|
Butikken vart starta i 1893 av brødrene Lyder og Bertinius Sunde. Lyder dreiv handelsstaden med Landhandel og fiskemottak, medan Bertinius dreiv post og dampskipsekspedisjon. Handelstaden Tjenna hadde og eige bakeri i kjellaren og der kunne dei og ta inn losjerande. Firmanamnet kjem frå Lyder sin son Ditlef, som overtok etter faren i 1917. Han var aktiv i drifta fram til han døyde i 1983. Ditlef sin son Ove kom inn i firmaet etter fullført handelsskule og han fungerte som dagleg leiar fram til sin død i 1991.
Tidleg på femtitaletet blei fiskemottaket avvikla, og eit nytt vart starta av Ditlef sin svoger Sigvald Rognsøy. Dette er framleis i drift. Ditlef sin andre son starta i firmaet i 1961, og Landhandelen vart driven av Arne, og Ove sin yngste son, Hans-Jacob Sunde som dagleg leiar. Firmaet har sådant vert i drift gjennom fire generasjoner. I 1983 den nye butikken bygd av familien Sunde på eigendommen Sjøstrand ved sida av den gamle Tjenna. Kaianlegg stod ferdig i 1991 og har og ei lita kjøyrerampe for rullande materiell.
|