FAR OG SØNN I MEXICO
Ei reiseskildring
Dette er ei reiseskildring til inspirasjon for alle single foreldre som har lyst å ta barna sine med på langtur. Nederst på sida kan du skriva dine kommentarar i ei gjestebok.
(Sida har ein del store bilder, slik at det kan ta tid å lasta inn alle bilda, dersom du ikkje har bredband.)
God tur!

Bolde vikingar klare til å stiga opp på solpyramiden i Teotiuacan.
Flyplassen er mildt sagt overfylt. Ikkje så rart kanskje, sidan me nettopp har kome til ei av verdas største byar, Mexico City, med omlag 24 millionar innbyggjarar. Aslak, ein lyslugga gut på 11 år er dødssliten. Han har tilbakelagt ein 20 timars reisedag. Han har vondt i magen. Og beina sviktar under han etter ein to timars toll og passkø på flyplassen. Så er det å gå ut i den store, store verda. Fleire tusen, støyande menneske står utanfor kontrollområdet. Mange med plakater med namn på. Mange ropar ut namna. Men ingen har våre namn. Eg held krampaktig fast i handa til sonen min, forsikrar meg om at verdisakene er forsvarleg oppbevart og går ut i menneskemengda. To nervøse og slitne mannfolk fra vesle Vadsø i Finnmark, kun iført t-skjorte, shorts, sandalar og to små reiseryggsekkar. Ein månad i Mexico ventar.
-Do you want a taxi, my friend?
Eg hugsar svakt frå ei reisehandbok at det blei anbefalt å ikkje ta private drosjar på flyplassen, men heller ta dei gule, offentlege drosjane. Og nå er me allereie geleida inn i ein privat.
-Where do you want to go, my friend?
Eg hentar fram informasjon frå reisehandboka igjen, og ber om å få dra til “Zona Rosa”, eit område i byen som boka anbefaler.
-Yes, my friend.
Tankane rasar gjennom hovudet. Drosjesjåføren køyrer slalom gjennom den kaotiske trafikken. Kaotisk fordi alle sjåførane faktisk brukar kvarandre som slalomportar. Og sjåføren i vår bil pratar i eitt. I ei blanding av engelsk og spansk. Spør kvar me kjem frå. Men har ikkje høyrt om Noreg. Ikke om Sverige eller Skandinavia heller. Lufta er grå. Det er varmt. Bygningane rundt omkring er skitne. Søppel ligg slengt rundt i gatene. Og overalt heng det svære, amerikanske reklameplakatar.
Korleis skal dette gå? Eg kikkar bort på Aslak, som stille og søvnig ser ut vindauget. Det følest absolutt ikkje forsvarleg der og då å dra med ein 11 år gammal gut hit, og ha ansvaret åleine. Han har reist ein del i livet sitt. Men aldri har me reist så langt, berre me to. Kva viss drosjesjåføren er kriminell? Kanskje han snart svingar inn i ei bakgate, slår oss ned og tar alle verdisakene? Den pratsomme sjåføren svingar inn, ikkje i ei bakgate, men framfor eit svært hotell. Eg er så letta over å vera framme at jeg gir masse driks. Han tar gledesstrålande imot.
-Welcome to Mexico, my friend!
VENLEIK

Aslak og millionbyen Mexico City
Det viser seg at dei aller fleste rundt oss er veldig hjelpsame og omsorgsfulle. Me føler at folk verkeleg bryr seg om oss. At dei ynsker at me skal ha det bra. Nokre advarslar får me. Ein drosjesjåfør forklarer at me alltid bør sjekka sjåførane sitt identitetskort som skal henga framme på dashbordet. Viss ikkje kan me risikera å bli rana. Men me opplever aldri noko slikt. Me prøver oss etter kvart på undergrunnsbanen, havnar midt opp i rushtida, og står som sild i tønne i eit hav av meksikanarar. Me står og klør oss i hovudet, ser i kartet og finn ikkje fram. Og straks kjem nokon og hjelper oss. Den lyse luggen til Aslak vekker positiv merksemd. Han hjelper godt til sjølv, òg med sin eigen sjarmoffensiv.
-Gracias amigo, ropar han ut når nokon hjelper oss. Og mottar gledesstrålande smil tilbake.


