Kyrjukulen

 

Pål Frenning på 3. taulengde på Kyrjukulen. Foto: Sveinung Råheim
Fleire bilder frå Kyrjukulen

Ca 200m / grad 4-5

Kyrjukulen ligg mellom Liagrenda og Sundvoll i "Liabakko". Han er lett synleg frå E16 når du køyrer gjennom Aurdal (Valdres Alpinsenter). Fossen byr på 1 moderat bratt 1. taulengde, så ei lett taulengde, før det dreg seg til i toppsøyla. Ca 50-60 m vedvarande bratt klatring. Litt småopptak i toppen. Kyrjukulen er lenger og til dels brattare en dei meir kjente naboane sine i Stavadalen. Vel verd eit besøk!

Retur:

Rapell ned langs høgre sida av fossen via tre, eventuelt rappell ned fossen.

Adkomst:

Ta av til Reinli i Bagn sentrum. Ved krysset etter butikken, hald rett fram mot Sundvoll bru. Følgj vegen i 8,2 km til du har passsert ei lita grend og byrja å køyre nedover mot Sundvoll. Fossen ligg no opp i lia mot venstre. Parker på lita avkøyring på høgre hand. På motsett side av vegen går det ein traktorveg det er muleg å følgje til du er under fossane. Det er eit kryss etter omlag 300m. Gå då den øvre vegen (rett fram). Er det mykje snø, vil ski være å foretrekke på anmarsjen (det er ikkje så bratt). Anmarsj ca 30 minutt.

Kjem du nordfrå (Fagernes), køyr 4,4 km etter Sundvoll bru. Parker då på venstre side av vegen.

Tilbake

Saujukulen

Ca grad 3 / 50-100 meter (avhengig av isforholda).

Denne fossen ligg rett til venstre (sør) for Kyrjukulen. Toppen er alltid blå og fin, ca 40 m fin isklatring frå 60 - 85 grader. Starten vil gje fin isklatring i gode år, elles er det lett miksklyving opp i omlag 50 meter. Adkomst og anmarsj som for Kyrjukulen, kanskje litt kortare.

Tilbake

Oppdatert 31.12.2001.