Nettsideutvikling

Her finn du ymse artiklar om utvikling av nettsider. Eg har (openbert) arbeida litt med dette sjølv, og vil dela av erfaringane eg har gjort meg. Artiklane er ofte detaljerte, men handlar om relativt smale emne.

Strukturbasert XHTML

Ein av fordelane med XHTML, er at det er eit strukturbasert språk. Dette muliggjer presentasjon av innhaldet på fleire måtar, på vanlige nettlesarar, men òg på avanserte mobiltelefonar og programvare basert på talesyntese. Denne artikkelen gjev ei kort innføring i skiljet mellom struktur/semantikk og presentasjon, og avsluttar med eit detaljert eksempel.

Alternativ tekst i XHTML

Når du har laga eit dokument som skal leggast ut på veven, vil du nok at dette skal vera tilgjengelig for flest mulig. Heldigvis er XHTML utvikla for å gjera nettopp dette mulig. Faktisk kan sidene dine vera tilgjengelige for alle, sjølv for blinde!

Tabellar i XHTML

Tabellar er kanskje den beste måten å framvisa informasjon på ein oversiktlig måte. Statistikk, prisoversikter, budsjett og rekneskap – alt dette passar bra som «tabellmateriale». Markeringsspråket XHTML gjer det mulig å laga relativt avanserte tabellar, noko denne artikkelen gjev ei innføring i.

Lenkjer i XHTML

Lenkjer er noko av det som har gjort HTML populært. Her vil det etter kvart komma ein artikkel om lenkjer generelt, med underartiklar om meir spesifikke ting som gjeld lenkjer i XHTML.

Retningslinjer for utforming av innhald på veven

Dette er ei norsk omsetjing av W3Cs Web Content Accessibility Guidelines 1.0. Det er eit sett med retningslinjer som forklarar korleis ein kan gjera innhald på veven tilgjengeleg for alle (inkludert folk med ulik grad av funksjonshemmingar). Retningslinjene vil på ingen måte avgrensa bruk for eksempel bilde, grafikk eller lyd, men vil heller visa korleis dette kan gjerast meir tilgjengeleg for fleire.

Karl Ove Hufthammer <karl@huftis.org>

Først publisert: 1999-01-01
Sist oppdatert: 2001-05-21


Denne sida er sett saman med gyldig XHTML 1.0.   RSS-utgåve av denne nettstaden.   Ho har òg gyldig CSS (stilsett).