Lingvongs venner   

Framside
Lingvongs venner
Lingvong
Knut Lingvong
Lenker
Kontaktinformasjon

Fotoalbum:
Foto 2008
Foto 2007
Foto 2006
Foto 2005
Foto 1998-2004
Natur og landskap I
Natur og landskap I

Historiske bilder

 

 
 
 

Knut Lindvang
- mannen og garden

Av Bjarte Skipevåg

I bladet "Ryfylke" er det ein notis den 27 mars 1928:

Isen i Hylsfjorden
minkar det sterkt på no etter at "søtausten" tok til å blåsa sist laurdag. Frå tysdag har det vore isfritt til Tengesdal.

Når det vert isfritt lenger inn i fjorden skal lensmann Kolbenstvedt og dyrlækjar Anfinsen ein tur inn til Knut Lindvang og sjå etter kor han greier seg einsam med krøtterstella, og um han har for nok til å fø fram med på rimeleg vis.

I haust plagdest fleire av sauene hans av ein leid svulstsjukdom, so dyrlækjaren skal vel samstundes finna ut um det er ei smitsam sykja, so sauene i tilfelle ikkje slepp saman med annan heiesmale til våren.
 

Ein månad seinare skriv bladet igjen om Knut:

Knut Lindvang, Sand
som no er i 64-års alderen, var i vinter einsam på garden sin, avstengd frå folk av fjell og islagd fjord. Og so var han i vande med det at han ikkje hadde for nok til å fø buskapen fram med.

Me skreiv um at dette var uforsvarleg både av omsyn til Knut (um han skulde verta sjuk og hjelpelaus) og av umsyn til buskapen. Ei tid etter fekk han lesa dette. Fyrst vart han då sint og tenkte seg til sakføraren sin, Hugo Parr. Men so tok han seg på tak og fekk seg ein dreng frå Borddalen i Suldal. Og so tinga han seg høy frå Sand. So det me skreiv hadde god verknad.

Seinare har dyrlækjar og lensmann vore på visitt og funne at det heldigvis ikkje stod so verst til. Knut er ikkje den som svelteforar dyra so sant han berre har for å ta av. Og no hadde han kjøpt seg fleire hundre famnar lina og vilde ta kjøpefore upp den bratte lia frå sjøen med vasshjulkraft på løypestreng. Det er som ein ser ikkje ringt med energi i gubben. Ei ku og eit par ungnaut vilde han ogso avhenda.

Men sjølvsagt må det krevjast at han til vinteren har folk hjå seg. Det er sagt at ein kan sjå det frå Lid um det brenn ljos og um det ryk. Men sjølvsagt kann der både ryka og brenna ljos um mannen ikkje har helsa til å stia i fjose. Og um der ein god dag ikkje er livsteikn å sjå – og der då ligg meinsis i fjorden, so er det ikkje ei handvending gjort å fara over til Suldal, upp vatne til Våge og heida inn til Lindvang. I vondt ver er det ei ferd på ei vekes tid. Det går difor ikkje an å la ein eldre mann bu einsam på ein so einbølt gard, same um han heiter Knut Lindvang eller kven det er.

Då dette vart skrive hadde Knut vore åleine på garden Lingvong sidan kona Serina reiste frå han i 1923. Åleine var han nok likevel berre i periodar, som regel hadde han dreng der oppe. Desse notisane kan tyda på at denne vinteren var den første han tilbringde heilt åleine på den veglause garden, 460 m.o.h., med ein på vinteren nær uframkomeleg sti til sjøen som einaste kontakt med omverda.

Kven var denne etter kvart legendariske Knut Lindvang, og korleis var livet på ein gard som ligg så urimeleg einbølt og avbakleg til? Det vil me prøva å finna litt ut av her. Men kjeldene er ikkje så mange, og dei som hugsar Knut er etterkvart få i talet.


3 vekers skulegonga
Knut budde på Lingvong all sin dag, frå han var fødd i 1865 til han døydde i 1939. Foreldra var Nils Knutsen Lingvong og Lisbet Johannesdtr. Kvestad. Faren si slekt hadde vore på garden sidan 1786, og slektsrøtene til Knut går m.a. til husmannsplass i Røldal og Førland i Suldal. Knut skreiv seg alltid Lindvang, den fordanska forma som embetsmennene gjerne nytta; han nytta den forma både som slektsnamn og gardsnamn. I den gamle bygdaboka frå 1927 omtalar Salveson han merkeleg nok som Knut Nilsen Skårå. Rett nok var faren fødd på Skårå, men ovanfor Knut må dette ha vore ei rein fornærming. Seiemåten for gardsnamnet er Ling- eller Linnvong.

I folketeljinga 1875 var det forutan mora og Knut dei yngre søskena Johan 7 år og Gurina 3 år som var på garden, og i tillegg tenestejenta Valborg Johannesdtr. I teljinga vart det tatt opp alle som hadde nattopphald i huset den 31.12. Faren Nils var fråverande; han var på Sand eit erend. Me må tru det ikkje var så ofte det let seg gjera for Lingvongfolket å komma seg til Sand på nyttårsafta! Gurine døydde alt 17 år gammal som "pige" heime, medan Johan stifta familie på Amdalsrød i Sauda. Meir om han sidan.

Noko særleg med skulegong kan desse borna ikkje ha fått. Knut les bøker og vart svær til å skriva brev i vaksen alder, og les dei gjerne høgt for andre før han sende dei. Då skrøytte han over at han berre hadde 3 vekers skulegonga. Det må ha vore på omgangsskule enten i Hylen eller Tengesdal, dette. – Va det`kje umåtele godt skreve, spurde han då han hadde lese det opp. Breva går på stivt riksmål, i eit vidløftig språk, dei er utan komma eller punktum. Men dei gir likevel ei forståeleg meining.

Knut og Johan var heime på garden i ungdommen, så vidt me veit. Det heiter at dei fann på å kjøra høy frå Grimsstølen over vatnet og nedover på Sellandssida av det ville og djupe Lingvongsjuvet. Der hadde dei strekt streng over, og så løypte dei høyet over på den. Til heiagard å vera har nemleg Lingvong ein lang og tung stølsveg. Frå dei vide grasslettene på Grimsstøl og heim er det mange tunge og lange moter som må ha gjort høytransporten til eit felt slet. Det må difor ha vore mykje lettare å kjøra det heim på Sellandsida. Og til slutt slapp dei seg sjølv over på strengen, seiest det.


Knut overtar garden
29 år gammal i 1894 overtok Knut garden. Endå var han ungkar, medan broren Johan hadde både gifta seg og reist til Amerika. Søstera Gurine var heime, men døydde året etter.

I samband med overtakinga vart det skrive ein omfattande folgekontrakt med foreldra, der ein får eit lite innsyn i levemåten på Lingvong på denne tida. Foreldra skulle ha: Foster om vinteren og "græsgang", beite, for ei ku, i tillegg beite for ei ku til og for 10 sauer. Sauene og kyrne skal gjetast og ettersjåast like vel som Knuts eigne dyr. Når kyrne er på stølen skal drotten stellast forsvarleg, og bringast til "folgetagerens hus", altså heim. Vidare skal Knut årleg svara foreldra 100 kg grynmjøl, 100 kg rugmjøl og 782 kg havremjøl, alt av beste slags varer. Ved skal dei ha det dei treng, "hjembragt og ophugget i dennes Hus".

Som husrom skal dei ha fri bruk av stova i husets nordre ende, som skal istandsetjast "til Beboelse". Huset var nå så godt som nytt, må me komma på, med to romslege stover. Fire gonger årleg skal dei ha fri skyss til Sand, "om Folgetageren måtte forlange det". Dei skal og bruka fritt eit bøstykkje av innmarka, av dyrka og udyrka jord, tilstrekkeleg til foster av 1 ku og 6 sauer. Dette stykket skulle uttakast og oppsteinast av Lars E. Vannvik og Nils O. Bjerga. Slått i heia til 4 sauer høyrer og med. Dersom folgetakaren grunna sjukdom eller alderdom ikkje lenger kan nytta jordstykket, går det tilbake til folgeytaren, mot at denne då før ytterlegare 1 ku og 6 sauer. Knut skal då og driva, gjødsla og tilså ½ mål åker, og innhausta den "i Folgetagerens hus". "Fri Agt og Tilsyn i Alderdoms eller sygdomstilfælde", så lenge sjukdommen er av slik art at "et Fruentimmer" kan stå for det.

Skulle det visa seg at folgetakaren ikkje er nøgd med vinterfôringa eller stellet av folgekyrne, har folgetakaren fridom til å ombyta dette med 2 liter av kvar ku frå 1.oktober til 1.juli, resten av året 3 liter nysila mjølk dagleg, brakt til husar. Føderådet vart taksert til 100 kr årleg, og Knut overtok garden for 400 kr. Skulle Knut oppta lån med pant i garden, skulle dette vika prioritet med 1000 kr.

Mora Lisbet nytta seg forresten ikkje så lenge av folga på Lingvong. Som svigerdottera skulle komma til å gjera flytta ho nemleg frå garden, og budde på eit plass i Tengesdal (Drange). Nærare omstende rundt dette kjenner me ikkje. Faren Nils budde derimot på Lingvong til han døydde i 190..


Skårå og Lingvong blir ein gard att
I 1896 døyr farbror Torbjørn på Skårå. Det har vore litt opp og ned med han. Ei tid var han til og med på sinnssjukeasyl i Bergen; det går ei slåsa om at han hadde tatt livet av katten. Så vart kona uroleg for at han kunne koma til å gjera det same med ungane. "Diamantar og edelsteinar, di blenkje som stutaauer i fjedle!" sa han. Så der var det verdiar!

