Her på øyane er det fint turterreng som passar for alle. Ein kan ha med seg sykkel og sykle den omlag 6 kilometer lange asfalterte vegen, eller ein kan gå fine turar langs sjøen, og finne seg ei lun vik å raste i. For dei sprekaste er det tre fjelltoppar å velje mellom. Frå Storefjellet har ein fin utsikt mot aust og nord, og på nordsida finn ein og ei trollhole i fjellet - her bør ein ha med lys og tau. På indre Reksta er det eit vatn på fjellet, og her i frå kan ein nyte utsikta i alle retningar. I rognaldsvåg finn ein det bratte og spisse Harefjellet, her er det ein varde med bok i, og her nyt ein den vidåpne utsikta vest i havet. På Kinn finn ein den karakteristiske Kinnaklova som kan vere vel verdt eit besøk. Der ser ein hav så langt auget kan nå.

Rundt øya er det mange gode fiskemuligheiter, og dei fleste på øya har eigen båt
slik at dei held seg med "husfisk". Om sommaren/hausten blir det
fiska mykje krabbe og hummaren er ein flittig gjest i teinene utpå
hausten/vinteren.