2007 var eit svært aktivt år for klubben sine medlemar med deltaking på 7 ulike motbakkeløp:

Svinestrandsløpet: 10 medlemar av Eidsfossen Sykkel på startstrek, klassesigrar ved Trond Midtkandal, Dag Arne Eide og Trygve Henden Gaasø, tredobbelt i klasse M40. Bilete her

Vetenløpet: 6 deltakarar, bilete her

Storehesten Opp: 4 deltakarar, klassesiger til Trygve Henden Gaasø

Eggenipa Opp: 4 deltakarar, klassesiger til Dag-Arne Eide

Fanaråken Opp: 4 deltakarar, NM-sølv til Dag-Arne Eide bilete her

Skåla 1848 meter rett opp: 9 deltakarar, herav ein debutant. Alle dei andre 8 sette nye personlege bestenoteringar. 2.plass i M50 til Dag-Arne Eide. Bilete her

Kletten Opp: 1 deltakar

Trekktraseen Opp: 1 deltakar, totalsiger til Trygve Henden Gaasø


-----------------------------------------------


2006:

Motbakkeløp er noko som har skote fart og blitt meir og meir populært dei siste åra, spesielt her i Sogn og Fjordane som goegrafien ligg til rette for det. Dette har sjølvsagt Syklistane frå Gloppen kasta seg på. Ivrigast i 2006 har vore Henry Hammersland som har delteke på alle 4 løpa som har gått i Nordfjord og Sunnfjord.

Forutan dei to lokale løpa, Svinestrandsløpet (som også går nedigjen) og Eggenipa opp deltok han også på Storehesten opp og Skåla 1848 meter opp. På sistnemnde løp stilde det 5 mann frå Eidsfossen sykkel på startstrek.

Eidsfossen sykkel fekk sin første klasseseier i motbakkeløp i det Kjetil Eide gjekk til topps i M40 i Eggenipa opp. Henry Hammersland og Helge Roska tok hhv. 4. og 5.plass i same klassa.


Starnummer 2 Kjetil Eide på veg mot klassesiger i Eggenipa Opp 2006

Fleire bilete frå dette arrangementet finn du her

Her er nokre bilder frå Skåla 2006:


Humøret på topp før start, frå venstre:Henry Hammersland, Helge Roska, Dag-Arne Eide og Kjetil Eide

Frå toppen i strålande veir: