Arkiv 2002

Vår 2002:
Vårturneringa 2002
Singleturneringa
Kveldsturnering 5.sept.

Haust 2002:
Folla Cup 2002
Heimdalscupen
Haustturneringa 2002
Kveldsturnering 7.nov.
Heimdalsmeisterskapet
Kveldsturnering 12.des.
Julebridgen

 

Julebridgen 2002: Solid siger av Gerd og Tage!
Gerd og Tage parkerte feltet og imponerte i juleturneringa på Heimdal. Hans og Terje var med lenge men måtte ta til takke med ein god 2.plass. Godt å sjå at damer også hevder seg i toppen - Halldis G. og Øystein O. sikra til slutt ein fin 3.plass - Gratulerer til alle!
Sluttresultat
Spelstensil

Årets bilete 2002 på Heimdal
Sjå her

Heimdalsmeisterskapen 2002
Overlegen siger av Hans og Pil - Gratulerer!
Sluttresultat

Dramatikk til siste slutt - Pil/Lars vann Haustturneringa!
Ivar og Sverre vann kampen om B-puljespel med minst mogleg margin!
Pil og Lars (med Geir på laget) vann Haustturneringa etter å ha vunne siste runden - Gratulerer! Litt omrokkering i B-pulja, men opprykksplassane er dei same som før. Kampen om den siste B-puljeplassen (hengeplass) vart vunnen av Ivar og Sverre med 0,9 poeng føre Are og Øyvind.

Takk til alle for ei fin Haustturnering!
Resultat etter 9.sesjon

Heimdal 3. beste klubb i Europa
Heimdal BK representert ved Geir Helgemo, Glenn Grøtheim, Terje Aa, Per Erik Austberg og Jon-Egil Furunes gjorde ein kjempepresentasjon ved å ta ein 3.plass i EM for klubblag sist helg - Gratulerer!!!
Meir her

Rune og Aksel klare vinnarar av Heimdalscupen 2002
Rune og Aksel tok heim sigeren i Heimdalscupen i år - GRATULERER!

Resultatliste (pdf-format)
Spelstensiler (pdf-format)

   

Vinnarane Rune Brattgjerd og Aksel
Hornslien flankert av leiar i HBK
Edgar Østreim og turneringsleiar
Per Nordland

  Nr.2: Jørn Arild Ringseth og Håkon Kippe   Nr.3: Terje og Bjørn Aa

Høyrt ved bordet:
Øyvind dobbla frivillig meldt 4H av Pil. Kommentar Pil: "Er itj du medlem av Heimdal BK da??".

Metanolspriten knytast til bridgemiljøet!
Trønder-Avisa 8.oktober
VG onsdag 9.oktober

Endeleg bilete av den glade laks frå Follacupen 2002

 
Vinnaren av Singleturneringa krysser Folla - seinare tok ho heile kaka!  
Vi runder Ørlandet!
Hans: Dæven - den va stor!

Fleire bilete her!

Lag påmeldt til NM frå Heimdal

Lag Kontaktperson
Heimdal 1 Glenn Grøtheim
Heimdal 2 Børre Lund
Heimdal 3 John Våge
Heimdal 4 Bjørn Aa
Heimdal 5 Svein R. Lien
Heimdal 6 Einar Asbjørn Brenne
Heimdal 7 Edgar Østreim

NB! Turneringsinfo. - lovendringar:
Dei som har lese i den nye terminlista har sett at det er iverksett nokre nye lovendringar. Etter å ha spelt turnering sist helg opplevde eg at ein del har vorte flinke til å ta i bruk dei nye Stopp-reglane. Oppmoder alle, også oss kvardagsspelarar, om å lese dei nye lovene og etter beste evne starte å bruke desse. Eg saknar imidlertid info. om dette på nettsidene til NBF. Det er ikkje alltid like lett å navigere i nettsidene til NBF, så viss nokon kjenner adressen til ei side som har god informasjon om dei siste lovendringane - send meg adressen. Eg har på lenkesida til vesntre lagt ut ei lenke til Lovutvalet i NBF si side. Den ser ikkje ut til å ha vorte oppdtaert på ei stund, men det ligg ein del nyttig info. der.

