Lingvongs venner   

Framside
Lingvongs venner
Lingvong
Knut Lingvong
Lenker
Kontaktinformasjon

Fotoalbum:
Foto 2008
Foto 2007
Foto 2006
Foto 2005
Foto 1998-2004
Natur og landskap I
Natur og landskap I

Historiske bilder

 

 
 
 
Lingvong

Ingen gard i Sandsokni ligg so ulagleg til som Lindvang. Langt frå fjorden og so endalaust bratt upp. I mange hundrad år hev folk som budde her oppe bore på ryggen sin alt det dei trong um å kjøpa, salt, korn, fisk o.a. Og vegen hev berre vore ein trong gangstig, som ingen øyk kunde ferdast på. Endå til folk som no liver, med sterke nerver, hev lote snutt på vegen når dei skulde upp, so uført er der. Det er difor ikkje å undrast på, at skyldi er liti, endå garden hev stor vidd med gode beite. I seinare år er der med stort strev kome ein slarven veg, um ikkje endå heilt fram til gards.
 

Det er Åmund Salveson som skildrar garden slik, i si Bygdasoge frå 1927. På vegen opp til garden går me først i fleire slyng like ut til den kjende Lingvongfossen. Me går nå på den beste parsellen av vegen, den som vart bygd med offentlege midler og tilsyn, og var ferdig i 1930. Like etter passerar me den vesle frukthagen som Ola Lalid planta; han kjøpte garden på auksjonen etter Knut Lindvang i 1939. Noko innanfor kjem me til eit plass, eller folgestykkje. Det kallast Storskår, men mange seier Nera Skårå. Her står endå tømmerveggene av stova, men taket er samanrast nå. Dei små jordlappane er i dag tilgrodde med bjørkeskog. Her budde besteforeldra til Knut på sine eldre dagar, og brørne Bøen som bygde vegen budde her under anleggstida.

På vegen vidare må me opp ei bratt kleiv der vegen er sprengd inn i steile fjellet. Staden kallast for Stien fordi det her skal ha vore ein stie (stige) å gå i før den "nye" vegen vart bygd i Knut si tid. Denne parsellen var "dyrare enn vadmål" fortalde Knut til ein dreng første gongen han var med opp. Ovanfor Stien kjem me til Kalhagen, ein frodig grasdal med svære kydlestuvar.

Neste stoppestad, endå høgare og lenger inne i lia er Skårå. Her er berre husmurane att, og jordlappane er berre joter mellom bergupser og dyrkingsrøysar. Men Skårå var eige bruk, og Knut kjøpte det og la det til Lingvong då siste mannen her, farbroren Torbjørn Skårå, døydde i 1894. Her hadde då vore samanhangande busetnad sidan tidleg 1600-tal, medan Lingvong-tunet låg øyde heile 1700-talet. Huset og løa som var bygd saman, datt ned etter krigen. Elles er her murar etter eldhus og 2 hus til.

Vegen vender utover att på Skårå, men det stig endå mykje før skogen opnar seg og terrenget vert "linnare". Me er komne til Lingvong. Då har me gått i 1 til 1 ½ time frå sjøen, avhengig av børa. Gamlevegen er eit kvarter raskare. Alle som kjem opp går til med at bøen er så vid, og kor roleg landskapet breier seg rundt husa. Heile flaten er 35 mål korav det meste har vore bø og åker. Men deler av marka er våt og myrlendt; Knut streva mykje med å grøfta desse partia ut. Dei lo av han ute i fjorden då han fortalde at det var så flatt at han visste ikkje kor han skulle leggja utløpet.
 

Husa på garden
Husa ligg øverst på bøen, lunt inntil ein høg og bratt fjellvegg; løa, våning og eit lite hus over brønnen. Dei er dei same i dag som på Knut si tid. Våningshuset, med ei grunnflate på ca.65 m2, skal vera bygd på 1880-talet. Lars Fatland minntest at det var dugnad der bygdafolk var med og bar opp 8 alens tømra. Då bordkledninga vart skifta i 1998 fann me årstalet 1889 på tømra. Det er nytta ulike slag tømra i huset; me må rekna som sikkert at tømra frå det gamle huset vart nytta opp att på ein stad som dette.