Det var paktarar i Skårå dei åra Torbjørn var borte. Arvingane vert samde om at Sveinung Ørekvam skal ha garden for 1100 kr, han er gift med dotter til Torbjørn, Lisbet. Men Sveinung og Lisbet har inga interessa av å sitja med Skårå, dei har tungdriven fjellgard sjølv opp av Ulladalen, så han skøyter til Knut for 1600 kr. Dermed sit Knut med heile garden samla etter at den har vore delt i fleire hundre år. Me må tru det var ein stolt bonde som kunne gå vegen heim og tenkja at nå er alt mitt! Men endå mangla noko vesentleg: Kona på garden!
 

Serina
I november 1898 gifter Knut seg med Berta Serine frå Hamborgneset ute i Sandsfjorden. Brylluppet står i Daniel Sand sitt hus, på Sandsgarden. Knut hadde skyldfolk på Sandsgarden, han var søskenbarn med Inger, kona til Daniel. Daniel er også ført som forlovar, saman med Johannes Tjelmeland. I kyrkjeboka står m.a.: "Hvor sist gaaet til alters: Knut: Suldal, Serina: Sand."

Serina er 7 år yngre enn Knut, og har helst livnært seg som tenestejente. I 1894 finn me for eksempel at ho tenar på Lovernes. Det heiter seg at ho skal ha kome som tenestejenta til Lingvong då broren Olav var dreng der, eit år før dei gifta seg. Mykje truleg kom ho og overtok husstellet då mor til Knut hadde flytta derifrå. I folketeljinga 1900 er bror til Serina Lars Severin førd som tenestegut hjå dei, 15 år gammal.

"Serina var eit svert flinkt menneske" fortalde Sissela Tveitane, f.Tengesdal. "Ho nytta alt, ysta og kinna, så Knut alltid hadde noko å selja når han var på Sand. Dei fekk ikkje ungar, stakkar, men Serina hadde badnakler og små skor, så alt va klart". I ein annan samanheng skal Sissela ha sagt at Serina var med barn fleire gonger, men ho "for idla" kvar gong, d.v.s. mista borna før dei var fullborne.
 

Far Nils døyr
I 1904 døyr far til Knut, 79 år gammal. Til gravferda hadde Knut hyrt Lars Bjerga og Longe-Hagen til å søngja, dei var ein del nytta til det. Då dei var komne til gards kom Knut med ei flaska brennevin som dei fekk dela, så dei skulle søngja betre. Og komne nedi liane så sat dei på kistå og song så det ljoma!

Så er det berre Knut og Serina att, for borna uteblir. Men dei hadde nok jamt både dreng og tenestejenta. Ruth Haugland fortel: "Mor mi Eldri (fødd på nabogarden Selland) tente på Lingvong som ganske unge jenta. Ho va fødde i 94. Eg trur ho va der 1 år, frå april så di pleidde då. Jog, hu snakka møkje om det. Om sommaren va hu budeia på Grimstøl; det rigna heile sommaren. Di va nåke spesielle, beggje to: Knut va nå på sin måte, men han va snille. Han va møkje på farten. Det va to frå Hamrabø der og, Odde Holane va den eine, eg trur di skoga. Det hu likte minst va at hu måtte liggja på lemmen i lag med dei karane, det tåtte hu va felt!".

Dette må ha vore i 1907.
 

Fossen vert seld
I 1907 skriv Knut, med Serina som vitne, kjøpekontrakt med ing. Hj. Johansen, Aker, på "min eiendepart af Lindvangfossen med uhindret ret til at foretage reguleringer og oppdæmninger efter eget ønske". Prisen er 4.500 kr, korav halvparten betalst innan 3 mnd., resten ved utbygging eller seinast etter 10 år. I kontrakten er med " fornøden grund til rørledning, kraftstation og kraftledning samt fabrikktomter saalangt min eiendom ved søen rækker."

Det einaste Knut held att er ei nausttomt ved sjøen, og at skader på vegen vert utbetra av kjøparen. Her opptrer Knut som ein utruleg deffensiv seljar må me seia, og slik sett er han ikkje til å kjenna att når han 15 år seinare kjempar ein innbitt kamp med kommunen om vegtilskot!

Kjøpekontrakten vert ikkje tinglesen før i 1909, for i mellomtida må Knut først føra tingsvitne "for at godtgjøre sin eiendomsret til sag og kværn i Lindvangsfossen.". Dette får han av Nils O. Bjerga, som vitnar om at han var den siste eigar av vassrettane for bruk til sag og kvern, men at han etter kort tid selde retten tilbake til "Lindvangs gaardbruker Nils Knudsen".

Lingvongselva er skifte mot Selland, eigaren her sat følgeleg på halve vassretten. Det var Rennesøybønder som hadde kjøpt Selland i 1890-åra, og danna AS Sellands Aksjebeite. Dei har tydelegvis vore betre forhandlarar enn Knut. I deira nær identiske kjøpekontrakt, som vart tinglesen samstundes med Knut sin, er prisen 10.000 kr! Det må ha vore litt av eit slag for Knut då han fekk veta dette. At Lingvong, som hadde beste tomtegrunnen ved sjøen i tillegg til halve fossen, skulle få mindre enn halvparten må ha vore tungt å svelja. Og Kristian Hylen kunne fortelja at Knut trega felt og prøvde å gjera om salet. Han oppretta ein konto i Sandsbanken fortalde han, på Hj. Johansen sitt navn, og sette pengane inn på den!


Ein du la merkje til
Koss var denne Knut Lingvong? -Det va ein du måtte leggja merkje til! seier Olga Klungtveit, - eg ser han føre meg: Ein flotte mann, høg og stolte, raudlette. Mørke vide hatt på håve, skinnskreppa på ryggen, pratsomme, og lo hjerteleg. Eg tente i Våge då eg berre va 15-16 år. Og Knut va der ofta, eg blei snart kjende med han. Han kom inn Hylsdalen, og sko vidare med båten enten det var oppøve eller nerøve vatnet.

Vallentin Tveitane, dreng: "Ualminnele gjille! Praten, ja, det gjekk på eventyr og vitsar. Og han va god te å søngja, gamle viser, og når han slipte og eg drog så tonte han og song."

"Han las mykje. Han var mykje av ein filosof, ein tenkjar, som tolka "Peer Gynt" og "Brand" på sin eigen måte, der han sat einsleg i stova på Lindvang" skreiv Johan Veka. "Han va slik ein staselege mann, med bart og vid hatt", minnest Halldis Vanvik, "me såg han av og te på båten te Sand, du vett det va der me såg folk". Andre hugsar han som ein raulette, litt liten mann, lett i hamsen. Og svert praten, "men han var harde: Han sto på sitt, og det va denna veien som han ikkje ga levande fred for!" "Ja, det va ein heile skuggje!" seier Nils Havrevoll. Han snakka så høgtsvevande, om vidløftige planar, at det var ikkje til å høyra på, seier ein annan.

"Knut Lindvang er en interessert mann når det gjelder jordbruksspørsmål, hvilket man straks får inntrykk av når man kommer inn i hans stue. Han gjemmer på avisutklipp fra årtier tilbake, uansett politisk farge, når det bare er noe som har til hensikt å gavne bondenæringen og holde bondestanden oppe i vårt land. Han synes det er så vondt at gårder legges øde og hans største drøm og ønske er at der må komme til å bo folk på nabogården Selland igjen." Slik skriv jordskiftedommar R. Hundseid etter at han hadde blitt invitert opp av Knut i 1930.

Om han kunne vera sta og stå på sitt, så kunne han og vera godtruen. Ein gong hadde han vore på Marken og selt ein hest, fortel Olav Nesheim. Men han hadde ikkje fått pengane, var lovte dei seinare. Men det gjekk eit år, og til neste marken ga han Helmert Hylen i oppdrag å kreva inn pengane. Han fekk med seg ei skriven skildring av mannen: "En mann av middels høyde, noget eller intet skjegg". Han var lett å finna!

Knut var mykje ute på reis; han hadde stadig erend til Vanvik, til Sand og Sauda og til Stavanger. Siste sommaren han levde var han like til Oslo, i Landbruksdepartementet. Der greidde han ut om synet sitt på bureising og anna, fortalde han Hallvard M. Hoftun, men han hadde ikkje truffe dei rette. Eller han for i fjellet, der kunne han godt leggja seg til under open himmel. Men han la ei "berrgfloga", ei tynn torv flekt av berget, over brystet, det livde så godt tykte han. Ein gong han var innover heiane på ettersamling, var han nedom Litlehammar og fekk seg mat. Det var så seint på hausten at det knaste når ein gjekk på myrane, fortalde Erik, men Knut gjekk berrføtte, "og eg trur ikkje han hadde verken sko eller sokkar i skreppå!" Til Hamrabø gjekk han ein gong berre for å posta eit brev.

Når Knut var ute på reis så ville dei ha det til at han gøymde pengane sine i ei steinrøys sørom huset, han var sikkert redd for at det skulle brenna. Dette må ha vore nokolunde kjent. Men folk hadde mistanke om at det var ein bestemt som var og forsynte seg i røysa, og dette skulle forklara koss vedkommande og broren kunne ha penger til Amerika-reis. Kjenner me Knut rett hadde det nok blitt oppstandelse om han var blitt fråstolen pengar!


Bror Johan på Amdalsrød
I 1902 var bror Johan heimkomen frå Amerika. Han kjøpte då den vesle garden Amdalsrød (Tjødnarød) i Saudasjøen. Han var blitt gift med Mette Olsdtr. Herheim, og frå Amerika kom dei med borna Noa f.95, Amanda f.97 og Melva Jeunneve f.01. Seinare fekk dei Jenny, Lilly Gurine, Selma og Alma som dødde liten. Det var Johan som skulle føra Lingvongslekta vidare, og borna hans har mange etterkomarar i Sauda, Erfjord, Jørpeland, Stavanger, Tyskland og elles. Men Lindvang som familienavn gjekk ut då einaste sonen Noa valde å skriva seg Amdalsrød.