Forsøk på å gjenskapa aztecisk musikk og dans i Mexico City
Det meksikanske folket består hovudsakleg av tre grupper.
Dei som meiner dei berre har europeiske forfedre,
mestisar, ei blanding av indianarar og europèarar og
forskjellige indianske grupper.
Størst sosial og økonomisk rang har ”europèarane”, medan indianarane står lengst nede på rangstigen. Dei økonomiske forskjellane skrik mot oss overalt i gatene. På fortaua sit kvinner og tiggar med sovande barn i armane. Straks trafikken stoppar for rødt lys, myldrar det fram skitne barn og vaksne som prøver å tena på sal av sigarettar, godteri, vasking av bilruter, akrobatikk og underhaldning. Ei mor kjem inn i ein cafe med to barn og spør om dei kan selgja litt godteri. Aslak kjøper to slikkepinnar. Mora lovpriser oss, spør om håret til Aslak er ekte, at eg må passa godt på han, at me har Guds velsigning, og at me må ta med oss Jesus tilbake til Norge.
-Han har allereie tatt turen dit, svarer eg.
Ein mann som ser ut til å høyra til den europeiske delen av folket, står og børstar støvet av sin raude sportsbil. Han ventar på sin ”europeiske”, vakre kjæreste.
-Det blir til at me med europeisk avstamning held oss til kvarandre. Ein ynsker jo å stifta familie med ei jente som er vakker, forklarer han.
Fleirtalet av folket er mestisar. Ein mann er unnvikande når eg spør om hans avstamning.
-Det einaste eg veit om min bestefar, er at han har budd i Mexico City heile livet sitt, seier han kort.
Mexico City blei grunnlagt av Aztec-indianarane. Den spanske hærføraren Cortez og hans soldatar var forbløffa då dei kom til byen. Byen blei omtalt som svært vakker og velorganisert. På kort tid klarte Cortez å utrydda store delar av det aztekiske folket og å jevna heile byen med jorda. Midt i byen finn me i dag nokre få minner frå denne tida. Katedralen er bygd opp av material frå dei aztekiske templa. Nokre tunge trommeslag fyller lufta ved sida av. Ei gruppe dansarar prøver å framstilla aztekisk dansk, slik dei trur den kan ha vore. Ein ”medisinmann” bles røyk på forventningsfulle turistar, for å gi dei vern i livet framover. Det koster nokre få pesos. Eit lite minnesmerke forklarer den meksikanske kultur. ”Den meksikanske historie byrjar med den spanske seieren over aztekarane. Den må likevel ikkje sjåast på som ein seier, heller ikkje som eit nederlag. Men som den smertefulle fødsel for dagens mestis-kultur.”
-M-hm. Men kan vi gå nu, spør Aslak, etter den historiske forelesninga mi.

Guiden vår framfor solpyramiden.
Nokre mil utanfor hovudstaden ligg ruinområdet Teotihuacan. Templar og to svære pyramidar ruver over det store området. Templa og pyramidane blei bygd av eit folk som hadde forlatt området lenge før aztekarane kom.
-Pyramidane her er eigentleg ikkje pyramidar, som i Egypt. Her er det ingen hemmelege rom og gravstader. Funksjonen til pyramidane var å hylla månen og sola, forklarer ein guide.
Aslak blir veldig sliten av å gå rundt på området. Sola er brennheit og lufta er tynn. Området ligg 2000 meter over havet, og det tar på. Eg blir sliten av alle som prøver å selgja souvenirar. Overalt held dei ut tepper og gjenstandar. Viss me viser den minste interesse, følgjer dei konstant etter. Nokre prøver å overtala Aslak. Han synes synd på dei desperate selgarane.
-Men pappa, det her er då vel billeg?
Eg unnskylder meg med at me først vil klatra opp den største pyramiden.