Heile huset er tømra, med eit unntak: I det gamle kjøkkenet, med grua, er det bordveggjer. Eit rom som ein oppheldt seg så mykje i, kvifor vart det bygd så trekkfullt? I nordenden av huset stod det i Knut si tid ei påbygd stor svål, nytta til vedaskut, med kjellar under halve. Det var dør direkte frå kjøkken til denne svåla, så dei slapp å gå ut når dei skulle henta ved.

Det vart altså bygd nytt hus då Knut var ungdom. Mykje tyder på at det erstatta eit gamalt hus som var bygd saman med løa, litt høgare oppe i bakkjen. Murane i forlenginga av løa slik ho står i dag tolkar me som grunnmuren til det gamle våningshuset. Slik var det bygd på Skårå, og på mange andre marginale fjellgardar. Dermed sparde ein materialane til ein vegg.

Ernst Berge Drange skriv at Sjur Anderssen bygde nye hus då han tok oppatt Lingvong i 1798 (Sand – Gardar og folk 1). Ein reknar at løa er mykje den same som Sjur sette opp, men den kan og må ha blitt om- og påbygd fleire gonger. Både i Knut og Lalid-familien si tid var løa noko lenger enn ho er i dag, Øystein Lalid korta ho noko ned då han sto for den siste ombygginga. Alle husa hadde sjølvsagt opprinneleg torvtak. Då Knut hadde fått ferdig kløvjevegen til sjøen bar han tidleg på 30-talet opp bølgeblekkplater og la på huset. Desse vart lagde rett på nevra og spikra i troborda. På bilde tekne under krigen ser det ut til at løa har fått plater på delar av taket. Øystein la ned eit heilt arbeid på løa i si tid på Lingvong, med nye sperrer, bjødnar og takplater.
 

Det er ikkje og har ikkje i den tida husa har blitt bygde vore tømmerskog på Lingvong. Så godt som alt bygningstømmer og materialar i hus og løa må vera bore opp frå sjøen, berre nokre få sperrer, staver og opplendingar er i bjørk. Dette må ha vore eit ufatteleg slet. Ein skal komma på at då hadde dei heller ikkje den nye vegen, det måtte slitast rett opp brattaste lia langs gamlevegen. Eller er det andre muligheter? Då det vart bygd nytt stølshus på Grimsstøl, stølen til Lingvong, vart tømmeret hoggje i Fedledalen, i lia utanfor nabogarden Selland. Der er det furuskog like opp i høgda. Så blei det kjørt inn til stølen med hest på vinteren, eit relativt greit terreng. Me veit om at det skal ha blitt kjørt husatømmer til Røldal frå Dalavatn i Hedlandsbygd på denne måten. Og då skulle det heller ikkje vera umogeleg med ein slik transport frå for eksempel Fedledalen til Lingvong?

Men dette er berre gissingar. Knut sjølv fortalde jordskiftedommar Hunseid at alle materialane var borne opp, og me har vitnemålet frå Lars Fatland om det same. Tor Valskår fortalde at Knut fekk skoren bordkledning til løa på Valskårsaga lenger ute i fjorden, dei skulle vera 5 m lange, verken meir eller mindre. Og han bar dei sjølvsagt opp. Og på Selland, med ein minst like vond sjoarveg, veit me at heile hus har blitt borne både opp og ned!

Eldhuset er det berre murane att av, det var Ola Lalid som sette opp det. Før den tid har nok kjellaren i huset vore nytta som eldhus, for her er ei stor grue. Pipa her er murt av naturstein med leire til binding, og er eit heilt byggverk i seg sjølv.

Naustet ved sjøen skal vera bygd av Ola Hoftun frå Suldal på 1920-talet. Tomta er dels utsprengd, frå naturens side var ikkje Lingvongsjøen godt eigna for naustplass. Naustet har eit lite tømra tilbygg, "mjølhuset", med eigen inngong. Her er det seng for overnatting, i fall ein kom seint heim eller skulle tidleg på reis. Roturen til Sand tok 4 timar ein veg, i tillegg kom turen opp og ned til sjøen.

 

Sist oppdatert: 05.07.2008
Webansvarleg: Bjarte Skipevåg og Jarle Lunde