Dei siste åra har Bygdelaget Havglimt vore sterkt engasjert i arbeidet med å få fleire innbyggarar på øyane. Det har vore knytta mange kontaktar i Nederland, og det er naturleg nok småbarnsfamiliar ein jobbar for å få til øyane. Dette er spesielt viktig for å oppretthalde tilbod som skule og barnehage.