Johan livnerte seg med vegarbeid utanom garden, men det var helst fattigsleg og ringt for dei, seier barnabarnet Emma Sæland, som bur åleine på garden nå. Begge døydde tidleg av tuberkolose, Mette i 1917 og Johan eit par år seinare. Amanda dreiv garden vidare, saman med mannen Andreas Sæland.
 

Serina reiser
I mai 1923 har Serina fått nok: Ho reiser frå Knut og frå Lingvong for aldri å koma att. Kva skjedde? Me kjenner ikkje så mykje til det, men folk vil ha det til at det var einsemda, og Knut sin levemåte, med stor utferdstrong, som vart uuthaldeleg for henne. Utan varsel kunne han nemleg reisa bort, enten det var til fjells, til Sand eller endå lenger. Ho som var att heime visste ikkje kor han var, og slett ikkje når han kom att. Der sat ho då i uvissa, med ansvaret for gard og dyr. – Nei, det var`kje spøk for na Serina, seier dei. "Ho kunne ikkje halda ut å vera på Lingvong, for han kunne vera vekke i vekevis utan at ho visste kor han va eller kva tid han kom att. Til slutt byrja det å gå rundt for henne."

Me kan berre tenkja oss til alle dei tankar ho må ha slite med før ho kunne ta denne store avgjerda. Kva kunne ho få med seg? Kor skulle ho hen? Kva skulle ho leva av? Og kva ville folk sei?

Iflg. Kristian Hylen gjekk ho over heia og ned til Hylen ein gong Knut var borte. Så fekk ho transport derifrå til Sand. Men det spørs om dette stemmer. Ingen av søstrene til Kristian, som endå lever, har høyrt om dette. Sverre Vanvik fortel: Knut kom roande med henne til Vanvik. "Fangen er fri" sa ho der ho sat i båten. Gud hadde gitt na fred, sa ho. Ho hadde med seg eit stort album med bilete, og ei tina meina eg. Knut måtte vist betala henne 4000 kr, han klaga ofta øve av at det va alt for møkje. Også Olav Nesheim seier at han hugsar at Knut rodde henne til Vanvik.

Me kan tenkja oss til at dette hadde ho nok trua han med å gjera i mange år. For å setja ein støkk i han skal ho ha gøymd seg for han når han kom att frå ei slik reis, eller låg og spelte død i sengja. Men ingenting hadde hjelpt. Sjølv skal han ha vore fullt ut klar over kor vondt han gjorde henne: I Tengesdal skal han ha grete og klaga seg så fæl han var med henne. Men gjera noko med det kunne han nok ikkje. Djupt i seg har nok Knut hatt ein fridomstrong som var sterkare enn alt, og som kanskje berre ein fjellets mann heilt ut kan forstå.

Den første tida var Serina først heime i Hamborneset, hjå halvbror sin der. Men det varde ikkje lenge før ho flytta til Sand, og fekk seg eit lite husvære der (leigebuar oppe hjå Gjøa Hustveit). Ho skal ha vore så nede på nervene då ho kom frå Lingvong, fortalde svigerinna, at "det va me nauå hu kom seg øve dørstokkjen". Så levde ho av å påta seg husarbeid, og på Sand hadde ho nok mykje kjensfolk som tok vel vare på henne. "Serina var eit roleg og fint meneskje, hu var rundt her og bakte for folk", fortel Erling Hiim. Av ei ho kjende frå Tengesdalen blei ho spurd om ho ikkje ville tilbake igjen: - Nei, eg har slava nok på Lingvong, svara ho.

Og sympatien var nok på hennar side på Sand, me kan ana det ut av eit brev Knut skriv til kommunen i 1924: "Jeg skal ogsaa reffere fra 2 Representanter i Herredstyret de herrer …. som dei nu med fulde ret maa kaldes Lindvangs Kjerringe partiet som disse mænd har skrevet til Sorenskriveren og Fylkesmanden med Kretik paa at Lindvang gaard paa en Maade kan ikke beboes eller bruges som Aarsak er en uforsvarlig Vei med ingen Adkomst fra eller til gaarden til Søen". Men Knut forsvarar seg: "Dette er ikke min skyld men en haard handlemaade av Sands herredstyre som min utrættelig Veiansøgninger har verseret omkring 30 Aar Jeg har overhodet jort alt hvad jøres kan baade for min Kjere hustru og for at Lindvang Eiendom kan blive en levedyktig Folkeheim min hustru har ingen fyldestjørende grund til anklage paa mig.". Han skriv og at "min Hustru har veret tilbut at vi kunne kjøbe os en liden gaard et andet sted og bortforpagte Lindvang". Og det er tydeleg at det har gått hardt innpå han: " Jeg har av disse 2 haarde sager faaet et alvorligt hjertesvær" Og til slutt: " Og kanske jeg selv skriver sin egen gravskrift saalydende elsker din fiende som dig selv Disse 2 sager som ovenfornævnt har knuset min Livsintrese og ønsker sig døden inden kort tid

Lindvang 2 August 1924"

Så langt nede var han. Og me kan prøva å tenkja oss korleis det var å sitja einsam og forlatt oppe i stova si, og tenkja på at han ingen støtte fekk nokon stad. Ja til og med blei han bak sin rygg motarbeidd av heradsstyremedlemmer.


Ekteskapsaka
Hausten 1925 stemner Knut "sin umyndiggjorte hustrue Serine ved verge bager Peder Endresen" for retten. Korleis og kvifor Serina er blitt umyndiggjort kjenner me ikkje til.

Søksmålet er frå Knuts side grunngjeve med at Serina for vel 2 år sidan (mai 1923) forlét heimen og sidan ikkje har vilja venda tilbake, utan at det kan tenkjast at ho har nokon gyldig grunn. Han legg ned påstand om at ekteskapet vert oppløyst. Vidare at ved delinga av fellesbuet tar kvar ut "hvad vedkommende ved ekteskapets indgåelse har indbragt i fellesboet".

Serina hevdar at då ho forlet heimen var det med mannens samtykke, og fordi ho var så sjuk at ho heldt på å verta galen. Vidare seier ho at ho ikkje seinare er blitt så bra at ho forsvarleg kunne venda tilbake til heimen på Lindvang. Og i retten erklærer ho at ho ikkje vil tilbake, då det ville enda med "forfærdelse".

Dom i ekteskapssaka vert avsagt hausten 1927. Det har frå begge partars side funne stad "adskillig vidneførsel", utan at denne er å finna i arkivet, diverre. Retten er av det syn at så lenge ho har "fyldestgjørende grund" til ikkje å venda tilbake, "løper ikke den i ekteskapslovens § 45 omhandlende frist", sjølv om ho er bestemt på aldri å venda tilbake. Stevning i saka er tatt ut 19.august 1925 og spørsmålet blir så kor lenge etter si bortreis frå Lingvong Serina må antakast å ha hatt lovleg grunn til ikkje å venda tilbake. Dette spørsmålet finn retten den bør avgjera etter distriktlege Smith sine avgitte erklæringar. Knut har protestert mot at det vert lagt vekt på desse fråsegnene, fordi distriktslegen av andre skulle vera "bibragt en urigtig opfatning av Knut". Det er mulig at så er tilfelle, seier retten, men det kan ikkje frårøva legens erklæringar om Serina sin tilstand deira bevisverdi, fordi desse er bygd på legens eigne erfaringar. Etter distriktslegens erklæringar ville det til og med så seint som 21.februar 1925 vera uforsvarleg av Serina å venda tilbake til Lingvong. Den innstevna må difor vera å frifinna. Dette kjennast for rett ved ny verge Sven S. Hatløen.

Ein månad etter dommen opplyser adv. Hidle i eit brev som ligg ved saka at det er nå truffe ein overeinskomst vedkommande deling av fellesbuet m.v. og ein er blitt samde om å søkja skilsmisse. Serina fekk utbetalt "som boslodd" kr 4000,- skriv han vidare, og av dette har ho også dekka det beløpet som ho i si tid hadde fått som understøttelse av Sands Fattigvesen, slik at den begjeringa som ein i si tid framsette om adgang til utpanting for beløpet hjå Knut Lindvang nå kallast tilbake.

Denne utpantinga har Knut kommentert i eit brev i 1924: " Jeg vil ennu paa foranledning av Sands komune haarde behanling at komme her og tage utpantning i dei Kreaturer jeg besitter og komme her nu senere og holde Tvangsausjon og drage dei utføre fjeldene og slaa sig i hjel, denne uforsvarlige Vei til denne gaard til Sjøen." Dei kunne berre komma og prøva om dei fekk med seg noko ned!

Knut må leggja 4000 kr på bordet, og i tillegg sikkert ein god slump til sin faste advokt, Hugo Parr. Det var mykje pengar. "Som han sa han Knut Lingvong daa han fekk nistemat av sakførar Parr: Naa har eg føtt deg saa lenje at du nauvar ikkje um du rive i ein sokkerkavring te jenjell for dei fire tusen kronene du fekk te fordufta i tomsekkjen aa kvinnfolkrangelen. Tvi vøre!" Ja, slik er han gjenngitt i bladet Ryfylke!


Vegsaka
Sjølve hjertesaka til Knut var å få brukbar veg opp frå sjøen. Den gamle vegen rett opp lia var så bratt og ufør at den ikkje var gåande verken for hest eller storfe. Ja, nedre delen må dei ha gått i stige ned eit bratt berg, og det heiter seg at her måtte liket berast ved gravferder. På vinteren, med snø og is kunne det gå lange tider utan at dei kom seg ned.

