ÅRSSKRIFT FOR STRANDA SOGELAG 1983 HEFTE NR. 1
| INNHALD |
![]()
|
| side | |
| Streng nøysemd og usikker framtid - av A. Gjærde |
|
| Niels Olsen Svee - av J. Fet |
|
| Ei vandring frå Kjølås til Herdal - av G. KjøIås |
|
| Sva-Maska - av K. Frøysa |
|
| Om registrering av gamle stadnamn-av O. N. Hoff |
|
| Stranda under den andre verdskrigen |
|
| Russiske fangar på Sunnmøre under krigen - av M. Bjørndal . |
|
| Årsmelding for Stranda sogelag |
|
Av Odd Normann Hoff
Vi lever i eit samfunn som er i stadig utvikling. Denne utviklinga har, særleg på visse område som t.d. jordbruk, fiske og kom munikasjon, ført til at mange av dei stadnamna som eksisterte før i tida no er på veg ut. Den viktigaste grunnen til dette er at den oppveksande generasjonen ikkje lenger har nokon praktisk nytte av desse narnna. Før i tida var det annleis. Då hadde ein store delar av året dagleg bruk for stadnamna. t.d. når ein skulle lokaliscre kvar krøtera heldt til. Sidan ein hadde namn på dei fleste naturformasjonar. jamvel ned til små haugar og steinar t.d., kunne ein peike ut dcn aktucllc staden med svært stor presisjon. Det som særmcrkjer desse namna. er at dei i hovudsak eksisterer i munnleg form. Svært få av dei er nedskrivne.
Dette at namn blir gløymt er ikkje noko nytt. Det som ski! dagens situasjon frå tidlegare utvikling, er at no forsvinn gamle namn utan åbli erstatta med nye. Denne utviklinga går raskt, og vi er nu komne i ein situasjon der den eldste generasjonen er den siste som har fullgod kunnskap om desse stadnaxnna. Skal vi berge desse narnna for ettertida, må vi setje i gang no, elles vil mange narnn gå tapt for alltid.
Kan vi ikkje berre la desse gamle namna gå i gløymeboka? Kvifor skal ein samle på ting ein ikkje har nytte av lengcr? Dette cr spørsmål vi som interesserer oss for namnegransking ofte blir møtt med, og det er tleire ting som talar i mot ein slik tankegang.
For det første så er namna ein viktig del av kulturarven vår, og såleis er det viktig å ta vare på del for komande slekter. Gjennom namna får vi vite mykje om lokalmiljøct i farne tider. Namna fortel t.d. om tidlegare næringsverksemd, om ulike dyrkings- og driftsmåtar i jordbruket, og om ferdselsmåtar og -vegar. Namna kan og gje oss kunnskap om ulike personar som har levd i lokalmiljøet, om viktige hendingar knytt til bestemte plassar, og om tragiske ulukker.
Vi skal heller ikkje sjå bort ifrå at desse stadnamna har vore, og framleis er, ein del av språket vårt. Eit tap av lokalt namnetilfang må difor betraktast som eit tap for språkrikdommen vår.
27
I einskilde tilfelle kan vi også ha praktisk nytte av stadnamna. Ved mange av dei gamle utskiftingane blir grenselinjene mellom bruka ofte trekte mellom namngjevne punkt. Der desse namna har gått i gløyrneboka, kan ein såleis bli stilt overfor eit problem om det skulle oppstå usemje mellom brukarar om kvar grenselinjene går.
Rundt omkring oss lever det i dag mange eldre menneske som veit mykje om den lokale namnefloraen vår. Mange av desse vil heilt sikkert vere glade for å formidle denne kunnskapen vidare slik at namna også blir hugsa for ettertida.
På fleire stader. bl.a. i fleire kommunar her i fylket, har det i ei tid no gått føre seg ei systematisk kartlegging av gamle stadnamn. Det er å håpe at også vi i Stranda kommune kan kome i gang med eit slikt arbeid så snart råd er. Det ligg eit svært rikt narnnetilfang og ventar på oss, og så sant nokon er fri for ein hobby, så er dette både ein interessant og lærerik bruk av fritida.
Dersom du er interessen i dette arbeidet, kan du vende deg til Stranda sogelag eller underteikna for nærare opplysningar.
Odd Normann Hoff.
28