![]() |
Ringenes Brorskap |
![]() |
|||
|
Framside Ringenes Brorskap To Tårn Atter en Konge |
Ringenes Brorskap handlar om Frodo, Sam, Pippin, Munti som dreg av stad på ei reise for å redde verda. På reisa får dei med seg trollmannen Gandalv ein god venn av Hobbitane, Aragorn ein kommande konge, mennesket Boromir, dvergen Gimli og alveprinsen Legolas. Saman dreg dei ut på ei farefyld ferd mot Mordor der skuggane rår. Bilbo var omtrent 50 år då han drog ut på den første reisa si utanfor Hobbsyssels grenser. Der langt inne i Tåkefjella møter han på det hobbitliknande vesenet Gollum. Bilbo finn ringen hans og oppdagar at han blir usynleg når han tek den på. Han rømmer frå Gollum og held følget sitt uvitande om ringen inntil han blir nødt til å fortellje om den. Bilbo kom heim att frå denne reisa veldig rik, og med den vakre gullringen i lomma. 60 år går og Bilbo ser ikkje ut til eldast, han
adopterer Frodo som miste foreldra i ei båtulukke. Bilbo blir på eit
merkeleg vis heilt avhengig av å ha ringen i nærheita. Trollmannen Gandalv
den Grå som var eit av reisefølget hans råder Bilbo til å la ringen gå til
Frodo då Bilbo vil reise frå Hobbitun for alltid på sin 111 års dag. Gandalv fortel dette til Frodo, og seier at han må reise i frå Hobbsyssel snarast råd, Sam overhøyrer dette og som straff må han bli med. Gandalv dreg i veg. Då tida kjem då Gandalv skulle ha vore tilbake, er han borte. Sam, Munti og Frodo dreg av garde for å møte Pippin i Bukkenland der han har kjøpt eit hus som ei forklaring på kvifor han reiste. Han ville ikkje at nokon skulle få vite kvar han eigentleg skulle, i tilfelle onde øyrer skulle høyre. Men Munti og Pippin vil vere med heile vegen. Sam har fortalt dei alt, og dermed blir dei med anten Frodo vil det eller ei. Frodo er glad for det, no slepp han å reise aleine. Første hinderet er Gammelskogen. Ingen tør å gå igjennom den, det blir sagt at det foregår skumle ting der. Dei møter på eit gamalt tre som lurer dei i søvn og tek Munti og Pippin. Heldigvis kjem Tom Bombadil forbi, og han reddar dei. Tom er ein merkeleg og mystisk mann, det er ikkje lett å finne ut kva han er, men venneleg er han. Han kan til og med stå i mot Ringen. Han hjelp dei til vegen mot Bri, men vil ikkje gå lenger enn rett utanfor skogen. I Bri møter dei den mystiske Vidvandre, som viser seg å vere nær venn av Gandalv som fortsatt ikkje har møtt opp, dette bekymrar Vidvandre eller Aragorn som han eigentleg heiter. Aragorn vil bli med følget så lenge han vil, og redder livet deira fleire gongar. Men så oppdagar dei svarte ryttarane dei. Frodo blir heilt overbevist om at om han tek på seg ringen så kan ikkje ryttarane sjå han, der tek han grundig feil. Ryttarane merkar han betre no enn nokon gong. Men no kan ingen andre sjå han og hjelpe han. Han blir stukken av ein Morgul kniv. Gifta frå kniven sprer seg, og det er så vidt dei får han til Kløvendal i live der Elrond redder han. I Kløvendalmøter han att Bilbo, han er godt likt i Kløvendal og skriv ei bok om reisa si og skriv songar. Av Bilbo får han sverdet brodd og ei brynje av mithril. Gandalv og Elrond har samla saman eit råd. På rådet fortel Bilbo og Frodo om det dei har opplevd. Brorskapet blir oppretta, Gandalv, Aragorn, Legolas, Gimli, Boromir, Munti, Pippin, Sam og Frodo. Etter to månadar reiser dei ut frå Kløvendal. Først prøver dei seg på Charadras, men fjellet nektar dei å komme over så dei må gå igjennom Moria. I Moria møter dei på orker og medan dei rømmer i frå orkene møter dei på ein Balrog, eit frykteleg vesen av eld som Melkor/Morgoth skapte i si tid. I ein kamp mellom Gandalv og Balrogen greier Gandalv å "dytte" den ned eit stup, men Balrogen tek Gandalv med seg i fallet. Til tross for at gandalv fall i avgrunnen må følget skunde seg vidare. Dei kjem til Lothlórien der Galadriel og Celeborn bur. Deu blir verande der for ei tid. Så padlar dei nedover elva Anduin.
|
![]() |
|||
![]() |
|||||