Suldal kommune har i sitt arkiv ei tjukk mappe med korrespondanse som vart ført på 20-talet under Knut sin utrøttelege kamp for å få Sand kommune til å yta midlar til den vanskelege nedre delen av vegen. Det strekkjer seg frå 1922 og fram til vegen var ferdig i 1930, og det er først nå me verkeleg byrjar å læra Knut å kjenna.

Knut hadde opp gjennom åra hadde bygd vegen ovanfrå, via Skårå og Storskår, med eiga og med leigd hjelp. "På den øvre del av veien, 1950 m. lengde, er der utført adskillig arbeide med bygging av en tarvelig ridevei. Der antas medgått hertil 700-800 dagsverk med muring sprenging m.v. De nedre 450 m ligger derimot endu som en vanskelig og farlig sti i et meget bratt og kostbart fjellterreng og kan ikke passeres med storfe. Om vinteren er stien isbelagt og farlig å ferdes", står det å lesa i fylkestingets forhandlingar i 1928. Det var dei siste 500 metrane gjennom dei hengjebratte svaberga han ikkje vann på sjølv. Her var han avhengig av hjelp frå det offentlege.

Første brevet i mappa er til sakførar Benneche om samrøystes vedtak i formannskapet: "Av økonomiske grunde kan søknaden ikke imøtekommes". I 1923 er det ny advokat, J.M. Cappelen som fører pennen. Knut, som nå er ein aldrande mann, klarar ikkje lenger betala skatten sin, skriv han. Men han er villig til "at erlægge det samme beløp som skatterne utgjør i veibidraget der paafalder eieren. Skulde det ærede herredsstyre ikke vilde gaa med paa K.L.`s forslag, agter han at søke sig over i en anden kommune." Påført brevet er eit samrøystes vedtak: "Søknaden imøtekommes ikke."

I 1924 er det advokat Hugo Parr som har overtatt, og fører i pennen ein ny innstendig søknad. Den aktuelle vegparsellen er kostnadsrekna til 6000 kr, kommunens andel vil vera 1500 kr. Det må vera økonomisk sunn fornuft at kommunen løyver beløpet, skriv han. "K.L. er nemlig nu gaaet træt av at bo paa denne gaard, uten saa at si nogen adkomst, og De maa derfor regne med at miste ham som skatteyter, hvis ogsaa dette andragende blir avslaat. K.L. har aarlig blit skattelagt til kom. med 3-400 kr, saa hans skat i løpet av 4-5 aar er tilstrækkelig til at dække den bevilgning det her er tale om. Hvis nærv. andragende avslaaes, er det Lindvangs mening at søke om at hans eiendom overføres fra Sands til Suldals herred. Hvis ikke dette lykkes ham, blir det intet andet for ham end for saa mange andre beboere av fjeldgaarde, at nedlegge gaarden og søke andetsteds hen efter rimeligere levevilkaar."

Brevet er påført heradsstyrets vedtak: "Saken udsættes inntil Knut Lindvang betaler samtlige ubetalte men forfallne skatter til herredet." Parr skriv ein månad seinare i brev til kommunen at han har lese vedtaket som eit halvt løfte om løyving vis vilkåra vert etterkomne. "Hvis saa skjer vil det efter min mening være uanstændigt av herredet at negte bevilgningen, idet det ellers vil se ut som om det holder sine mindre heldig stillede skatteborgere for narr."

Seinare det året skriv Knut sjølv eit lengre brev til kommunen. Han kjem inn på utpantinga, kommunestyrerepresentantane som har skreve til sorenskrivar og Fylkesmann at Lingvong ikkje er nokon buplass for folk, og Serina. Men først og fremst er det vegsaka: "Jeg har snart i 30 Aar ansøgt SandsKomune om hjelp til oparbeidelse av forsvarlig Vei men har bare svaret saaledes av budgetmessig hensyn kunne ikke bevilges betænk hvilken uhyrede summer av Pengebeløp paa cirka 30 Aar flertallets Representanter har bevilget sig paa Komunens bekostning i al Menskelig betragtning og Samfuns Moralske ret men av vist med en ganske ligegyldighed Lindvangsfolk kan bare være som trælarar for Sandskomune og bare betale urimelige skattar". Det virkar som at han ikkje vil eller kan betala den skyldige skatten.

Det kjem nå eit års opphald i korrespondansen. Ekteskapsaka tok vel mykje av energien, den gjekk jo samstundes. Så det var ikkje rart at han hadde mange erend til Sand og Stavanger. Men i oktober 25 har Parr på ny søkt kommunen om midler til veg, og i november gjer heradsstyret vedtak om at det skal førast forhandlingar med søkjaren om han aksepterar kommunens vilkår for å imøtekomma søknaden hans. Saka tykkjest vera på glid! Men kommunen vil berre yta 12,5 %, i eit brev i desember skriv Knut at " det er for mig en umulighet at indgaa paa den begjærede kontrakt med et saa lidet bidrag fra kommunens side som 12 ½ %. Jeg fastholder fremdeles at jeg og kommunen fordeler ligt efter veifondet dei 55 %."

I mars har heradsstyret handsama " nærværende skrivelse" og med 8 mot 2 stemmer vedtatt: "Søknaden gir ikke anledning til noen forføining." Saka står i stampe. I september har Parr igjen søkt "om eftergivelse av skatter." Einstemmig vedtak: "Søknaden imøtekommes ikke".

Februar 1927: Heradsstyret handsamar på ny søknad om at kommunen og Knut deler dei 55 % som Fylket gjennom vegfondet ikkje dekkjer. "Knut Lindvang, som møtte personlig under sakens behandling i dag i herredsstyret, endret sit forslag om fordelingen av de 55 % mellom sig og kommunen derhen, at han går inn på at betale 30 % mot at kommunen yter 25 %." Det vert samrøystes vedtatt å utsetja saka, men han vert tilbydd 12,5 % tilskot og i tillegg "ytes det av kommunen insatte beløp i banken ca.500,-." Går søkjaren med på dette skal det forhandlast. Dette må Knut ha godtatt, for nokre dagar seinare skriv kommunen til overingeniøren for vegvesenet i Rogaland der ein viser til vedtaket ovanfor, vidare "tillater man sig herved å anmode hrr.overingeniøren at foranledige den prosjekterte vei utstukket med utregning av kostnadsoverslag."

Frå 1926 hadde Olaus Hiim overtatt som ordførar. Han skal ha hatt syn for saka til Knut og får æra for at kommunen i det heile gjekk inn i vegen. Det er nok han som har bedt Knut møta i heradsstyret i eigen person. Me skal komma på at det var mange gardar i heradet Sand som endå ikkje hadde veg; heile Vintraleå var veglaus, det same var Tengesdal-gardane, Vela og Ersdal. I så måte var Knut forut for si tid som meinte at det offentlege skulle gi støtta til gardsvegar.

Men endå er det skjer i sjøen. I kontrakten som vert sett opp må Knut og seinare eigarar "besørge veien vedlikeholdt uten vederlag herfor. Opfyldes ikke dette kan kommunen forlange vedlikeholdet utført av andre mot full erstatning herfor av gårdens eier." Kven andre enn eigaren skulle ha interesse av at vegen vart vedlikehalden, kan me spørja. Men dette er alvorleg: Kontrakten skal tinglesast med 1.prioritets pantehefte på Lingvong. Og då oppstår problemet, for det er heftingar frå før på garden, nemleg ein obligasjon til Rennesøy Sparebank på 4000 kr frå 1925. Og banken vil ikkje vika prioritet, skriv den utflytta sandbuen Simon Hauge!

Dette spørsmålet er eit tema som går fram og tilbake sommaren 27, utan at me kan sjå kva som vert løysinga. Men i slutten av august vert Overingeniøren i vegvesenet meddelt at saka er handsama av heradsstyret kor det vart samrøystes vedtatt: "Skrivelsen tilbakesendes overingeniøren med underretning om, at veianlegget nu kan påbegyndes."


Vegstikking og byggjing
Knut venta ved naustet og trakterte vegingeniøren med øl då han kom inn. Det var ein stor dag! Det var Fritjof Hiim som førte han, han var og flisegut under stikkinga, fortel broren Erling. Knut og ingeniøren vart gode bussar, og han vart bedd opp på middag. Då var det alltid sylteflesk, det var nok det beste dei kunne setja fram.

Det var som kjent brørne Bøen som fekk akkorden med å byggja vegen. Dei budde i huset på Storskår, og faren var med og kokte. Gustav Bøen snakka mykje om tida på Lingvong. Første møtet med Knut hadde gjort inntrykk, då dei kom der og hadde avtale med han om å visa dei til: - Det kom ein rise rett ut av skogen, med skjegg og hår, og berrføtte!

Dei byrja ovanfrå, hadde smia under ein hidler. Då dei kom innover med utstyret var der kome is, så dei drog det på kjelke. Men isen var ikkje tjukkare enn at den gynga under dei, og neste dag var isen faren, fortel Rasmus Bøen. Dei byrja truleg hausten 28, og var ferdige til påske i 30.

"Så nå er et stykke av veien fra sjøen og oppover opparbeidet under offentlig tilsyn. Dette veistykke blev levert ferdig forleden sommer. Et enestående veianlegg i sitt slag. Veien er ikke bred, vel 1 meters kjørebane hvis en da kan bruke dette ord, for stigningen er vel minst 1 på 2. Tildels er veien skutt inn i selve skråberget." Det er jordskiftedommar Hundseid som skriv dette, han var imponert. Rekneskapet for vegen viste at den hadde kosta 6.969,85 kr totalt.