På veg opp og ned den enorme solpyramiden
Det er tungt å gå opp dei mange trappene på pyramiden i den tynne, varme lufta. Men me klarer det. På veg ned går me ei anna trapp for å unngå selgarane. Men forgjeves. Vel nede igjen høyrer me bak oss;
-Hello, my friend. Remember me?
Til slutt kjøper me ein liten steinfigur. Det fører til at ein drøss med andre selgarar stimlar rundt oss, som floger rundt honning. Før me får sukk for oss, har me kjøpt eit lass med souvenirar, og prøver fortvila å koma oss bort, med eit haleheng av endå fleire selgarar.

Ein lykkeleg Aslak får endeleg utfalda seg på tivoli, med trampoline og berg og dalbane.
Det er ikkje til å koma frå at me har forskjellige interesser. Han deler ikkje alltid mine interesser for historie og kultur. Det å gå lange strekningar i den sterke varmen, demper humøret hans. Og det blir intenst å være så mykje saman. Me tør ikkje å sleppa kvarandre. Kan ikkje ta sjangsen på å mista kvarandre i millionbyen. Men me inngår ein avtale. Å ta omsyn til begge sine interesser. Det betyr at han får utfalda seg på byens største tivoli. Me går på stader med videospel. Og så et me av og til på Mcdonalds. Ein annan dag går me på ein typisk meksikansk restaurant.
-Spørr om dæm har cheese-burger, seier Aslak ivrig, på klingande vadsø-dialekt.
Kelnaren forstår dialekten, og viser på ein fornærmande måte at det har dei ikkje. Ved sida av oss står eit meksikansk orkester. Dei syng og spelar veldig høgt, henvendt til ein meksikansk familie. Familien ser ut til å storkosa seg med underhaldninga, og syng med, innimellom matbitane. I armen held faren eit lite barn. Det søv, midt oppi den kraftige musikken.



Eg bestemmer meg for å ta ein dagstur med buss til Taxco, ein liten, vakker by i fjella, vest for Mexico City.
-Har dæm tivoli dær, spør Aslak i bussen.
-Nei.
-Har dæm badeland, da?
-Nei.
-Ja, ka vi ska gjøre da???
Me går oppover ei bratt, smal gågate når me er framme. Den blir smalare desto lenger opp me kjem. Men heile vegen fullstappa med salgsboder. Selgarane roper ut kva dei har å tilby. Lukta av halvråtten frukt slår mot oss. Mot toppen er det så vidt plass til to personar i breidden. Aslak er ikkje heilt nøgd. Men der på toppen, finn me redninga; Ei ny videospel-sjappe. Etter dagens dose med vald og bilkøyring, fortset me mot ein liten katedral. Ei gammal indianerkone sit ved inngangen og tiggar. Aslak går bort og gir 10 pesos. Den gamle kona tar Aslak i handa, ser opp på himmelen, korsar seg og takkar fleire gonger. Overalt er det butikkar der dei sel sølvsmykker. Byen blei bygd av spanjolane på grunn av forekomstar av sølv i fjella. Me ser ut over byen. Alle husa er gamle og kvitmalte, med raude teglsteintak. Byen er omgitt av grøn skog.

Ein stad med videospel reddar dagen i Taxco. Og skaper kontakt med lokale barn.

Ei fattig indianerkone tiggar om småpengar utanfor katedralen i Taxco.

