26.06.08
No er sommarferien like om hjørnet, og det er tid for ei lita oppsummering av sesongen so langt:
Eidsfossen Sykkel har vore representert i 5 sykkelritt hittil i 2008. I desse ritta har det vore totalt 23 startar av 14 ulike personar.
Det har vore 21 fellestreningar for vaksne med eit oppmøte på 200 fordelt på 32 ulike personar. Dette gjev eit gjennomsnitt på 9,5 på kvar trening. Flest deltakingar har Vidar Eide med 18.
Dametreningane har pågått sidan 24.april med eit oppmøte på omkring 4-6 personar kvar gong
Barnetreningane starta opp 18.mai med eit oppmøte på 34 stk! Dei har vore avheldne kvar søndag sidan den gong totalt 6 gongar hittil, med noko fallande deltakarantal.

Dette tyder med andre ord på høg aktivitet dette året, og når ein veit at heile 22 personar frå nærområdet er påmelde til Birkebeinerrittet, ser ein tydeleg at klubben har hatt eit oppsving i 2008. Fellestreningane går vidare på søndagar og onsdagar sjølv om turval ikkje er oppsett på planen.

Stå på vidare! Ha ein god sommar, og lykke til på Storehesten for dei som skal dit, og på eventuelle andre arrangement som føregår utover sommaren.


25.06.08
Litt Birken-informasjon før ferien:
Det er no påmeldt 22 stk frå Gloppen og omegn til Birken i år. Dermed der bussen full og vel so det, men Henry jobbar med saka for å få Firda Billag til å framskaffe ein større buss. Sjølv om vi har høgt antal påmelde, so er det framleis nokre i som lurer i køen og vurderar å vere med om sjansen byr seg: Trond Midtkandal, Erlend Eide og Øystein Sundal. So dersom nokon veit om ledige startnummer so er det berre å seie ifrå til klubbformannen eller ein av desse tre. Når det gjeld betaling for dei 7 siste som er påmelde for Sport1, er det berre å avvente dette. Det kjem nok beskjed på e-post eller anna vis om noko skal betalast, de er iallefall påmelde. Bussen går frå Firda Billag Sandane fredag 29.august i 9-10 tida, slik at alle må ha fri frå arbeid den dagen. Betaling av bussen skjer i etterkant av turen. Vi tek sikte på å overnatte i telt eller i bussen slik som dei to siste åra.


Fire Birken-debutantar i Hestedalen i dag; Per Erik Eimhjellen, Øysten Røneid, Johan Winkelhorst og Magne Moritsgård


24.06.08
Eidsfossen Sykkel var representert på Hallingrittet i helga. Der gjorde Kjersti Rønningen ein framifrå innsats og sikra seg 4.plass i klasse kvinner 40-49.

Komande laurdag stiller ein mann frå klubben i Vestmarkrittet i Asker.


23.06.08
Svinestrandsløpet 2008

Svinestrandsløpet er avvikla med 34 deltakarar, 8 av desse representerte Eidsfossen Sykkel. Klubben hadde også eit par mann til med som i denne samnhengen representerte Fjellhug/Vereide. 10 mann blei dermed teljande i klubbmeisterskap motbakkeløp som då fekk denne resultatlista:

1. Trygve Henden Gåsø 58,40
2. Trond Midtkandal 62,47
3. Erlend Eide 64,14

4. Edvard Fjellestad 65,24
5. Kjetil Eide 65,50
6. Henry Hammersland 67,14
7. Jørn Lothe 68,21
8. Dag-Arne Eide 72,43
9. Arne Nesgård 73,55
10.Helge Roska 76,04

Trygve har dermed teke ei uinttakeleg leiing i klubbmeister-konkurransen også i år. Dersom han stiller på to arrangement til tek han dette trygt heim. Kampen om plassane bak er derimot framleis spanande. Nest best til no er Henry med 9, tett følgd av Kjetil og Edvard med 10 og Jørn og Arne med 11. Sistnemnde har gjordt unna si dårlegaste øving, og kjem nok sterkt utover i dei neste konkurransane.

Arrangøren av Svinestrandsløpet har heller ikkje i år greidd å publisere ei resultatliste for klubbkonkurransen. Den kjem difor her. Det var to klubbar som hadde 3 eller fleire deltakarar som deltok frå Sandane, og resultata blei som følgjer:
1. Fjellhug/Vereide (Trygve Henden Gåsø, Edvard Fjellestad og Gunnar Fjellestad), samla tid 191,57, gj,sn. 63,59
2. Eidsfossen Sykkel (Trond Midtkandal, Erlend Eide og Kjetil Eide), samla tid 192,51, gj.sn: 64,17

Sterke løp av alle desse, spesielt imponerande av debutant Erlend og Kjetil som dagen før gjennomførte Alperittet med glans.