Alt i 1932 er Knut frampå att med søknad om kommunal støtte til opparbeiding av ein ny parsell. Me kan ikkje sjå av papira at søknaden vert handsama, men den vert følgd opp med ny søknad seinare same år. Og det er heilt naudsynt at den påbyrja vegen "blir ført frem til gårdens huser", skriv fylkesagronom Norheim seinare på året; "etter anmodning frå gårdbrukeren" har han vore på synfaring. "Med den offervilje eieren er villig til overdra gården til en fremtidig bruker, skulde den for all fremtid kunne bli et fast aktivum for Sand kommune," avsluttar han.


Inger Voster
Knut fann nok etter ei tid ut at han ikkje kunne klara seg utan kvinnfolkhjelp. Me veit han var heilt åleine vinteren 26/27, medan ei brordotter, Jenny, og Olav Solland som ho var forlova med var der vinteren 27/28. "Vosterå", som ho kom til å bli heitande i fjorden, var på Lingvong i 11 år, like til Knut døydde. Rett nok hadde ho eit lite avbrekk, meir om det seinare. Så ho kom i 28. Det fortelest at ho gjekk rett i fjoset, spytta i nevane og byrja å molka med ein gong ho kom til gards.

Ho var frå Tau, var fødd i 1882, og hadde vore ugift tenestejenta heile livet. Ho blei som ei husmor på garden, og eit markant innslag for alle som var på besøk. Det var likevel aldri snakk om noko anna enn eit tenesteforhold; Knut protesterte då ungdommen antyda at det kunne vera noko meir. Albert Bjerga Løland minnest at han var med faren til Lingvong for å henta ein stut. Knut kom inn gjennomvåt og ba om tørr boksa, men då han hadde fått henne på var det ikkje knappar i henne. Inger sydde i knappane der han sto med buksa på.

Det var folketeljing, og lensmannen var på Lingvong. Han spurde Inger kor gammal ho var. "E`det`kje så atte gamle jenter dei verte allre meir enn 30?" svara Inger. "29!" sa Kolbeinstveit. "Kaffor spøre du då?!" svarte ho. Etterkvart fekk ho ord på seg å vera noko slumsen med matstell og reinhald, ikkje alt som kom på bordet skal ha vore lika appetittleg. "Men eg lukka auene og let det stå til" sa Kjarleiv Håkonsen som var invitert på middag. Andre såg ikkje annan utveg enn å tøma av tallerken ut glaset. Men Knut var nok ikkje så skrekkeleg nøye på det sjølv. Då fabrikken var starta opp i Sauda uttalte han: "Det må vara ett skjete arbei di har inni Sausokn, eg har haurt gjete atte di vaska seg kvar dag."

"Hu va kvardagslege, ikkje heilt reinslege, for eksempel når hu steikte syrekaka så spytta ho på dei ronde kakene før hu hadde di på ogen. Men me åt vanlege god mat", hugsar Vallentin Tveitane. Arne Klungtveit fortalde om ein gong Inger gjekk lens for gjer, så ho kunne ikkje baka. Då ville Knut prøva med noko sider, sats, som han hadde sett, for den var det jo gong i. Men det gjekk ikkje.

Inger var svert god i seg, det huskar folket hennar på Tau. Ein gong om våren, då drengen Arne Klungtveit skulle heim; han gjekk mykje over heiå, fant Inger fram ei mengde med spekjelår og stapte fudle sekkjen hans. Dei hadde så mykje sjøl at dei vant ikkje å eta det opp, meinte ho, og dei trong det betre som hadde så mange munnar å metta. Ho styrte med huset nett som ho ville, men Knut var ikkje knipen han heller. Og så lika ho så godt å ha lag, difor kunne ho finna på å betala drengen for å vera nokre veker ekstra, av eigen pung.

Men ein gong vart Knut så galen på henne for at ho ikkje hadde sett skikkeleg etter ein kalv. Den hadde tulla seg uti ei veita, og brukke foten. Han hadde vel vore vekke sjølv, sidan Inger fekk skulda. Det enda med avskjed, og Inger kom til Tengesdal og gret og klaga seg. Oppseiinga hadde ho fått midt på natta, ho lurte på om Knut Tengesdal kunne seia om slikt var lovleg? Ho hadde skreve ein song om Lingvong, som ho framførte då. "Eg e gjest på Lingvong, eg nå" sa ho.

Det må ha vore nå at Knut fekk ny unge tenestejenta frå Røldal, Britta Legård (f.1911). Bror hennar minnest at Knut var med til Røldal ein gong ho var heime ein tur ei påskahelg,. "Han va lauskar", minnest han. Men ho var ikkje lenge på Lingvong, foreldra tykte ikkje ho skulle vera på ein slik stad, og sende broren for å henta henne, fortel slekta. I fjorden heiter det at ho var i ferd med å verta tullete, og ville hoppa på juvet. Knut måtte skriva til folket hennar at dei måtte komma og henta henne, "før hun tager sitt liv".

Om Knut nå søkte etter ny tenestejenta, eller tok Inger i nåde veit me ikkje, men det var vel helst det sista. I alle fall var ho snart tilbake på sin rette plass. I Tengesdal ville dei veta kva ho eigentleg heitte, ho som hadde vore i Inger sin stad? "Britta Legård, Britta Legård, Britta Legård! Minnest du det nå?!" Ho ville nok ikkje ha meir snakk om den saka.

Dei var ikkje så nøye på tida. Erik Børkjenes (folge-Erik) og Nils Tveitane-Havrevoll var på smalasamling, så kom dei til Lingvong seint på kvelden. Nils var kjende der så han la seg i senga til Knut og sovna, Knut sjølv var bortreist. Men Erik blei sitjande og drøsa med Vosterå. Utpå natta tok ho på med middagslaging, og når det va klart i 2-tiå så vekkte ho Nils: Nå var det middag. Og så åt dei kjøt og supa midt på nåttå. Nikolai Havrevoll, bror til Nils, var dreng hjå Knut. Han fortalde det at dei kunne vera ute og arbeida heile dagen, og så når dei kom inn om kvelden åt Knut så skrekkjeleg at han kunne siga av stolen og ned på golvet, og der låg han!

"Eg forsto aldri anna enn at ho likte seg godt på Lingvong", seier brordottera til Inger på Tau, Dagmar Veland. "Eg hugsar ho gret då ho fortalde at Knut var død, og ho sa aldri eit vondt ord om han. Ho tente hjå ein gammal mann i 11 år etter ho kom frå Lingvong. Då han døydde sa me at ho kunne bu oppe hjå oss. Så var ho i byn og besøkte nokre venninner, og då fekk ho slag. Så då var ho på gamleheimen på Tau til ho døydde, 77 år gammal i juni 59.


Dreng på Lingvong
Eit utal drengjer og tenestejenter har vore i teneste hjå Knut. Ofte var dei svert unge. Dei fekk seg helst ei oppleving for livet, og det er mange forteljingar etter dei. Nokre av dei lever endå, for eksempel Sigurd Valskår i Sauda og Vallentin Tveitane på Jørpeland.

Rasmus Li var ein av mange drenger frå Ropeidhalvøya, han var der sommaren 1907. Han fortalde at han gjekk og slo med longorven til langt utpå hausten, då kom snøen og kvita høyskårane. "Ein skulle slå som om ein venta styggemannen etter seg og ikkje kunå". Der drengen slo så langt utpå fjellkanten som han torde, gjekk Knut etter og tok dei siste stråa. Etter dei kom rakstejenta med riva. Då siste nyslipte ljåen var brukt vart ljåane, lange og stutte, tulla inn i jutesekker, ca.20 stk. Og etter arbeidstid bar det i veg nedover skårar og berg med ljårullar under armen, til sjøen. Der hadde Knut ordna seg med vasskraft til å dra slipesteinen. Det var så vondt om hesjestaur der oppe, fortalde Erik Litlehammar, men det tok dei igjen ved at den stauren dei hadde var så høge, og difor måtte dei stå på ein kasse når dei hesja den øvste råtå (tynn bjørkestaur som vart nytta før hesjestreng kom i bruk).

Arne Klungtveit var frå Klungtveit, men flytta til Brattland på halvøya. Han var mykje i teneste hjå Knut. Kona Olga fortel: "Han Arne likte seg godt på Lingvong, og var der månge gonger. På haustane fekk dei mjøl, salt og alt dei trong for vinteren både til folk og dyr, inn med båten, til naustet. For dei kunne ikkje rekna med å komma nokon plass om vinteren. Så va det å kløvja det opp te gards. Arne fortalde at han kløvja i to veker. To vender te dagen kunne han klara, men det var i hardaste laget for hesten. Tok han berre ein tur kunne han lessa meir på. Elles kunne han vera med dei og slakta, dei hadde mykje slakting for seg, ville ha rikeleg med mat." Arne hadde kamera, og tok to (kjende) bilde på Lingvong, truleg dei første nokon gong. Han var så interessert i jakt, og leigde småviltjakt av Knut i fleire år. "Du kunne skyta orrfugl frå salsglaset", sa han, men slik jakt ville ikkje Knut veta av. Arne fortalde at dei hadde hoggje beit (bjørkekvister med knupp) og dratt det heim til husa, og då kom rypå i beitet! Hugo Parr hadde forresten fri jakt hjå Knut; og det var nok på ein jakttur han bomma sakføraren sin for sukkerkarving………

Ludvig Ytre Bjerga var mykje leigd som slåttekar på Lingvong. Dei hadde sleie inni fjedle, Ludvig sto i stakkjen og Knut la oppi: "Denna stakkjen skal få stå, til minne om ein driftige slåttekar!" sa Knut splitent. "Skal me slost?!" sa han oppi stakkjen. "Då må det bli med våpenmakt" sa Knut. Det hadde vore noko skyting på Bjerga som dei meinte at Ludvig hadde vore innblanda i. Rangvald Kristiansen, han dei kalla Vaisenhusen var der og mykje, han for berre rundt på leigearbeid i fjorden.

