![]() |
Bibelvers |
Sal 50:15
Og kalla på meg den dagen du er i naud, så vil eg fri deg ut, og du skal prisa meg.
Jes 41:10
Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje rådvill ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg og held deg oppe med mi frelsarhand.
Ef 2:8-10
For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar, som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Joh 14:6
Jesus seier : "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg."
Jes 53:4-11
Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg, og våre pinsler bar han.
Vi trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og ille plaga.
Men han vart såra for våre brot, og sundbråten for våre synder.
Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom.
Vi fór alle vilt som sauer, vi vende oss kvar til sin veg.
Men Herren lét råka han det som vi alle var skuld i.
Ille medfaren vart han, men bar det audmjukt; han lét ikkje opp sin munn,
som lammet dei fører til slakting, og sauen som teier når han vert klypt; han læt ikkje opp sin munn.
Han lét ikkje opp sin munn. Gjennom trengsle og dom vart han teken bort. Men kven i hans samtid vørde vel det?
Bortriven vart han or levandelandet, for sitt folks brot laut han døy. Dei gav han ei grav mellom gudlause, hjå ein rikmann, då han var død, endå han ikkje hadde gjort nokon urett, og det ikkje fanst svik i hans munn. (...)
Og når dei kjenner han, skal han, min rettferdige tenar, gjera dei mange rettferdige; for han har bore deira synder.
Joh 3,16
For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Hans Kristian Maridal
Copyright © 2000 Hans Kristian Maridal