|
|
|

Påsketrim
I tre år har bygdelaget arrangert trimtur til ei vik i Rognaldsvåg, i samarbeid med Ytterøyane 4H. 4H-klubben set då opp natursti frå Rognaldsvåg som følgjer vegen inn til vika der Ingrid og Ottar sit klare med bål til kaffi og grilling. Dette har blitt ein koseleg tradisjon som både små og store er med på.
|
|
|

|
|
Fest og basar i skulehuset

Nokre gangar i året brukar bygdelaget å arrangere basar. Det er gjerne i samarbeid med skulen, slik at elevane lagar litt underhaldning. Elles er det servering av rundstykker, kaffi og kaker, og så er det åresal og trekking frå bok. I April arrangerte Bygdelaget ein kveld med folkemusikk og dans, då var det og sal av kaffi og kaker, og ein fekk vere aktivt med i gymsalen om ein ville.
|
|
|

|
|
17. mai
På 17. mai brukar Bygdelaget og skulen å byte på å arrangere 17. mai-fest i skulehuset. Dagen vert feira med tradisjonelt 17. mai tog, leikar for store og små, og middag, kaker brus og is!!! Det finnast ikkje noko korps i Rognaldsvåg, men det har blitt leigd inn i frå Florø nokre få år, elles så må ein stå for liv og røre i toget sjølv.
|
|
|
 |
|
Jonsok
Jonsokaftan vert vanlegvis feira med bål, grilling og kanskje rømmegraut i skulen.
I 2000 var det litt annleis - fordi Veikingkonvoien ville ta turen til Rognaldsvåg.
Bygdelaget Havglimt tok gjerne den utfordringa, og arrangerte stor fest for store og små. På kaia var det trekkspelmusikk og sal av grillmat. Ungdommane hadde bygt på bål på Griseholmen, og det vart tent ca kl. 22.30. Stemninga var god både på skulen og kaia, og folk kosa seg i godvêret.

|
|

Julemesse
Bygdelaget Havglimt arrangerar julemesse i slutten av November. Her kan du kjøpe heimelaga julegåver til slekt og vener alt frå strikka lobbar til porselensnissar. Folk i frå øyane og distriktet rundt kjem med produkta sine til skulehuset i Rognaldsvåg. Kaffi og kake-sal høyrer og med på julemessa + eit lite lotteri.
|