Vallentin Tveitane fortel: Eg tente hjå Knut i 7 veker, i slåtten. Det va i 32 elle 33. Det va opp frå tidleg morgon og arbeida til seine kveld. Eg hadde avtale om 50 øre for dagen. Me slo både Knut og eg, og Inger rakte. Det va ein gong det hadde vore 2-3 dar med turk, og knakande solskin, og me hadde fått ne meste heile bøen. Me hadde snutt nett føre middag, og Inger sa at nå må me ikkje vera lengje, me må få det inn før nottå kjeme! Så me hadde kaffi og syrekaka, men Knut gjekk og la seg, eg vett ikkje kor. Men me to fant kvar si riva og 2 tog, hu lesste og eg bar. Eg bar i timavis, eg vett kje kor mange bører, og enden på viså, han Knut kom`kje før me meste va ferige, ja hu va sikkert øve 7. Han hadde sovna i ein skuggje! Inger va så sinte på han atte hu meste drog te han me rivå!

Når me var ferige me slåtten hadde eg 14 dar atte av tiå, men då kom Knut og sa at nå kan eg ikkje betala deg meir enn 25 øre dagen. Ja, då vil eg him i mårå sa eg. Det haurde Inger, for hu sa at då betala eg deg 25 øre i tillegg, og så va eg 14 dar til!

Det hende me måtte av itte kje som hadde gått i feste, geitene dei va i Røldal. I juvet som han kalla det, innanom den store bøen, tok me opp 6-7 støkkje, me arbeidde i timavis ein søndag. Du vett han tuffedl va det`kje vet med, han fanst ikkje sullen, og stiv og støl som han va så va det et under at me ikkje drep oss beggje to. Eg sette tamp på han og så gjekk eg utan sjølv".

Ein Tormod Åserød skreiv i Sandsposten 1970: En dag kom Knut på at han ville ta seg en bytur, og selge smør og vilt. Og tjenestegutten blev nu alene på gården. Før han for, sa Knut at gutten måtte låse godt igjen dørene om kveldene. For han hadde både penger og pengeverd liggende. Men han trøstet sig likevel med at det var både børse og patroner i huset, som tjenestegutten kunne skræmme tyvene og ransmennene med.

Etter flere dager i byen, var Knut på hjemvei. Og i Vanvik tok han færingen sin og rodde til bryggen ved Lindvangsjøen.

Men det blev natten før han kom opp til Lindvang. Knut hadde nøkkel og låste sig inn. Hunden lå i kjøkkenet, og den begynte å knurre, men tagde da han skjønte det var Knut. Knut ville nu finne seg litt mat. Og imens våknet tjenestegutten. Han kom ihug pengene til Knut. Og nå tenkte han – nå kommer tyvene! Han trev børsa – og skaut ned i kjøkkenet fra loftstrappen!

  • Ikkje skyt, ropte Knut. De`e`eg så e kommen!

Det blev bare med ett skudd. Men talgelyset i staken på kjøkkenbenken sluknet av lufttrykket, og hunden blev helt vill. Den hoppet opp i tallerkenrekken. Og tallerkener gikk i gulvet med et skrall, alt lå i en røys på gulvet. Men det var kulehull i kjøkkengulvet – et minne om noe som kunne ha blitt et nattlig drama.

Knut holdt Stavanger Aftenblad. Men vintersdag kunne det gå veker og måneder før han kunne hente posten i Vanvik. Ofte hadde Knut en hel bør med Aftenblad med sig hjem. Men hjem kommen la han avisene på bordet, sorterte dem. Og så til å lese – men altså de eldste nummer først!

Nils Klungtveit fortel at både mor og far hans tente på Lingvong, året før dei gifte seg: "Far fortalde at Knut kom og vekte han midt på nåttå, ville slå mens det va dogg, men då far såg ka klokka va la han seg berre te atte. Men då han omsider sto opp til normale tid, så hadde berre Knut sleie ein liten flekk. Han fekk`kje ljåen til å bita, va skrekkjeleg god til å slipa, men ikkje til å kveggja. Ein gong hadde dei mykje tørt flathøy, og det såg ut te å verta regn, så dei var felt annige å få inn høyet. Nei, då kom han på at han ville kjøra inn med hest og sle, og ga seg til å vøla på sleen. Og detta hildt han på med mens dei bar te regnet kom, og hadde han vore med og bore så hadde dei fått inn alt."

Tormod Vanvik, han bur nå i Stavanger, fortel at Knut var i Vanvik og skulle hyra slåttekar. "Og eg slo te på det, eg va 16-17 år (han er 80 år nå så det må ha vore i 36-37) og totte det haurdest lovande ut. Så eg rodde frå Vanvik te naustet, der va Lars Bjerga og Tomas Løland og skoga, dei budde i det litla rommet i naustet, dei va med og drog opp båten. Og så gjekk eg opp. Dei heldt på og kjørte inn på høy, med hest og sle, det va ein frå Flåtnes så va dreng. Nei, då fekk eg veta det av Knut at eg sko vara 1 veke på prøve, utan løn! Han ville sjå om eg kunne slå! Du vett eg hadde sleie møkje eg, så det konne eg! Nei, då gjekk eg beint ned att!"

Sigurd Valskaar fortel: "Eg va der ei korte ti på hausten, eg va vel 17-18 år. Eg trur det va i 33 elle 34. Eg kom der ein søndagskveld, hadde hatt nåken te å setja meg inn. Og Vosterå tok imot meg. Eg minnest godt då eg kom opp atte Knut sto i potetåkeren, nedpå bøen. Det va ein fine dag, og det gjorde inntrykk, for me va nøye på å skilja søndag frå kvardag. Det var liksom så heiale at han sto i åkeren på ein søndag.

Han gjekk kledde i romslege boksa, hadde dratt na godt opp, med bregdaband, elle tamp, unda knenå, meste så ein nikkers, så ho sko vara god og romslege rondt knenå når han bøydde seg.

Inger ja, eg totte hu såg luffen ut. Eg huska godt kjolen ho gjekk i: Den va sydde av kveitemjølsekkjer, og farga. Og eg minnest godt eg tenkte at den har aldri vore vaska itte du sydde den! Blanke langs sidene vaàn, der ho torka hendene.

Det må ha vore i oktober, for eg minnest atte det va konfirmasjon på søndagen. Eg va med og løypte på ved, på ein streng som me strekte, frå brotet nedanfor bøen, ned heila liå øve elvå te eit feste på ytra sida. Eg minnest at me rodde øve fjorden til Hydlarane, dei skoga i Bjelkavikjå. Knut var så lette å kjenna i båt, for han sat alltid på midttoftå og rodde! Så spurde Knut dei om dei kunne vera med og strekkja strengen. Og då huska eg godt svaret som Lars gav: -Nei! Me har faen`kje tid!

Knut stod nede, eg tredde i band og la på strengjen. Veden va hoggjen ovanfor løå, og så hadde han kjørt han ned te der strengen skulle festast. Han hadde så liten hest, det va meste som å leggja sele på ei ku, totte eg. Me løypte et par dar, kan tenkja meg at det va rondt 10 favnar.

Ein kveld itte me va ferige totte eg han blei så grevla seine, før han kom opp atte, det va jo ein gammale mann, og ein visste`kje ka som kunne komma te. Så eg fant ut at eg ville gå i mot han, det heldt på å bli mørkt. Kommen te Skårå, der ser eg han, då kjeme han i berre undebokså, med bokså på armen!

Då sko me slakta på kvelden, 2 risbitverer så han hadde! Så han viste å nøtta dajen! Først sko me jo ha oss mat, så me sto i mørknå med løkt og slakta, i kjedlarhalsen nedanføre huset. Det hadde vore litt snakk om at han ikkje drep dyrå så fint, så eg bau meg te å slå, jog gode greier det, sa han. Og eg delja te så blodet sikkert kom ut øyrene! Så me hadde innvollar og innmat i koppar og kar og flådde og hengde skrottane opp. Ein av jobbane eg hadde på Lingvong var å kjøra stein. Eg kjørte ut mot juvet og tippa det utføre der. Men eg minnest kor redde eg var kvar gong, at kjerra skulle fara utføre, så eg laga meg til med ein stokk som hjulet stoppa mot.

Eg låg i eit enderom, eit lite kammers i øvre enden av huset, i ei gammale seng som sto der. Der hong det ei mengde med kler, itte Serina, må det ha vore, så tett at eg såg`kje veggene. Og eg minnest at i mørknå så såg det litt hullale (spøkje) ut. Dette va nett då han hadde fått fatt i denna bokjå, Markens Grøde, og itte me hadde ete på kvelden sette han seg te med ein lampe og sko lesa høgt for oss. Jog, han les og han lo, han totte det va skoi!"
 

Noa
Alle Saudabuar som har levd ei stund minnest Noa Amdalsrød. Som eldste og einaste son til Johan Lingvong skulle han overtatt garden Amdalsrød, men han var ikkje interessert i gard. Noa seilte med DSD-båtane som matros i mange år. Men så byrja han på fabrikken som ein av dei første i ovnshuset då den starta opp i 23.

Men han heldt alltid kontakten med Lingvong, ikkje berre med farbror Knut men og med Lalid-folket som kom der etterpå. Han kunne hjelpa Knut i slåtten, og han kom som oftast over fjellet via Tjelmen og Tengesdalsstølen. Ein gong bar han med seg ein grisunge frå Sauda, ein annan gong kom han med ein nye hest. Han gjekk ikkje tomhendt heimatt heller, då hadde han gjerne med seg ost, smør eller andre godsaker. I 1937 veit me han var på helgabesøk med kona, ungar og venner m.a. for å henta tyteber. Det blei tatt fleire bilde på den turen, sjå "Gammalt frå Suldal" frå 1999. Noa døydde på 70-talet.


