ÅRSMELDING  2007

 

  

Styret har i 2007 vore samansett som følgjer:

 

Leiar:                 Svein Inge Lundheim

Nestleiar:           Per Ove Fossheim

Kasserar:           Håkon Nesse

Sekretær:           Sven Erik Vestby

Kvinnekontakt: Marianne Vara

Vara:                 Per Norstein

 

I tillegg møter leiarane for utvala på styremøter

 

Ved årsskiftet hadde laget 220 medlemmer. Det er ein auke på 42 stk i 2007!

 

Møteaktivitet

Det er halde to styremøte der det er handsama til saman 16 saker.

 

Den kan hende viktigaste saka som har vore handsama, galdt uttale om naudsynte granskingar i samband med søknaden frå Sognekraft om kraftutbygging i Henjadalen og Grindsdalen. Vi registrerte at kommunestyret i si fråsegn la stor vekt på dei forslaga til granskingar som laget sendte til NVE. Dette viser at LjF er ein viktig aktør for natur og friluftsliv i kommunen, ein posisjon vi gjerne vil halde på. 

 

Årsmøtet for Sogn og Fjordane NJFF i 2007, vart halde på Sognefjord hotell. Frå laget møtte Svein Inge Lundheim, Per Ove Fossheim, Marianne Vara og Per Norstein. Møtet vart avslutta med omvisning og lunsj på lagshytta på Kleppa.

 

Leikanger jfl er representert i Sogn og Fjordane NJFF ved: Jan Thore Fedje - ungdomsleiar, Per Norstein - 2.vara til styret og Svein Inge Lundheim – medlem i jaktskyttarutvalet.

 

Generelt

Sett under eitt må vi konstatere at året 2007 har vore eit særs positivt år for Leikanger jakt og fiskelag. Det har vorte gjennomført ei lang rekke tiltak, for medlemmene og for andre. Den nye hytta har vore ein suksess. Det er både triveleg å vere der og vi har fått mange brukarar, og vi vågar å seie at hytta har vorte eit tilbod til bygda og ikkje berre for laget.  Økonomisk har det vore eit godt år, noko som er positivt når vi mellom anna ynskjer å utvikle tilboda knytt til anlegget vårt på Kleppa. Laget har også markert seg på andre arenaer i bygda, og vi vonar at bygdefolk set pris på at vi ynskjer å vere eit positivt og inkluderande lag med plass til alle der ikkje minst jakt, fiske og friluftsliv er dei sentrale satsingsområda.

 

Det må understrekast at det vi fekk til i året som gjekk, skuldast at ein lang rekke personar har vore positive og teke store og mange tak for felles mål. I denne årsmeldinga er berre nokre få av alle dei som har vore med nemnde med namn. Dei som ikkje er nemnde, er ikkje gløymde. Styret vil rette stor takk til alle for den innsatsen som er lagt ned i lagsarbeidet!

 

Gåver og tilskot

 

  

Inntektsgjevande dugnadsarbeid

 

 

Prisar

 

Like før jul vart Leikanger jakt og fiskelag tildelt Leikangerprisen. Prisen er diplom, 7500 kr og mykje lovord. Dette er ein heider vi set stor pris på å få.

 

Kurs og undervisning

 

Som vanleg er det gjennomført fleire kurs.

 

- To kurs for å gjere hundar sauereine ved hjelp av elektrisk halsband (7 deltakarar)

  Instruktørar: Kurt Langeteig, Bjørn Monsen og Odd Reksnes

- Jegerprøven. Eit kurs gjennomført og oppstart av eitt. Til saman 25 deltakarar.

  Instruktørar: Per Norstein og Sverre Fossen. Instruktørar under opplæring: Ole Simen    

  Nesdal, Håkon Nesse og Inge Yttri.

- Kurs i bruk av GPS. To kurs med til saman 25 deltakarar. Instuktør: Ole Simen Nesdal

- Kurs i partering av storvilt der Helge Fardal var instruktør.

- Opptur – 2 skytekurs for kvinner og tilbreding/servering av vilt ved Jan Thore Fedje 

  (instruktørane står oppnemdt seinare)

 

 

 

Andre aktivitetar

 

Ei lang rekke andre arrangement er også gjennomført. Desse er i stor grad omtalte i tidlegare årsmeldingar, og vert berre lista opp her.

