Lingvongs venner
Dette er ei ideell forening som opprinneleg hadde som
målsetjing å redda og setja i stand våningshuset på fjellgarden Lingvong (Linnvong,
Lindvang er andre former). Tunet og innmarka til denne unike garden ligg på
ei "hylle" 460 m over Hylsfjorden inst i Ryfylke. Etterkvart som arbeidet
har skride fram har "føremålsparagrafen" stadig blitt utvida; nå inngår alle
gardens hus og bygningar i vår skjøtsel, og sjølvsagt kulturlandskapet med
innmark, vegar og stiar, bakkemurar m.m. Også innsamling av stoff og bilde
frå livet på garden opp gjennom tidene har blitt viktig for oss.Foreninga vart stifta formelt i januar 1998, men
ideen kom etter at nokre av oss vart kjent med det arbeidet som "Storfjordens
Venner" har utført og utfører på ei rekkje "hyllegardar" i Storfjorden,
Geiranger. Då Bjarte lufta ideen med Oddvar på ein samankomst
på Ryfylke Turisthotell (i regi av Suldalsposten) var spira sådd. Kontakt og
avtale med eigaren Karl Lalid vart inngått, og søknad om kulturmidler
vart send Fylkesmannen våren 1997. I desember same år fekk me innvilga
søknaden, og det var berre å setja i gong!
 |
|
Vedasvåla i enden av huset vart gjenreist 2001/02. |
I løpet av
8 år er det nedlagt ca.
3.000 dugnadstimar. Då er alle hus; våning, løa, brønnhus og naust istandsett,
svåla og eldhuset er gjenreist, og det er bygd ny kai. All innmark er rydda, ca. 40 da,
og kvart år beitar 10-12 stk. skotsk høglandsfe frå Sandnes innmarka, og
held vegetasjonen under kontroll. Alle stiar frå sjø til
hei er rydda og merka, og mykje
meir.
Forutan frå Fylkesmannen i Rogaland (både
Miljøvern- og Landbruksavdelinga) har me fått økonomisk støtte frå Suldal
kommune og Aksjonen "Ta eit Tak". Me er blitt sponsa med gratis
materialtransport med helikopter av Statkraft og Elkem
Saudefaldene. Alle fortener stor takk!
 |
|
Gjenreising av eldhusmuren. |
Til saman har ca.45 personar vore med på
22
dugnadshelger. Aktiviteten nå er 1 - 2 dugnadshelger i året, samt
arrangerte turar og visningar (Sjå under aktuell
aktivitet).
Selland
Nabogarden Selland ligg på
andre sida av elva ca.400 m.o.h. Her er det ingen (ståande) hus att. I 2003 tok
Lingvongs Venner på seg å finna den gamle vegen frå sjøen opp til garden og
rydda den. Dette er utført, og i tillegg har me rydda stien frå garden ut
til Skakabekken, retning Tengesdal.
|