Testamente
Hausten 1932 må Knut ha blitt sjuk og innlagd på sjukehus i Stavanger. Dette må ha gitt han ein støkk, for nå skriv han testamente. Han bestemmer her som sin siste vilje at hans faste eigedom bruka "Lindvang og Skåren" ved hans død skal tilfalla Sand kommune – eller vis denne ikkje vil overta den, så Suldal kommune på følgjande vilkår:

  • Kommunen har rett og plikt til å bortforpakta garden til dertil skikka brukarar mot ei årleg avgift som sikrar kommunen mot utlegg og tap i samband med overtakinga og kontrollen av drifta.
  • Kommunen har plikt til å kontrollera at garden vert skikkeleg dreven og at hus, gjerde m.v. vert forsvarleg vedlikehalde.
  • Kommunen har ingen rett til å selja eller pantsetja garden
  • Det han elles måtte etterlata seg blir å realisera og avsetja til eit fond som kommunen bestyrer, og som skal vera til hjelp for brukarane til vedlikehaldet.

Vis ingen av kommunane vil overta garden på desse vilkåra "blir der å forholde med mine efterlatenskaper efter loven." Han ber i brev om å bli underretta om når saka skal handsamast, slik at han kan vera tilstades og gje supplerande opplysningar, men me kan ikkje finna at saka er tatt opp.
 

Kven skal ta over?
"Det vart etterkvart klårt for han at garden truleg ville koma til å liggja avfolka når han var faren. Og fleire av sine siste leveår brukte han til å freista finna ei løysing på dette problemet. Han gjorde seg ærend vide ikring til folk han meinte verdige til å erva han. Dei som fekk vitjing av Knut når han var i flukta med dette vil seint gløyma det inderlege tilbodet og alvoret hans".

Det er Johan Veka som skriv dette. Om vegen hadde vore ei hjertesak så var dette den nye som melde seg med minst like intens styrke på 30-talet, då Knut byrja å dra på åra. Kven skulle ta over, og driva garden vidare, når han sjølv ikkje hadde nokon etter seg? Den næraste var brorsonen Noa, men han var aldri interessert i gard, og sa til og med frå seg den sentrale farsgarden i Saudasjøen. Han oppfylde difor neppe Knut sine krav: -Det ska vara ein framtidsmann så øveteke Lingvong itte meg! sa han på Indre Bjerga då dette var tema.

Men det var nok slekta han prøvde først. Margit Natland, som er barnebarn til Johan Lingvong, huskar at han både skreiv og kom like til Helgeland i Erfjord med tilbodet til faren. Då ikkje slekta var interessert vende han seg til folk og familiar i nærområdet som han hadde tiltru til. Den nesteldste sonen, som ikkje hadde gard å overta, kunne det tenkjast for han? Georg Lalid, fødd i 1927, fortel: -Han ville kjøpa meg! I dag ville me vel helst kalla det adopsjon. Heller ikkje denne utvegen var framand for Knut. Albert Løland Indre Bjerga fortalde at Knut ville at han skulle ha garden. -Men då ska du gifta deg med ei av døtrene til Ola Tjelmeland først, for dei er så stadige!

Alle som hadde vore dreng hjå han, og som han hadde fått tru på, fekk etterkvart tilbodet. Muntleg, eller gjerne i eit høgtideleg brev. Til Einar Andersen Bakken sa han høgtideleg, i det han tok av seg hatten: "Gården Lindvang skal tilfalle deg". Like til Bryne var han, med tilbod til denne forfattarens farfar, om at han skulle få garden mot at ein av sønnene lova å busetja seg der.

Hallvard M. Hoftun, som vitja Knut ein søndag saman med ungdommar frå Tengesdal i 1938 gir ei fin skildring av korleis han kunne leggja fram tilbodet:

"No er eg gammal og utsliten, og ikkje har eg folk som kan ta arven opp etter meg. Difor vil eg gjeva garden min til ein interessert og dugande ungdom. Han skal få garden og alt det eg eig. Det er nok når han har to sterke hender, for garden kan fø sin mann. Sjølv skal eg hjelpa til så godt eg vinn, så det kan verta lettare for den nye mannen enn det var for meg.

Men eg vil sikra meg at garden ikkje går til grunne. Difor må han forplikta seg på å verta buande på garden. Eg vil overlata til heradstyret å ha tilsyn med at garden vert driven i mi ånd."

"Men trur du ikkje", sa eg i varlege vendingar, for ikkje å såra han, "trur du ikkje at ungdomen syter med å ta fatt på desse gardane så langt frå folk?"

Då såg han på meg. "Ungdomen er betre enn sitt rykte," sa han. "Eg har god tru på dei unge. Når samfundet legg alt godt til rette, vil nok ungdomen komma. Straumen kan ikkje alltid gå til byen og tjukkbygdene. Ein gong vil vegen gå attende til jorda. Det er jorda som skal tryggja framtida".

Eg fylgde interessert med i det Knut fortalde. Skyna så vel at det var ei hjertesak for han å få folk til å ta seg av garden. Fedregarden hans måtte ikkje gå til grunne.

Men det var ikkje fritt for at eg stussa då han sa at dersom eg ville, så kunne eg få overta garden. Han kjende godt far min, og visste at eg var bygningssnikkar som han. Difor låg tilhøva nokså godt til rette for meg, meinte han. Eg kunne såleis gjera alt byggjearbeidet sjølv.

Eg måtte plent tenkja på dette, sa han. Eg ville koma til å gjera det godt her, og få kjenna den gleda og lukka som fylgde med å dyrka jorda.

Eg kjende meg nokså inneklemd då eg svara at eg diverre ikkje var den rette til å ta i mot det rauste tilbodet hans. For eg såg det gjorde han vondt at illusjonen vart teken i frå han. Eit nytt vonbrot attåt dei mange han hadde hatt før."

Johan Veka igjen: Han kom til eit par unge som pakta ein gar i Suldal. Til kvelds vart det servert sylteflesk med poteter og "skjør". Knut skuva tallerken til sides og greidde seg med snaue bordet. Det vart slik for han i det heile. Han sat med ein gard som kunne livberga mange munnar. Men der fanst ikkje krus eller fat, det var ikkje rim i å venta at nokon kunne vilja seg sjølv så vondt at dei flytte til Lindvang. For då Knut på resten lyste ut at han ville gje garden bort for inkje til den som berre lova å bli buande der og driva Lindvang, var det ingen som let seg til. Det var sakte dei som kom og reflekterte på tilbodet, alt frå Valle i Setesdal kom det interesserte.

Det var nok opplagt at det var vilkåra han sette som gjorde det vanskeleg: For det første skulle vedkommande forplikta seg til å bu på og driva garden. For det andre skulle Knut sjølvsagt vera der, og sikkert ha eit ord med i laget. Det siste kan nok ha vore største haken for enkelte. I eit brev frå 1934 til lensmannen skriv Knut at det har kome han for øyra at nokon i fjorden skal ha tenkt å slå til på tilbodet hans. Men; "Naar dei fik gaarden skulle jeg gives revegift og skylte paa havde faat Hjerteslag".

Sjølve skrekkbildet hans var at garden skulle lida same skjebne som nabogarden Selland, å bli lagd for fefot, og berre vera beite for utanbygdsbuande. "At ødelege denne gaard med i saa pasa stand til Smale beite er nu et saa beriktige spørsmaal og maa komme og kaldes et Nasjonalsak i saa kretisk folketilverelse" skriv han i eit brev. Når det gjaldt nabogarden og den skjebne den hadde fått såg han for seg at om han berre kunne finna ein interessert ungdom, så kunne kommunen ekspropriera Selland tilbake att, og det kunne bli buplass for 2 familiar der ute.
 

Det mangla ikkje på planar
I 1932 har Knut hatt teknisk fylkesagronom Norheim på synfaring for å planleggja "nytt fjøs og en del dyrkingsarbeider". I sin rapport frå synfaringa skriv Norheim m.a. at han trur det kan bli 40-50 da dyrka jord på garden. Det meste av innmarka er nokså slett og lett å arbeida til å vera på ein fjellgard. Reknar ein med ein del fjellslått og dei rike beita, så "skulde der være godt utkomme for en mann som er vant til å leve under liknende forhold som her på Lindvang".

Og i åra frametter prøver Knut å få støtte frå Statens bureisingsfond til ny løa og fjos. Han får både lensmann Kolbeinstveit og ordførar Rasmussen til å gå gode for at ny driftsbygning er heilt påkravd. "Lade å fjøs for gaarden kan man sige er ubrukelig som disse nu befindes. Skog til bygning finnes ikke heller ikke adkomst fra sjøen uten at en ca.3 km. bratt gangsti. Jeg antar gaarden ligger ca.1000 meter over havet. Al material maa bæres til gaarden." skriv lensmannen i si fråsegn. Ordføraren må korrigera han litt: "Av lensmannens erklæring fremgår at Lindvang ligger ca.1000 m over havet, det kan vel ikke være riktig og bør i så fall beriktiges."

Ja, han hadde mange planar, og dei berre auka med åra. På husmurane på Skårå skulle det byggjast geitahus i 2 etasjar. Den nye vegen til Grimsstøl skulle leggjast inn det ville juvet, der ville det bli jamn stigning. Myrane på Grimsstøl skulle dyrkast, og så skulle det startast ysteverk på stølen, og lagast blandingsost av geitemjølk og kumjølk, "som dei gjere i Gudbrandsdalen".

