Naturalismen omlag 1875 - 1890  

 

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                       

·       er ein vidaref¢ring av realismen. Dei naturalistiske diktarane ville trenge dypare ned i problema og finne dei eigentlige årsakene til skjevheiter og misforhold. Dei ville skildre samfunnsforhold og menneske slik dei var, usminka.

 

·       reaksjon på  realismen

o      kritiserte realistane sin “generalitet”

o      personane til realistane blei ikkje truverdige

                                                                                                                                                                                     

-         var deterministisk

o     var du komen i ein klasse i livet, kom du ikkje ut av han

o     hendingar frå fortida ville før eller sider  henta deg att

o     arv og miljø var avgjerande for korleis det gjekk  med deg

 

·        peikte på problem, men kom ikkje med løysingar i same grad som realistane

o     folk som las tekstane til naturalistane skulle bli så forferda over dei samfunnsforholda som blei skildra at dei ville gjere noko med forholdet

 

·          dei tok opp dei same problema som realistane, men dei framstilte dei meir “realistiske” enn realistane

o     tabuområde som sex og anna synd blei tatt opp

o       meir sett ut frå dei fattige sin ståstad – ikkje borgarane sin som hjå Kielland og Ibsen

·        naturalistane var nøye med detaljar noko som ga seg utslag i¨ - noko som hang saman med det  vitskapelege synet mange av dei hadde – logisk positivisme – ei retning innen vitskapen som meinte at berre vitskap som kunne verifiserast kunne kalle seg vitskap

o       ofte blei byar, gater og hus detaljert teikna

§       I Bergen nær Torgalmenningen i Sildeveien 23b låg eit grønt hus med kvitmåla vindauge

o     dialektbruk var viktig for lage scenene mest mogleg realistiske

o     opererer ikkje i same grad som realistane med erketypar, men  med einskild personar som ikkje skulle representere ei heil gruppe.

 

I tillegg er naturalistisk diktning  ofte pessimistisk – noko som fyrst og fremst heng saman med dei emna dei tok opp

 

I ein sum kan ein seie at realistane og naturalistane tilsynelatande står langt frå kvarandre, men det er ikkje tilfelle i alle tekstane. Ofte ser me at forfattarar er overgangspersonar mellom stilane, men tek ein ytterpunkta i kvar stilart, vil ein kunne sjå dei skilnadene eg har peika på her.

 

Naturalistiske forfattere:

·          Amalie Skram (Hellemyrsfolket)

·          Hans Jæger (Fra Kristiania-Bohemen)

·         Christian Krogh (Albertine)

·         Arne Garborg (Bondestudenter)

 

Amalie Skram er den viktigaste av dei naturalistiske forfattarane i Noreg, men Arne Garborg skreiv naturalistiske tekstar før han blei nyromantikar.