NB! Turneringsinfo. - klubbpoeng:


NB! For å få registrert klubbpoeng riktig er det to viktige ting å merke seg før ein går til spelebordet:

  1. Dei som stiller i klubbturneringa med tre personar i paret har sjølve ansvaret for å stryke det namnet på bordslippen som ikkje speler denne kvelden! Fråver av denne opplysninga fører til at klubbpoeng ikkje blir registrert på paret. Dette gjeld for alle rundene.
  2. Dei som stiller med vikar har ansvaret for å føre namnet på denne personen på bordslippen! Nemningar som "vikar" eller "reserve" har ikkje eigen konto som aktiv spelar i NBFs personoversyn! Mangel på namn fører til tap av klubbpoeng for denne personen. Også dette gjeld for alle rundene.

Første dopingsak i internasjonal bridge avslørt
Les meir her

Frå bridgehistoria I
Sist veka var eg ein tur i Oslo, og som alltid når eg er på Oslo-tur må eg ta ein antikvariat-runde. Veit aldri kva eg eigentleg ser etter - men artige ting finn ein alltid. Denne gongen dumpa eg på Nordlis antikvariat over Knut Palmstrøms Moderne bridge: Culbertson og Vienna, frå 1943. For den som har sansen for dei de små detaljer som får fram smilebandet er dette sitatet om konvensjonen "Den store 5-grandmelding" verd å lese:

Vi så foran at for å vise alle 4 ess på samme hånd, måtte man først melde 4 og deretter 5 grand. Hvorfor denne omveg har De vel tenkt? Jo, fordi 5 grand rett inn har en helt særegen betydning: makker skal da
1) melde 7 i trumffargen med 2 av de 3 høyeste honnører i denne,
2) melde 6 i trumffargen med 1 av de 3 høyeste honnører i denne og
3) melde 6 i en lavere rangerende farge uten noen av de 3 høyeste honnører i trumffargen.
Dette er altså en meget presist virkende konvensjon, som det dessverre bare så altfor sjelden blir anledning til å bruke.

Akk, akk... de korta...

Folla Cup 2002 - haustens bridgeeventyr!

"Folla-cup 2002" går av stabelen laurdag 7.september og natt til 8.september. Vi tar Hurtigruta t/r Rørvik. Dette er ei sosial turnering for medlemane i klubben - med utradisjonell premiering :-)

Det er 12 påmelde. Vi treng ikkje fleire for å bli tre fulle bord!

Vi drar frå Hurtigrutekaia med den nyaste av hurtigrutene - Trollfjord - kl. 12.00 den 7. sept. og returnerer med den nesten like nye - Vetserålen - frå Rørvik. Vi er tilbake i Trondheim om morgonen den 8. sept. Oppgitt pris for heile turen er 840 kroner. Deltakaravgift 50 kr.

For dei ivrigaste blir det vel som sist også ein "After Tour Single" på Jernbanekafeen og kanskje ein lagkamp i pirbadet.

Kartet til høgre kan vere greitt å ha for å finne fram etter ein do-tur eller "ein snakke med kapteinen-tur" utpå natta.

Ingen grunn til å ligge i hardtrening - kun kos og gøy!!!

Program Folla Cup 2002
Ca. 13.00 - 16.30: Singleturnering - 22 spel.
Ca. 16.30 - 17.30: Middag.
Ca. 17.30 - 20.30: Parturnering - 20 spel.
21.15: Rørvik - Alle forlater nordgåande M/S Trollfjord.
21.30: Alle er ombord i sørgåande M/S Vesterålen.
21.30: Vi nyter livet (snakker med kapteinen el.l.).
Ca. 24.00: Lagturnering - 24 spel.
Ein gong om morgonen: Alle forlater M/S Vesterålen ved ankomst Trondheim.

