Arkiv 2001

Vår 2001:
Vårturneringa 2001

Haust 2001:
Kveldsturn. 31.08.2001
Jub.turn. 13.10.2001
Haustturnering 2001
Heimdalsmeisterskapet 2001
 

 

Solid vinnarpar i Haustturneringa: Hans Noreng og John Våge - Gratulerer!!
Hans og John tok som venta heim sigeren i haustturneringa med nok ein runde med eit jamnt godt resultat. Den stabile formen gjennom heile turneringa var utvilsomt viktig og minner sterkt om det klassiske gulløpet til brørne Alf og Frank Hansen i dobbeltschuller under OL i 1976. Pil, Lars og Børre hadde ein kjempekveld og kneip 2.plassen i A-pulja såvidt framfor Bjørn Morten og Børre. Det kanskje mest overraskande resultatet i pulja er den klare sisteplassen og nedrykket for Glenn, Terje og Bjørn. Frå 2.plass i Paris til 9.plass på Heimdal vitnar utan tvil om det høge nivået i klubben. I tillegg til desse ligg para Svein/Svein Roar og Kjell/Geir B. an til nedrykk. Styret skal få ei nøtt å knekke i seedinga til den komande vårturneringa.

I B-pulja var det ingen endringar i toppen og Morten og Arve trygga heim sigeren siste kvelden - Gratulerer. Det har vore høg kvalitet i B-pulja, noko som 3 lag er kvalifisert for opprykk. Derimot skjedde det ei overraskande vending i nedrykksstriden i pulja. Edgar og Asle, som fleire kveldar har vore i nedrykksposisjon, spelte godt siste kvelden og spratt to plassar opp. Ulf og Leif hamna like overraskande, og for første gong i turneringa, på den eine nedrykksplassen i gruppa.

I C-pulja rodde Øystein og Jostein heim sigeren og blir det einaste paret som rykker opp i B-pulja - Gratulerer.

Arve og Morten Heimdalsmeistrar 2001

Arve og Morten fann igjen formen siste kvelden og tok heim ein knapp siger foran Rune og Axel. Hans og Pil fall tilbake frå topplassen og tok 3.plassen til slutt. Gratulerer til alle!