RENNESØY TORADARGJENG

 

Toradargjengen på Rennesy kom igang etter eit helgakurs med Ingebrigt Rygg frå Voss i oktober 1985. Lokale initiativtakarar var Einar Gangenes og Gunnar Dahle.

17-18 deltakarar var med på kurset, 12-13 av desse vart meir eller mindre aktive toraderspelarar etterpå, og dei fleste av desse har seinare vore kjernen i Rennesøy Toradargjeng.
Ein del yngre har vore rekrutterte gjennom den kommunale musikkskulen og har vore med i gjengen i kortare eller lengre tid.

Krumtapp og drivkraft i gjengen har heile tida vore Einar Gangenes. Han har framleis ansvaret for alt som har med musikken og spelinga å gjera, medan andre har tatt i eit tak når det gjeld meir praktiske gjeremål.

Torsdagskveldane er faste øvingskveldar og øvingane går føre seg på Rennesøy skule i Vikevåg


Toradersjef Einar Gangenes (t.v) på TITANO

Rennesøy Toradargjeng har spelt til dans og underhaldning i fleire samanhengar. Dansesepling på Titanofestivalen er den som ligg lengst unna geografisk, mens ein "Stordans" i den lokale idrettshallen på Mostery er det største arrangementet vi har tatt på oss. Den kvelden hadde vi heile tre trønder-orkester med oss: Arnsteins, Jan Borseths og Sigmund Sæters orkester hadde tatt turen heilt frå Selbu.

Mest stolte er vel gjengen vår likevel av det årlege toradar-treffet som til våren blir arrangert syttande året på rad. (2007) Frå ein forsiktig start med omlag 20 deltakarar hadde vi i mars 1999 mest 70 namn på lista. 17.-19. mars i år 2000 inviterte vi til ti års jubileumsseminar i Meieriet, kulturhuset i kommunen vår.

Om nokon har lyst til vera i lag med oss, da er det berre melda frå til Rennesøy Toradargjeng, v/Arild Bjørn Stavsøien, 4150 Rennesy.



 

jan.nicolaisen@c2i.net

Tilbake til Jans Trekkspillsider

Oppdatert 01.12.2006, JIN