MELDAL BRIDGEKLUBB

Meldal Bridgeklubb representerer grasrota i norsk bridge. Vi er for tida 5 bord, og dei aller fleste spelar for sosialt samvær, og har små ambisjonar utover det. Nivået er ikkje særleg bra, men vi trivst godt for det.

Eg hadde eingong store pretensjonar for denne sida, men manglande tid og innsatsvilje får ta skulda for at eg ikkje har levd eller kjem til å leva opp til desse. Eg vil hovudsakleg halde meg til å leggje ut resultata.

Anna bridgestoff finn du på sidene til NBF Sør-Trøndelag