- Skjenker gjestene til dei dett
- På Årdalsstova blir folk skjenkte til dei dett i golvet, forklarte ein valdstiltalt sogning i retten. 22-åringen hadde fått så grundig pryl av dørvaktene at han sjølv slapp straff for episoden.
Såpass mykje juling hadde dørvaktene gitt den tiltalte 22-åringen at retten valde å frikjenne han på eit tiltalepunkt. Dette trass i at han sjølv hadde brukt grov vald like før.
Dei som skjenker folk fulle...
Retten meiner at den private avstraffinga var hemn frå vaktene si side.
- Dei som skjenker folk fulle har eit særleg ansvar for å syte for at bortvising av fulle gjester skjer i kontrollerte former, står det i dommen frå sorenskrivar Steinar Velle i Indre Sogn tingrett.
- Sjølv om tiltalte er den som starta og har brukt mest vald, må det likevel føre til straffefritak når den fornærma har gått for langt i sin maktbruk, går det vidare fram.
Biletet som i dommen blir teikna av miljøet i og rundt utestaden Årdalsstova - eller berre «Stova» på folkemunne - minner meir om ein westernsaloon enn ein serveringsstad i dagens Norge.
Per Marifjæren
06. feb, 05:49