NB! Programmet kan bli gjenstand for justeringar og improvisasjon.

Værmelding: Flau vind 0 - svak vind 3 (dvs. legg igjen sjøsjuketablettane heime!)

Alert - skal klubbkulturen eller bridgelovene ha rett?
Rune har sendt inn ein kommentar til protestane mot alert av 1NT:
Leser på klubbsiden at det er mange klager på manglende alert. Man kan ikke forlange at spillere som er nybegynnere eller spillere som spiller kun klubb bridge skal kunne være oppdatert på hvordan man skal tyde regelverket. Ikke en gang turneringsledere håndhever regelverket likt. Dette har aldri vært noe problem i klubben før med manglende alert, hvorfor lage noe problem ut av dette nå ? Det går ann å spørre hva meldingene betyr. Det er ikke noe verdensmesterskap vi spiller. Å åpne på 1 NT med 5-4-2-2 fordeling kan vel ingen nekte noen.

Rune reiser her ein viktig diskusjon både om klubbkultur og tolking av regelverket. Spørsmålet er aktualisert som følgje av protest og dom i spel 50, par 18 vs 23 (sjå spelstensil, runde 7) der Øst opna 1NT og NS protesterte - fekk eit stikk for lite i sluttspelet som følgje av konvensjonell 1NT opning. 3 innlegg her.

Tøft felt - "gamle guder" viser styrke ...
Tradisjonen tro er det også denne hausten eit tøft felt som har stilt til start. Vi har ein del nye par - velkomen til desse!

Glenn og Terje tok initiativet etter første spelekvelden i haustturneringa. Dei er synleg ivrig etter å vise at nedrykket sist haust var eit arbeidsuhell og at A-pulje-plassen dei fekk i 12. time rettmessig er deires. To nykommarpar i B- og C-pulja overbeviste med solid spel: Eide/Lindquist og Røssvoll/Slettvold. Elles er det interessant at fleire av A-pulje-para, mellom dei eit av favorittpara, Noreng/Våge, kom skeivt ut første kvelden. Ingen skal slå seg til ro med god pulje-plassering og seeding i dette feltet!

Den nye versjonen av turneringsprogrammet har ingen opsjon for utskrift av spelstensilene til Web-format. Denne sørvisen uteblir derfor inntil vidare (dei vil bli lagt ut på klubbkveldane). Det har vorte tatt kontakt med programutviklarane om saka.

Startliste for Haustturneringa

Startliste Haustturneringa (27 par, 13,5 bord)
Pulje A: Pulje B: Pulje C:
Rune Brattgjerd - Aksel Hornslien Petter Tøndel - Ingmund Bjørkan Trude Selfors - Anette Vaagland
B.Lund - B.M. Mathisen - J. Molberg Fredd Kristiansen - Daniel Stanghelle Are Ladegård - Øyvind Thomassen
P.E.Austberg - L.Frøland - G. Helgemo Glenn Grøtheim - Terje Aa Anne G. Enoksen - Marianne Evjenth
Morten Tilset - Arve Nordskag Ivar Austberg- Sverre Wenhaug Geir Røsvoll - Øyvind Sletvold
Hans Noreng - John Våge Harald Tverå - Kjell T. Wanvik Lars Liabø - Emil Holthe
Gerd Aa - Tage Husby Øystein Melgård - Jostein Bollingmo Petter Bakken - Georg Søskøy
Svein R. Lien - Svein Skagestad Edgar Østreim - Asle Tilset Erlend Skjetne - Frode Grøtheim
J.V. Aa - B. Aa - S. Aa Ulf Sollied - Leif Nygård John Husby - John O. Nilsen
Einar A. Brenne - Steinar Nilsen Erik Eide - Espen Lindquist  
  Anders Reitan - K.J. Brækstad  

 

 

 

 

 

 

 

