Dette er eit terrengsykkelritt i Gloppen i Nordfjord som blir avvikla søndag 17.august 2008
Velkomen tilbake i 2009!
Start og mål er inst på Eide.
Rittet blir i 2008 arrangert for åttande gong. Rittet går i publikumsvenlege løyper i fleire runder omkring Eide/Eidsfossen og Grasdalen i Natur- og kulturstien der.

Dette er ein glimrande anledning for Glopparar, og eventuelle tilreisande til å ta seg ein fin sykkeltur. Samstundes får ein treffe andre folk på tur og delta i trekning om mange premiar. Formålet med rittet er primært det sosiale, å ha det moro i lag, samstundes som ein legg inn litt uhøgtideleg konkurranse for dei som ønskjer det. Dernest er hensikten å prøve å innvie interesserte i den spennande idretten terrengsykling. Tur- og terrengsykling har hatt ei fin utvikling dei seinare åra, og dette bør vere midt i blinken også for Glopparar.

Start:
Konkurranseklasser kl 14.00, Familieklasse utan tidtaking kl 15.00 - ca.15.30.
Startkontigent:
Konkurranseklasse vaksne (over 15 år) kr 100. Alle andre i konkurranse- og familieklasse kr 20. Maks pr. familie kr 150.
Premiering:
Enkel premiering til dei tre beste i konkurranseklassene
Litt småtteri til til alle under 16 år.
Det blir Kongle-ritt i regi av Sprebanken Sogn og Fjordane i år også for alle under 12 år, diplom og ein liten premie til alle dei som deltek på det
Ny sykkel + nokre fleire uttrekkspremiar på startnummer.
Vi har også i år å fått med oss våre trufaste støttespelarar frå det lokale næringslivet.


Olav K. Henden

Hovudpremien i 2005 var denne fine terrengsykkelen, her vist fram av Olin Henden ved G-sport/Olav K. Henden. Det blir sykkel som hovudpremie i 2007 også, for sjuande året på rad!
Meir om våre trufaste sponsorar alle dei seks føregåande åra kan de finne her:
www.g-sport.no
Olav K. Henden AS
Klikk for informasjon om løyper og klasseinndeling nedanfor
Alle er velkomne til å delta, uansett fysisk form og tidlegare merittar. Vi håpar på stort oppmøte av ivrige syklistar!
Møt også gjerne opp som publikum!
Det vert kiosk under arrangementet, der det blir pølser, sjokoladekaker, sveler, is og kaffi å få kjøpt. Gratis saft til alle.
For meir info om Eidsfossen Grand Prix kontakt:
Kjetil Eide 91801547 Kjetil.Eide@enivest.net
Vidar Eide 97163768 Vidar.Eide@enivest.net
Oversiktskart
Kort løype
Mellomlang løype
Lang løype
Bilde 2006
Bilde 2007
Resultat 2001
Resultat 2002
Resultat 2003
Resultat 2004
Resultat 2005
Resultat 2006
Resultat 2007
Resultat 2008
Veteranen Alf Hjelle held humøret oppe til tross for slitsame motbakkar (Foto Firda Tidend)