![]() |
To Tårn |
![]() |
||||
|
Framside Ringenes Brorskap To Tårn Atter en Konge |
|
Sam og Frodo har dratt sin veg til Mordor utan at dei andre veit om det. Orkar kjem for å finne hobbitane og tek Munti og Pippin, og Boromir blir drept. Aragorn, Legolas og Gimli bestemmer seg for å leite etter Munti og Pippin, dei meiner at det er meininga at Sam og Frodo skal ta denne siste farefulle vegen aleine. Sam og Frodo møter på Gollum midt oppe i Fjella som dei ikkje kan finne vegen ned i frå. Dei fangar han og Gollum lovar å vere snill og vise vegen til Mordor, for dit kan han vegen. Munti og Pippin blir slept av garde til Jarnagard av orkane, Pippin bestemmer seg for å vere lur og egg att eit spor til dei som kanskje følger etter. Aragorn, Legolas og Gimli dreg etter orkane, dei finn sporet til Pippin og veit no at i det minste ein av hobbitane er i live. Midt ute i audemarka møter dei på Éomer og andre av Rohans riddera, av dei får dei vite at dei nettopp har slakta ned ein stor flokk orker. Alle er drept og brent, ingen slapp unna. Aragorn & Co får låne hestar av riddarane og rid til orkebålet. Der møter dei på ein gamal mann. Hestane rømmer og mannen forsvinn.
|
![]() |
Gandalv kjem tilbake i denne boka. | ||
![]() |
Munti og Pippin er tatt til fange av orkane til Saruman, Pippin legg att eit spor i tilfelle nokon prøver å redde dei. | |||||
![]() |
Gollum, eller Smyagol som han heiter, lurer seg inn i
forteljinga og viser veg til Mordor. |
|||||