Yucatan opnar seg med krittkvite strender og asurblått hav.
Me tar fly austover, til kystbyen Cancun på Yucatan-halvøya. Då me stig ut av flyet, får me verkeleg merka kva varme er. Me har kome ned til låglandet, til tropisk klima. Den tjukke og fuktige lufta slår mot oss som ein vegg ute på flyplassen. På veg til Cancun Sentrum stoppar me ved stranda. Asurblått, krystallklart hav veltar mot oss. Vinden frå havet kjøler oss ned. Aslak kastar seg overlykkeleg ut i bølgene og skyller bort bystøvet. Han blir der ute i bølgene. Lenge. Det er dette han har kome for. Å bada i sjøvatn som er like varmt som i badekaret heime. Ingen sjølvsagt ting for ein ung finnmarking. Eg legg meg ned i sanda. Kjenner den salte, gode lufta. Dagen etter er me begge kraftig solbrente.
Cancun blei bygd på 60 talet for å lokka til seg turistar. Mange turistar. Langs den fleire kilometer-lange stranda står skyskrapar-hotella tett i tett. Amerikanske og europeiske turistar boltrar seg i tilbod som vannscooter-køyring, fallskjermar som blir dratt etter båtar, shopping-senter, og ”drink-as-much-beer-as-you-can-for-200-pesos.” På ein reklameplakat står det; ”Once in you`re lifetime you will say; “Now is the time when I really want a steak.””
Me drar til øya Isla Mujeres. Mannskapet på båten som skal frakta oss ut, står på kaikanten og dansar til discorytmer når turistflokken kjem. Ein DJ ropar ut om alt me kan oppleva på øya. Ute på øya får me blant anna bada med delfinar. Ei amerikansk dame skrik ”Oh, my God,” i det ho blir frakta bortover vatnet av to av dyra. To små, vevre japanske jenter klappar henrykt i hendene, stryk på dyra og seier ”hellooo”. Den eine jenta hostar febrilsk når ho får hovudet under vatn, etter ein tur med delfinane. Men ho overlever. Aslak får si livs oppleving. Han blir kyssa på kinnet av ein av delfinane, held etterpå fast i ryggfinnane og blir dratt bortover vatnet i full fart. I ei anna øving løfter dei han opp med snutane under beina hans, symjer bortover i rasande fart og kastar han til slutt opp i lufta. Han storkosar seg. Så er det min tur. Ein tydeleg skeptisk ”eg-er-ein-nordmann-som-et-kvalkjøtt-kvar-dag” blir løfta opp av vatnet, medan badebuksa held på å detta av.
Aslak får si livs oppleving...
...og blir skyvd bortover på snuten til to delfinar.
På veg tilbake frå øya, tar det verkeleg av i båten. Discorytmane dundrar mot oss. DJ-en ropar og skrik. Me turistar blir nødt til å halda munnen vid open, medan mannskapet fyller oss opp med (utblanda) tequila. Aslak prøver seg på ein spansk ein og opnar munnen forventningsfull, medan eg viftar febrilsk med peikefingeren. Aslak blir ropt opp på bordet, saman med DJ-en. Velvillig dansar han, og syng i mikrofonen. Me drar frå båten, medan overskotslager med tequila renn ned på t-skjortene våre.
-Thankyou for spending your money on us, ropar DJ-en etter oss.

Mayaruinane ligg vakkert til ved Tulum
Eg finn ut at me, i alle fall eg, treng meir ro. Så me drar sørover, til den vesle staden Tulum. Staden er mest kjent for nokre mayaruinar som ligg vakkert til ved havet. Me innkvarterer oss i ein bungalow som ligg nede ved ei roleg strand. Kokospalmar vaiar i vinden. Det einaste me høyrer, er vinden og bølgene som ustanseleg slår inn mot den krittkvite stranda. Om kvelden legg me oss begge to i ei hengekøye ved stranda, og ser opp på stjernene. Temperaturen er deileg. Eit lite, blinkande, rødt lys indikerer at noko skjer eit stykke lenger borte. Me går bort og finn nokre menneske som står rundt ei svær skilpadde som legg egg. Nokon tar opp egga for å leggja dei på ein tryggare stad. Ein militær jeep, med væpna soldatar køyrer forbi. Ein annan turist fortel at dei militære køyrer forbi kvar kveld for å leita etter kokainsmuglarar. Eg blir litt redd og tar Aslak med tilbake til bungalowen.
VERDAS NEST LENGSTE KORALLREV
Langs heile kysten, frå Cancun og langt ned til Honduras strekkjer verdas nest-lengste korallrev seg (det lengste er i Australia). Me drar i ein båt ut til korallrevet saman med ein guide og snorklar. I det klare vatnet ser me fiskar i alle slags fargar, djevlerokker, hummar, blekksprut og korallar. Me symjer omkring i fleire timar.


