Eg bur på Skei, er bonde og lærar og er gift med Elsa. Vi har to vaksne born, Åsne
og Svein. Besteforeldre vart vi og. Hurra! Her er vesle Eliseo.
Arbeidsplassen min er Skei skule. Der er eg IKT-ansvarleg og
klassestyrar for 9.kl. Eg underviser i matematikk, natur og miljøfag, musikk og
kunst/handverk.
På garden vår har meteorologiske institutt nedbørsstasjon.
Her kan du sjå eit oversiktsbilete over Skei
tatt frå Nyken, fjellet som stenger for sola mot aust.
Elsa er innfødd jølstring, og foreldra hennar, Ottar og Lilly Viken
(Østenstad) har bygd opp garden etter at dei overtok han som bureisingsbruk og
busette seg her i 1950.
Sjølv kjem eg frå dei djupe skogar i Drangedal, og
eg ættar frå småbrukarar og elgjegerar i fleire generasjonar.
Alle
drangedølar er dessutan i slekt med Hallvard
Gråtopp.
Garden har 65 mål innmark. Produksjonen har i alle år vore mjølk, og vi har ei kvote på 91000 liter. Hausten 2007 flytta vi buskapen inn i nytt samdriftsfjøs i Stardalen.
Andre dyr er det dårleg med for tida, men to skikkelege kosedyr har vi hatt.