Det har lenge vore mangel på nynorsk programvare. Dette er heldigvis i ferd med å endra seg. Sjølv har eg omsett fire program til nynorsk – ein nettlesar, eit tekstbehandlingsprogram, eit vevstatistikkprogram og eit dataspel.
AbiWord er eit gratis (og på alle måtar fritt) tekstbehandlingsprogram under utvikling. Det finst tilgjengelig på for fleire plattformar, og språk, blant anna nynorsk. Grunntanken bak programmet, er at det skal vera veldig enkelt å bruka, men likevel kraftig nok til daglig bruk.
AWStats er ein gratis logganalysator som kan generera avansert grafisk og tabellbasert statistikk for nettstaden din. Programmet støtter dei fleste loggformata og kan kjørast på alle vevtenar som støttar Perl. Alt dette på nynorsk!
Mozilla er ein Internett-programpakke med nettlesar, e-postprogram, njuslesar, nettsideutviklingprogram og IRC-klient. Han finst tilgjengelig gratis for ei rekkje plattformer og språk, blant anna på nynorsk.
Tux Paint er eit gratis, nynorsk teikneprogram for dei yngste. Det har eit veldig enkelt og lettbrukt brukargrensesnitt, men har òg mange flotte og artige funksjonar.
Den søte pingvinen Tux er på jakt etter eit skikkeleg måltid mat, og han treng di hjelp. Samtidig som du speler, får du god trening i å bruka tastaturet. Ungar kan få den grunnleggande innføringa i kor tastane ligg, og vaksne kan læra seg å skriva fortare.
Karl Ove Hufthammer <karl@huftis.org>Først publisert: 1999-01-01
Sist oppdatert: 2001-06-12