På veg til snorkling ved verdas nest lengste korallrev, saman med lokale guidar.
Korallrevet er fullt av liv.
Den mest fantastiske dykkar-opplevinga får me i ei grotte, nokre kilometer lenger inn i landet. Langs heile kysten er det underjordiske grotter, såkalla ”cenotes” som etter kvart blei fylt opp med vatn. Lyset frå opninga i grotta stråler ned i krystallklart vatn. Og grotta viser fram eldgamle, magiske dryppstein-formasjonar. Nokre fiskar og ei lita skilpadde symjer rundt oss.
Aslak kjøper seinare ei fotball-t-skjorte av eit meksikansk fotballag, ”Americana”. Det blir veldig populært blant meksikanske menn. Ein kveld sit han ved ein bardisk og ser Americana spela ein viktig, sør amerikansk cupkamp mot eit brasiliansk lag. Aslak, iført si t-skjorte, skrik og jublar saman med ein stor gjeng meksikanarar på baren. Og meksikanarane synes det er veldig artig med ein lyslugga maskot. (Americana taper dessverre kampen, til stor skuffelse for meksikanarane og Aslak.)
Det er vanskeleg å dra frå den milde kysten. Men til slutt drar me innover i landet med buss, for å oppleva mayaene sin kultur og historie.
Mayaene hadde ein mektig sivilisasjon i Mexico og Guatemala. Men i ca år 1100 etter Kristus forsvann desse bysivilisasjonane, utan at nokon sikkert kan seia kvifor. Likevel er det mange etterkommarar av mayaene i dette området i dag. Dei fleste er fattige, og mange livnærer seg på sal av souvenirar.


Eit skilt advarer mot å bada på grunn av krokodillar...og uti vatnet ligg det ein og ventar.

På toppen av pyramiden i Cobà.

Og det er ingen problem for vante globetrottarar å klatra ned igjen.

Basseng er alltid ein kjærkommen avveksling for ein reise-sliten 11-åring.

Og det blonde håret hans skaper sensasjon blant ferierande meksikanarar.
Me kjem til Cobà, ein søvnig, støvete, liten landsby der me finn pyramidar og ruinar etter mayaene, inne i jungelen. Ved eit vatn står ein plakat, der det blir advart mot å bada, på grunn av krokodillar. Like ved sida ser me ein krokodille som flyt stille i vatnet. Aslak er berre sånn passeleg interessert i mayakultur og pyramidar. Men når me kjem til hotellet, blir han lykkeleg. Dei har nemleg symjebasseng der. Nokre meksikanske barn kastar seg uti saman med Aslak. Han blir midtpunktet i bassenget på grunn av den lyse huda og det blonde håret. Ei av foreldra spring bort og tar bilete av ”sensasjonen”.

Souvenirselgande mayakone i Valladolid.

Mange mayaer livnærer seg på sal av souvenirar, som fargerike hengekøyer og kjolar.
Me drar vidare til Valladolid, ein liten by inne i landet. Ein bil med ein svær høgtalar på taket ropar ut byens lokale nyhende. Små mayakvinner i kvite, vakre kjolar sel mayaklede, souvenirar og hengekøyer. Dei eldste kvinnene sit på fortauet eller ved katedralen og tiggar.
Så i ny buss, denne gong til Chichen Itza, og til dei mest berømte og best bevarte mayaruinane. Dette blir den tredje pyramiden me klatrar opp på. Pyramiden er svært bratt. Men me er blitt dei reine veteranane, så me kliv raskt oppover trappa, medan me held oss fast i eit tjukt tau. På toppen av pyramiden ser me ut over landsskapet. Ruinar alle stader, omkransa av tett jungel. Tida har gått fort. Snart må me byrja på heimreisa. Aslak har ikkje lyst å reisa tilbake til Noreg. Seier han er blitt vant til varmen.
-Tenk om farmor hadde vore med på denne turen, seier han plutseleg, medan han ser på utsikten frå toppen av den bratte pyramiden.
-Å herregud, då kunne me jo ikkje ha gjort noko, utbryt han.

