Laurdag 26.juni 2004 klokka 07.00 starta 6 entusiastar ved Vereide skule. Målet for dagen var å vere innom alle 33 støylane rundt Gloppefjorden før midnatt, utan bruk av motorisert framkomstmiddel. 16 timar, 16 minutt og 16 sekund seinare kom 5 mann i mål på Eikenesstøylen etter å ha nådd målet sitt. Ein av deltakarane hadde med kamera og rakk å ta blide av samtlege med unntak av ein (Vambesetstøylen) som for så fort forbi at vedkomande fotograf ikkje registrerte at der var ein støyl.

Kart over Gloppen


Dette gav meirsmak, og 18.juni 2005 starta 5 mann på tilsvarande tur i Hyen. Denne gongen var det 17 støylar som blei tilbakelagt på 16 timar og 52 minutt.

Kart over Hyen


Verket blei fullført med Støylar i Breim 17.juni 2006. Dette var den lengste turen og 33 støylar blei besøkt i løpet av 22 timar. På denne turen var det ca 4800 høgdemeter som blei forsert i fin stil. På dei to andre turane var det snakk om mellom 3 og 4000 høgdemeter.

Kart over Breim


Sjå alle støylsbileta her