Velkomen til heimesida mi
Etter
eit langt yrkesliv som
møbelprodusent,
kom pensjonist-tida for meg også. Interessa for tre og
treprodukter vart vanskeleg å sleppa. Men ein dreiebenk som gåve,
frå Åslaug kona mi, til 65 årsdagen, og massevis med kubbar (ved)
tende ei ny interesse. Skåler, fat, og anna vart etter kvart trylla
fram. No vert alle vedkubbar nøye studert før dei hamnar i omnen.
Dette vart opptakten Hugla-tre.

Etter kvart fekk eg meir "dreis på dreinga", og behov for å
utvikla nye verktøy sjølv. Tilgang på gamalt avrettarstål kom godt med, og er
ofte emne eg brukar i verktøya mine. Av brukt kraftig flishoggarstål har eg laga store
skrapestål. Til bolleskulpen lagar eg skaft av røyr fylt med bly
og sand. Dette gir stabile jern.
|

Produktgalleri

Hugla-tre

Kultur og historie

Båtliv i Sunnhordland |