Nok ein pyramide. Denne gong i Chichen Itza. Og Aslak er allereie på veg opp.
Fakta om turen, og tips til andre reisande:
Det er ganske dyrt i Mexico. Dei billegaste hotella som me fann, kosta om lag 400 pesos per natt. Restaurantrekningar kom lett opp i 200 pesos for oss to. Bortsett frå visse valutasvingningar, er meksikanske pesos og norske kroner stort sett det same. På turen vår var derimot den norske krona sterkare. Det har betydd at det var ein del billegare å feriera i utlandet. Men saman med alle flybillettar og reiseutgifter, brukte me 60.000 kroner i ein månad. Me kan kanskje forklara noko av pengebruken vår med at me var to typiske, blåauga nordmenn.
Å reisa frå Vadsø i Finnmark og sørover blir jo òg dyrare enn å starta sørpå. Me fann dei billegaste flybillettane på nettsida "GoToGate", køyrde bil til Ivalo i Finland, tok fly til Helsinki, overnatta på hotell, fly til Dusseldorf i Tyskland og vidare til Mexico City.
Verdisakene blei forvart i ei tynn hofteveske, som det var plass til under buksa. Småpengar blei lagt i ei tynn veske rundt halsen. Me fekk ein del advarslar om kriminalitet. Nokre nordmenn har blant anna opplevd kapring og ran på bussar i Mexico. Me opplevde ingenting av dette. Tvert imot kom folk springande til oss viss me mista noko. Og det gjorde me ganske ofte.
Me reiste svært lett. Me rekna med at det var varmt nok i Mexico. Så me hadde berre med oss nokre t-skjorter, ei bukse som ved hjelp av glidelåsar ved knærne raskt kunne gjerast om til shorts, eit par sandaler og kvar vår vesle ryggsekk. Det viste seg at me stort sett ikkje trengte noko meir. På veg tilbake hadde me derimot med oss ei svær veske fylt til randa med innkjøpte klede og souvenirar.
Me tok med oss førstehjelpsutstyr og utstyr til å rensa sår. Aslak fekk eit og anna skrubbsår, som gutar flest. Og det skal vera viktig å rensa slike sår, for å unngå uvante bakteriar.
Dei vanlegaste råda for å unngå diare eller magetrøbbel, er å berre eta mat som er godt kokt eller stekt, ikkje salat, berre drikka vatn på forsegla flasker (slett ikkje frå springen), unngå isbiter i brus og vaska seg ofte på hendene, særleg når ein skal eta, og etter å ha vore på do. Aslak klarte seg gjennom ferien utan slike problem. Eg klarte det ikkje. Aslak meinte det var Coca Cola si forteneste at han haldt seg frisk.
Me anbefaler på det sterkaste å ta med rikeleg med sololje av typen ”sunblock”. Sola er svært sterk, og med sololje kjøpt i Noreg, veit ein kva ein har. Dette må smørast ganske ofte på når ein badar, sjølv om produsenten reklamerer med ”vanntryggleik”. Me anbefaler òg solbriller og caps eller hatt.
Ha alltid med ei flaske vatn, og drikk mykje, for å kompensera for væsketapet i den sterke varmen.
Det blir anbefalt å ta nokre vaksinasjonssprøyter før ein reiser til Mexico. Malariatablettar skal ikkje vera nødvendig.
Me anbefaler å læra i alle fall litt spansk. Det gjør underverket i kommunikasjon med meksikanarane. Og at ein tar med masse godt humør.
Korleis det er å reise med ein 11 år gammal gut til Mexico? Det kan være krevjande i varmen. Og det er ikkje alltid like lett å vera gode vener når ein passar på kvarandre døgeret rundt, utan pausar frå kvarandre. Men me blei etter kvart vant til forholda. Då han hadde kome heim, var han veldig stolt og nøgd med turen. Hans beste minner var blant anna å symja med delfinar. Men det viste seg at han hadde satt pris på kultur og. Nokre av høgdepunkta var at han hadde klatra opp tre forskjellige pyramidar.
Artikkelen er skreve av Halvard Mikal Sæbø, Vadsø. Turen blei gjennomført i juni/juli 2002. Den blei lagt ut på nett 10. januar 2004 (betre seint enn aldri).

Det er ikkje berre å seia nei til meksikansk gjestfridom. Og eit lite glas tequila hjelper sikkert mot uvante bakteriar.
Talet på besøkande til denne sida:
Dersom du har noko å formidla om denne sida, kan du leggja inn kommentarar i denne gjesteboka.