Stort og smått
17.09: Klubbpoeng for sesongen 2001-02 er sendt NBF.
16.09: Einar Arne og Steinar vann Studentenes jubileumsturnering i helga - Gratulerer! Resultatliste. Erlend og Frode klarte ein fin 7.plass i B-pulja - Gratulerer! Resultatliste.
17.04: Lars og Are vann Marienborg Cup og tok med seg vandrepokalen heim - Gratulerer! Resultatliste.
01.04:
Proffen og John vann Påskecupen på Berkåk - Gratulerer!
15.03:
Børre og Jørgen vann ACBLs Open Pairs i Housten laurdag 9.mars. Resultatliste.
28.01:
Axel og Børre vart nr.2 i Bergen storturnering (27.1) - Gratulerer!
04.01: Neste spelekveld i Heimdalsmeisterskapet (10.01) er utsett til torsdag 17.01.
30.12: Julebridge 2001: Resultatliste og spelstensiler er lagt ut.
15.11: Singleturnering på Bridgehuset f.k. laurdag 17.11 kl. 15.00.
14.11: Korreksjon i runde 19 i Haustturneringa. Korreksjonsrapport nedst på 1. resultatsida.
13.11: Resultata frå Kretsserien og Seriemeisterskapen er lagt ut.
12.11: Ein godbit av Edgar er lagt ut på på sida for Melde- og speleføringsproblem.
12.11: Midt-Trøndelag I med Terje, Glenn, Geir og Pil på laget frå Heimdal tok ei suveren leiing med 74 av 75 VP under første helga av Seriemeisterskapen - 1.divisjon. Vi venter i spenning ...
09.11: John V. og Lars F. vann par-NM for jarnbanen sist helg. Gratulerer !!! Leif og Ulf tok ein fin 6. plass.
03.11: Det norske laget vart nr.2 i Bermuda Bowl. Gratulerer!!! Det norske lagt vann knepent første sesjonen i dag før amerikanarane tok heim sigeren (286-265) i siste sesjon.
02.11: Amerikanarane tok innpå 43 poeng i 5.runden i finalen i Bermuda Bowl. Stillinga no er 192-154.
02.11: Singleturnering på Bridgehuset i morgon laurdag 3.nov. kl.15.00.
02.11: Fleire "bridgetanter" kjem ut av skapet på sida for Melde- og speleføringsproblem.
01.11: Landslaget med kjempestart i finalen i Bermuda Bowl. 54-27 i første runde mot USA II.
01.11: Tydal Cup laurdag 3.nov. er avlyst og settast opp på nytt 24.11.
31.10: Landslaget til finalen i Bermuda Bowl etter knepen siger over Italia (194-189). Det norske laget møter USA II i finalen. USA II slo Polen i semifinalen.
30.10: Jørgen Molberg vann Oppdalsturneringa i par med GEO sist søndag.
30.10: Det norske laget er i semifinalen i Bermuda Bowl etter å ha slått Indonesia i kvartfinalen. Einar Asbjørn, Terje, Glenn, Geir et.al. møter Italia i semifinalen. Italia slo ut USA I i kvart'n.
30.10: John V. forsvarer "tantebridge og skuldar Kjell M. for å vere "for drøy". Sjå Melde- og speleføringsproblem.
29.10: Det norske laget i Bermuda Bowl er på god veg til å slå Indonesia i kvartfinalen og dermed sikre plass i semifinalen.
26.10: Kjell lurer på om Børre speler "tantebridge"? - Sjå sida for Melde- og speleføringsproblem.
24.10: Første meldeproblem er lagt ut på sida for Melde- og speleføringsproblem.
22.10: Marc og Øyvind tok 2.plassen i Handicap-turneringa med 29 par på Bridgehuset søndag 21.10. Torbjørn Myklestad og Stefan Kåsbøl frå Munken vann.
22.10:
Laget med B. Lund, K. Helmersen, Bjørn Aa og Terje Aa frå Heimdal vann Nordisk postmeisterskap for lag førre helga.