 |
|
Landbruk
Frå gamalt av var det mange gardsbruk på øya, der ein dreiv med både kyr og sauer, gjerne i kombinasjon med fiske. Desse vert ofte kalla fiskarbønder, og her var det konene som hadde hovudansvaret for gardsdrifta, mens mennene dreiv fiske. Dei største gardane var på indre og ytre Reksta, medan det i Rognaldsvåg var mindre gardsbruk.
I dag er det berre 7 gardar i drift, to drive med ammekyr i tillegg til sauer, medan resten har berre sauer. Jorda på Reksta er i hovudsak myrjord, og beita er lyngheiar.

|
|
Fiske
 |
|
Fiskeri spelar naturleg nok ei viktig rolle på desse øyane som ligg nært dei gode fiskefelta. Midt på både 18- og 1900 talet var sildefisket særs godt, og både Flora kommune og Reksta/Rognaldsvåg vart prega av dette.
I dag er dei fleste fiskarane på øya tilsette på større fiskebåtar, men her finns enno nokre få sjarkfiskarar i distriktet.
På nordsida av Rekste er det eit moderne anlegg for laks- og ørretoppdrett. På Tofta i Rognaldsvåg kan fiskarane levere fangsten som er til dømes hummar, lange, torsk eller lyr. |
|
|

|
|
Butikken
Midt i Rognaldsvåg ligg landhandelen Ditlef Sunde ANS. Butikken har vore driven av familien Sunde sidan 1893, og er ein tradisjonell landhandel, der du kan kjøpe det meste. Kundegrunnlaget er husstandane på øya, men dei sender og ein del varer til naboøyane. Turistsesongen er avgjerande for at ein butikk skal klare seg på ein så liten plass. På butikken har dei ein kafékrok der du alltid kan få deg ein kopp kaffi og slå av ein prat.
|
|
 |
|