden i Jølster.
Det varte ikke lenge før eg traff drømmeprinsen,og Vips, til tross for min unge alder er eg no gift og har to flotte barn som eg er kjempestolt av...
Eg trengte ikkje å reise så langt, Leif Arne tok meg med til Nessane,
(som han kjem frå) ei lita bygd med ca.150 mennesker, som ligger i Balestrand kommune
(bare to mil frå Høyanger.)
Her finst det ikkje så mykje som ein liten kiosk,men bygda vokser stadig, og vi har
kommunens største private arbeidsplass her (Nesseplast) og ellers så har vi både skule og barnehage her.
Vi har vårt eige hus med ein fin hage som ungane kan leike i, så vi har det vi trenger og trivest veldig
godt.
Eg
er nettopp ferdig med fødselspermisjonen min, og har så smått
begynt å jobbe igjen.
For
tida jobber eg i ein bokhandel, og der liker eg meg godt.Ved
sida av har eg begynt å studere igjen.Eg har alltid gått med
ein liten drøm om å bli lærar på barneskulen, så no har eg
tatt fatt på den 4 år lange nettbaserte
førskulelærarutdanninga.
Dagane
er travle med to små krabater, studier, og jobb, men litt tid
får eg jo om kveldane etter leggetid, og da liker eg godt å
arbeide med heimesida mi.Ellers er eg jo glad i å male (skilt,
postkasser o.l) brodere, lese, se ein god film, gå turar eller
bare slappe av...
|