| |
Her har
eg scanna inn mine personlege notat frå skeisemeisterskapa i tida
1966 til 1972. Notata frå 1971, då Jan Bols gjekk to rundar i ytre
bane og vart diska, er dessverre borte. Resultata frå 1965 er skrive
direkte inn frå notata mine med omrekna rundetider fordi notatane er
av for dårlig kvalitet til å bli scanna. Dermed er eit
stort og meiningslaust arbeid avslutta. Men den som opplevde desse
åra, kan aldri gløyma dei. I 1972 fekk sosial-demokratiet og norsk
EF-medlemskap eit skot
for baugen, og i 1973 kom proffligaen i skeise med alle dei beste, og dermed var den gale
skeisetida over; trass i dei fire S-ane på 70-talet og Koss på
90-talet. Allergi eksploderte med kjøleskåpet, sukkersjuke med
fjernsynet, mens skeisesporten med lange 10 000 i minus 10 på trå is
og i snødriv høyrer heime i sosial-demokratiets (fellesskapets)
storheitstid. Bislett er ikkje meir, og DNA-toppane bur på
Oslo-Vest. Einar Gerhardsen budde i blokk og gjekk på jobb. Eg seier
ikkje meir. |