Adkomst: Det er ca 3 km langs veg ned til krysset under foss 1 og 2. Under vanlege forhold vil det vere fordel med ski. Rekn 1-2 timar på både anmarsj og retur. Det er slak motbakke tilbake til parkeringsplassen ved Strøsdammen.

![]() |
![]() |
| Oversiktsbilde over Gørrbuflaget i vassfaret med fossane markert. Svært grått då bildet vart tatt (31.12.2005). | Nærbilde av foss 1 og 2. Foss 1 (til venstre) er ca 100 m klatring. Foss 2 (gul stripe til høgre) er ca 160 m lang. |
Forhaldsvis lite er kjent om desse flotte fossane. Foss 1 og 2 har ei rekke kjente besøk. Dei to andre har ei mørkare historie, sannsynlegvis er iallefall foss 3 klatra.
Fossane ligg i austveggen på Strøslifjellet og heiter Gorbuflaget eller Gørrbuflaget. Dette berget som strekk seg 2-3 km og det kan vere fleire fossar her enn dei som er nemt her.
Foss 1.
Ca 100-150 m lang. Ca grad 3-4. Slak start, så bratt parti (med svært bratte mulegheiter), før det heile legg seg oppunder den bratte berghammeren i toppen. Retur ned fossen eller ned bratt li litt sør for fossen (se detaljkart).
Foss 2.
Ca 160 meter. Grad 3-4. Jamnt halvbratt heile vegen. Fin linje! Retur som for foss nr 1.
Foss 3.
Lite informasjon om denne fossen. ca 150-200 meter lang. Blir slakkare mot toppen. Retur bør vere muleg ned fossen eller litt sørover også ned skogdrag.der.
Foss 4.
Denne fossen ligg 500-600 meter nord for foss 3. Endra mindre info om denne. Ikkje sikkert han er klatra. Sannsynlegvis grad 4-5. Bratt start. 100 - 200 meter lang.
Oppretta 10.01.2006