| Vi har fleire kjelder til
musikkstoffet. Utan samanlikning viktigst er Thorvald Tronsgård, som
budde i Dalholen i Øvre Folldal. Han var den siste spellmannen i Folldal
som hadde det gamle springleikspelet i blodet. Frå han har vi rundt 30
springleikar, i tillegg til nokre hallingar, eit par marsjar og mykje
runddansmusikk. Ein god del av runddansrepertoaret er også av ein
underleg, litt snurrig, gammelmodig type. Thorvald vart oppsøkt av fleire samlarar på 1960-
og 1970-talet. I første del av 1970-talet begynte også tre av oss
(Egil, Gudlaug og Jan) å oppsøke Thorvald for å lære.
Thorvald hadde eit kvasst
og litt røft spel. I springleiken tråkka han konsekvent alle tre
taktslaga, og markerte svært tydeleg ein assymetrisk takt med kort einar.
Han hadde vidare ein heilt unik, rar fingerbruk som gjorde at prøvde ein
å sjå på kva han gjorde med fingrane når ein
prøvde å henge med på noko han spela, så kom ein
garantert ut av det. Han bruka første finger der spellmenn elles brukar
første eller andre finger, andre finger der dei brukar tredje og tredje
der andre brukar fjerde. Spesielt denne evinnelege flyttinga av
førstefingeren opp og ned var fascinerende å sjå på.
Thorvald heldt fela nede på bringen, gjerne temmeleg midt på, av og
til såvidt opp mot haka, men utan å halde fela skikkeleg fast med
haka. Det førte til at han ikkje kunne bruke posisjonsspel. I leikar som
går opp i ein høg ciss, og som normalt må taklast ved
å gå opp i 3. posisjon, slang Thorvald berre opp ein litt ekstra
høg fjerdefinger.
Thorvald hadde ein bror, Melvin, og ein
nevø, Tormod Sæteren (bestefar til Linda og Elin i laget), som
også spela. Melvin rakk ikkje nokon av oss å høyre, men han
finst på opptak. Han reiste mykje omkring på anleggsarbeid, og
budde i lengre tid i Oppdal. Tormod har dei "eldre" av oss spela
saman med, og ein del av runddansstoffet vårt har vi frå han. Men
Tormod spelte ikkje mykje av det gamle springleikstoffet.
Det finst ein artikkel om
spellmannshistoria i Folldal:
Østbø, Gro (1995): Feletradisjon i Folldal. Tradisjoner,
påvirkning, impulser og spillemenn. Årbok for
Nord-Østerdalen 1994/95, s. 38-45.
|