Så skulle han få innlagt vatn i fjoset. Vassdreven taubane til sjøen skulle byggjast etter at han fekk for lite høy ein vinter. "Sjå her," sa Knut til Hallvard Hoftun og drog han med utover bøane, "her er dyrkingsjord i mengd. Og god jord er det. Mykje har eg rudt og dyrka på garden i mi tid. Det har hendt eg har brukt lykt i nybrotet om haustkveldane. Men det står mykje att før garden er så god som han kan verta. Ein dugande mann vil kunna dyrka garden opp til å fø det dobbelte mot nå. Å, for ein gild gard det kan verta. Bort i bakkane har eg tenkt å laga kulturbeite. Riva vekk lyng og skogrask og gjødsla med super og kali og trollmjøl. Kulturbeite må til skal mjølkedråtten verta jamn og lønsam. Men her er så mangt som er uferdig. Her må byggjast skikkelege vegar, både stølsveg og køyreveg ned til sjøen. På sjøvegen har eg elles alt lagt ut 3000 kr. Attåt dette skaut det offentlege til 4000 kr. Men endå er det berre ein skarve kløvjeveg. Eg står framleis budd på å yta pengar, dersom det offentlege går med. Likeeins har eg søkt om tilskot til stølsvegen. Og så må det byggjast ny løe på garden. Eg ventar jordstyreformannen inn med det første. Han skal planleggja og stikka ut tomta. Det er tanken at fjøset skal ha plass til 15-18 naut."

Dette var i august 1938. Knut er 73 år, og har berre eit snaut år att å leva. Likevel er planane større enn nokon gong.


Steinbubeitet
Steinbu var gammal støl under Lingvong, lengst aust i heia til skiftes med Litlehammar. Ein periode først på 1800-talet var det Tjelmelandsbonden som var eigarar av Lingvong. Då han selde heldt han att Steinbustølen og eit rikesleg heiabeite rundt. Ei av Knut sine hjertesaker var å få tilbake dette Steinbu-beitet. Så seint som i februar 1939 set han heime og skriv brev til Bjarne Sørbø, ein av eigarane av Selland. Han må endeleg skriva til Ola Tjelmeland og sei at han har ikkje rett til driveveg verken over Selland eller Lingvong når han skal ha smalen sin til Steinbu, ber han. Men han har ei løysing: "Han tilbydes av mig at overtage gaarden for et av sinne barn men hans Stenbu beite maa tilleges Lindvang og er ingen Adgang for Tjelmeland mer at faa beite i Lindvangs heiebeite". Vis han ikkje godtar dette tilbodet vil Knut forlanga tvangsavståing etter Jordloven!


Knut døyr
I juni 1939 kom Knut til Vanvik ein kveld frå byreis. Han overnatta her som han så ofta gjorde når han var på reis, og tok inn hjå Knut Vanvik denne gongen. Der fekk han slag, han blei førte til sjukehuset i Sauda, og døydde der.

Lars Hylen påtok seg å vera på Lingvong, saman med Inger, for å stella dyra fram til auksjonen. Kan hende var han dreng der då. Det heiter seg at han var heime frå Amerika ein tur, ja somme vil ha det til for å kjøpa Lingvong. Etterpå reiste han te Amerika igjen.


Auksjonen
Det ser ikkje ut til at testamentet som Knut hadde skrive på sjukehuset vart gyldig. Auksjonen vart halden på Lingvong den 13.juli, ein snau månad etter at Knut var død. Det var svart med folk i tunet, dei kom frå fjorden sjølvsagt, men og frå Sand og Sauda, frå Nes og frå Ropeidhalvøya, ja like frå Vikedal. Så mykje folk hadde nok aldri vore samla der tidlegare.

Alt skulle seljast ut, hadde slekta bestemt. Søskena frå Amdalsrød tok seg berre ut kvar sitt lite minne, resten gjekk under hammaren. Auksjonsprotokollen skulle såleis gje eit nær fullstendig bilde over kva Knut og forgjengarane hans hadde samla opp gjennom åra. Av heftelsar kunne lensmannen berre føra opp dei me alt kjenner, nemleg vedlikehald av vegen og rettane til utbygging av fossen. Men Knut var gjeldfri, noko som må tyda på at gardsdrifta hadde gitt bra avkasting sidan han kjøpte ut Serina, bygde veg og samstundes hadde lån i Rennesøy sparebank 10-12 år tidlegare. Rikesleg med pengar hadde han likevel ikkje, som mange vil ha det til det i ettertid. Han hadde 650 kr i banken, og i kontanter vel 250 kr. Han sto seg godt; han hadde rett i at ein kunne leva godt av garden, til og med gjennom dei harde 30-åra.

Først skulle garden under hammaren. Edvard Marvik, slaktaren på Sand, fortel at han og Johannes Tengesdal på førehand hadde vorte samde om å kjøpa garden i lag, men då dei møttest på "Ørnen" om morgonen hadde Johannes kome av det. Det gjekk tregt i byrjinga, men så opna Kornelius Løland med eit bod. Seinare trega han på at han ikkje kjøpte. På slutten var det nemleg berre Lars Hylen og Ola Lalid som baud, men Lars måtte gje seg på 6.410 kr. Han tykte det vart for dyrt. Ola Lalid fekk tilslaget for 6.425 kr.

Så går det unna, ting for ting. Samel Valskår kjøper feltessa (smia) for 31 kr. Sigurd Våge kjøper ein sled, men slit ut meiane på turen ned. Då har han og fått tilslaget på dressen til Knut for 10 kr. Ola Lalid passar på og får kjøpt harva, plogen, steinbukken og anna naudsynt utstyr for den som skal driva vidare, slik som senger, stolar, bord og husutstyr. Lars Løyning og Odd Flåtnes kjøper kvarsin koparkjel for 5 og 4 kr, men Inger Voster er og frampå: Ho kjøper åkle, ullteppe og rugger for til saman 77 kr, og seinare endå meir av det slaget. "Vosterå sto til ålbogane i saltestampen og tok opp pølsa" hermest etter ein som var der. Men me finn verken kjøt eller pølser i protokollen.

River, greiper, høygaflar, hakker, øks og sag, spann, ski og skeiser, minebor, løkter og lampar går lett under hammaren. Svend Tveitane kjøper 1 pute og 1 dyne til 11 kr, Lars Sæland, Saudasjøen kjøper oljefrakken. Øystein Holane står oppført med gevær 41 kr. 2 lysestakar og ein del tinnfat kjem opp i god pris, likeså rokken. Vegguret går for kr 10,50 til Ola S. Viken, kista for 34 kr til Knut T. Tengesdal. Til og med fotografiene går under hammaren.

Så er dei komne til dyra. Hesten først, den kjøper Bertrand Tveitane for 447 kr. 4 kyr går til ulike kjøparar frå 150 til 220 kr. Slaktaren i Sauda kjøper stuten og sauene og driv dei over heia etterpå. Også geitene kjøper han, men dei er i Røldal. Ikkje mindre enn 5 kalvar hadde Knut, og fleire bukkar, ja me må undrast over den store buskapen den gamle mannen heldt! To båtar kjem under hammaren, Ola Lalid og Erik Litlehammar kjøper kvar sin.

Då lensmannen i oktober gjer opp rekneskapet for auksjonen kjem han til "Netto for boet" kr 10.429,02. Det er alltid noko tragisk over ein auksjon. Men på ein stad som Lingvong vert dette ekstra tydeleg. På ein ettermiddag vert alt som er samla på garden opp gjennom generasjonar dratt ned til sjøen, over fjellet, og bort og spreidd for alle vindar.


Soga er ute
Så er soga om Knut ute. Men ånda hans ligg over hus og landskap så ein kan kjenna det, 60 år seinare. På den gamle kyrjegarden på Sand står gravsteinen til Knut den dag i dag. Innskrifta er falma og versleten, men godt lesande. Men namnet hans er feilstava. Ikkje såpass vørnad skulle han visast at namnet hans kunne skrivast rett, på hans siste kvilestad.

I folkeminnet lever det mange historier om Knut, men felles for dei fleste er det tragiske eller det komiske. Det ser ein og av det som er samla her. Unntaket er når nokon utanfrå vitjar han og skriv om han etterpå. Det ser ut til at Knut av sine sambygdingar helst vart sett på som ein gjenstridig stolle og orginal, som aldri ville innsjå at han førte ein vonlaus kamp. Det gav nok ikkje høg status å komma frå Lingvong.

Men draumen hans om Lingvong som ein "folkeheim" som han kjempa så sterkt for, skulle visa seg å gå i oppfylling, utan hans eigen medverknad: I 1940 flytta Ola og Randi Lalid og 5 born opp og budde her meir og mindre samanhengande til 1947. Seinare overtok sonen Øystein (Østen til dagleg), og han budde åleine på Lingvong til tidleg på 60-talet. Nå er det bror hans, Karl Lalid, Åkrehamn, som eig Lingvong.

 

Kjelder/litteratur
Det meste av stoffet er samla gjennom samtalar med ei mengd personar med kjenskap til Lingvong, og er gjengitt slik dei vart avgitt med dei bokstavane me rår over. Av dei som ikkje er nemnde i teksten må særleg framhevast Sigmund Tengesdal, men og Karl Lalid, Endre Øvrebø, Ragnhild Bråtveit, Arnt Klungtveit, Johan Lie, Olav Nesheim, Gudrun Bakken og mange fleire.

Arkivstoff: Statsarkivet, Suldal kommune sitt arkiv, Bygdebokarkivet på Ryfylkemuseet

Litteratur: Ernst Berge Drange: Sand. Gardar og folk 1. Åmund Salveson: Bygdesoga for Sand i Ryfylke. Artikkel i Sandsposten 1975 v/Johan Veka, i Rogaland 1930 v/R. C. Hundseid, i Nynorsk Vekeblad 1938 v/Hallgrim (H. M. Hoftun), i Sandsposten 1969 v/Tormod Aaserød, i Ryggjavern 1980 v/Karl Lalid.

 

Sist oppdatert: 05.07.2008
Webansvarleg: Bjarte Skipevåg og Jarle Lunde