 

-         Skytestemnet ”Indre Sogn cup” med Luster jfl: Vinnar med ny rekord på 100 treff vart Arild Johansen, nr2 Olav Aarskaug (97) og nr3 Svein Inge lundheim (94)

-         FM-jegertrap: Resultatet frå ”Indre Sogn Cup” (50skot) var grunnlaget før finalen (25skot). Gull-Arild Johansen(73), sølv-Olav Aarskaug(72) og bronse-Nils Olav Langeteig(72).

-         Haglekurs (aktive hagleskyttarar var instruktørar)

-         Flugekastingskurs m/Gunnar Olsmo som instruktør

-         Vårsprellen – sjøfiskekonkurranse

-         Fiskekonkurransen på Fjærlandssete

-         Fiskesommararrangement i Fylkesmannsgarden

-         Fjellfisketur på Vikafjellet

-         Skulestangprosjektet i skuletiden på Flotande. Med frå jakt- og fiskelaget: Jan Magne Vigdal, Bjarne Sjøthun og Svein Inge Lundheim.

-         Skyttarlaget vann lagkonkurransen i ”Duellen” og Syrstronds beste skyttar vart Nils Olav Langeteig.

-         ”Jaktskytingens dag” på Kleppa/Eivaldgjerdet

-         Fuglehundtur frå Hodlekve til Leikanger.

-         Stenden på ”Fruktbare Dagar” har vorte ein fin tradisjon å visa seg fram på. Her vil me takke medlemane som stiller vilt/fisk til grilling og ei spesielt takk til Nils Rendedal som stilte som grillsjef på kort varsel.

 

 

Tilbod til medlemmene

 

Det har vore stor aktivitet på leirduebana. I tillegg til den vanlege treninga, har det vore gjennomført nybyrjarkurs og eige samlingar for kvinner. Her vil vi gje ein særskild takk til instruktørane Odd Reksnes, Leif-Arne Lingjerde, Svein Inge Lundheim, Per Norstein, Emil Røysum Skartun , Nils Olav Langeteig og Kurt Langeteig.

 

Lagsmeisterskapen viste at det også er dyktige hagleskyttarar mellom jegerane. I 2007 var det Per Norstein som vann den store pokalen i jegertrap. I leirduestien gjekk førsteplassen til ein som har stått på toppen før, Kurt Langeteig. Det var positivt mange som deltok konkurransane.

 

Innan konkurranseskytinga vil vi særleg trekke fram innsatsen til ein. Emil Røysum Skartun viste nok ein gong fram at han er eit stort talent då han vart beste junior i NM-jegertrap i 2007.

 

Den 1. desember vart det arrangert viltkveld på Kleppa. 23 karar hadde ein særs triveleg kveld med god mat laga av Kjetil Berg og mykje drøs om sentrale tema.

 

Trastadalshytta hadde 20 overnattingar. Det er i 2007 installert ny vedomn som Kommunen kjøpte.

 

Hytta på Kleppa har vore leigt ut fleire gonger, både til medlemmer og til andre. Den har vist seg tenleg til alt frå konfirmasjonar og klassefestar til samlingar for barnehagar og speidarane.

 

 

Styret

 

 

 

Utvala i 2007

 

FISKEUTVALET

Leiar: Jan Magne Vigdal

Medlem: Carlo Aall

Medlem: Jan Egil Gjøringbø

Medlem: Per Sivert Nesdal

 

JAKTUTVALET

Leiar: Bjarne Sjøthun

Medlem: Per Olav Henjum

Medlem: Per Norstein

Medlem: Øyvind Njøs

 

LEIRDUEBANEUTVAL

Leiar: Leif-Arne Lingjerde
Medlem: Odd Reksnes
Medlem: Emil Røysum Skartun
Medlem: Svein Inge Lundheim

 

UNGDOMSUTVALET

Leiar: Ole Simen Nesdal

Medlem: Jan Thore Fedje

Medlem: Sverre Fjøsne

Medlem: Vidar Jacobsen

 

 

HUNDEUTVALET

Leiar: Kurt Langeteig

Medlem: Bjørn Monsen

Medlem: Øyvind Husabø

Medlem: Geir Ove Røysum