Ein klassesiger til Eidsfossen Sykkel i Svinestrandsløpet ved Dag-Arne Eide i herrar 50-59 år, andreplass både til Erlend Eide (16-19) og Trond Midtkandal (40-49)

Fullstendig resultatliste her

Fleire bilete frå Svinestrandsløpet her


22.08.08
Premiedryss på Stranda!

Eidsfossen Sykkel stilde med 3 mann på Alperittet laurdag og kom heim med 4 premiar, so ein kan seie vi tok godt føre oss!
Før start blei deltakarane frå Eidsfossen Sykkel utpeikte av speaker som ein kuriositet, 3 mann med same etternamn, det blei spekulert i om det var far og to søner som deltok. Men etterpå viste det seg at desse deltakarane var alt anna enn ein kuriositet. Dag-Arne tok som forventa heim klassesigeren i år utan uhell. Kjetil enda opp på andreplass i år som i fjor, denne gongen fattige 7 sekund bak vinnaren. Han opplevde nøyaktig det same som i fjor ved at han tidleg i løpet i motbakke på sti måtte sleppe tetfeltet. Ein mann framfor måtte gå av sykkelen, dermed reiste alle dei raskaste avgarde. Han kom i mål 4.40 bak desse. Neste år må då målet vere å vere først inn i dette uheldige partiet slik at ingen hindrar god framdrift her.
Dette rittet har god premiering med mange uttrekkspremiar, so det blei også ein trøstepremie i form av 7 pakkar strandamør på han som ikkje kom på pallen. Elles tok vi med oss heim ei kasse Grandiosa, ein ryggsekk, ein stor pose med diverse sykkelutstyr og 3 T-skjorter. Premieringa er grunn god nok til å stille på dette rittet neste år!

Resultatliste her


19.08.08
Alle sykkelinteresserte er kanskje ikkje klar over det, men i Ørsta blir det arrangert eit landevegsritt 26.juli. Meir informasjon her

Nedst på framsida er det lagt til ein del linkar til andre sykkelklubbar og idrettslag i nærleiken. Kan vere interessant å gå inn der å lese om aktivitetar rundtomkring.


18.06.08
Denne onsdagen var det ikkje treningstur på sykkel, men derimot det årvisse svært lokale Vetenløpet, frå grinda ved gamle springvassdammen til toppen av Veten. Også i år blei det verdsrekord, her er resultata:

1.Trygve 23.40
2.Erlend 24.09
3.Trond 25.16
4.Kjetil 26.18
5.Arne N. 28.17
6.Dag-Arne 29.50
7.Helge 30.27
8.Arne M 32.18

Fleire av desse tidene er personlege rekordar, so desse karane er med andre ord i storform framfor Svinestrandsløpet. Eidsfossen Sykkel bør ha eit slagkraftig lag som kan kjempe med Fjellhug/Vereide om sigeren i lagkonkurransen. Det er vel naturleg å tru at Trygve stiller for "moderklubben", men med Jørn og Henry på plass i godt slag i tillegg til desse karane nemnt over bør vi absolutt vere med å kjempe i toppen! Svinestrandsløpet er også lagsmeisterskap i motbakkeløp for Eidsfossen Sykkel, so her kan vere verdifulle plasspoeng å hente.


15.06.08
Nibberittet 2008
Etter mykje fram og tilbake dei siste dagane blei det til slutt 8 mann som stilde til start på Nibberittet i år, to mann blei sjuke og ein ny kom til i siste liten. Nesten like mange gjekk Geirangermarsjen. Det var i år noko omlegging av aldersklassenene i høve til i fjor, og racerklassa var borte. Dette gjorde at pallplassane hang høgre, og at vi ikkje oppnådde dei sterke plasseringane som i 2007. Det var likevel mange sterke prestasjonar av klubben sine deltakarar. Trond Midtkandal bør trekkjast fram i det han debuterte i sykkelritt, og blei nest beste mann. Arne Nesgård var i år klubbens bestemann tidsmessig.

Her er resultata:
M30-39:
16 Arne Nesgård, Eidsfossen Sykkel 1:27:26 +15:09
89 deltakarar

M40-49:
13 Trond Midtkandal, Eidsfossen Sykkel 1:28:03 +12:15
28 Henry Hammersland, Eidsfossen Sykkel 1:33:18 +17:30
35 Helge Roska, Eidsfossen Sykkel 1:37:34 +21:46
58 Vidar Eide, Eidsfossen Sykkel 1:48:13 +32:25
108 deltakarar

M50-59:
5 Dag-Arne Eide, Eidsfossen Sykkel 1:28:38 +12:55
13 Øystein Sundal, Eidsfossen Sykkel 1:41:40 +25:57
17 Arne Myklebust, Eidsfossen Sykkel 1:43:51 +28:08
53 deltakarar

Resultatlister med mellomtider her

Fleire bilete frå rittet her

Arrangøren sine heimesider


13.06.08
Her er informasjon om nokre arrangement det kan vere aktuelt å sjå litt nærare på, kanskje aktuelt å stikke innom i løpet av ferien?

4 Summit Race. Eit multisportarrangement (sykling, løping, orientering) ved Tolga i Østerdalen. 4 fjelltoppar skal bestigast i valfri rekkjefølgje på kortast muleg tid. Dette liknar litt på støylsturane vi har vore på, høgdeskilnaden og tida omtrent på same nivå. Kanskje vi skal reise avgarde ein gjeng til neste år og delta, for so å arrangere "Sparebanken Multisport" på tilsvarande vis i 2010? 33 støylar rundt Gloppefjorden? Eller nokre fjelltoppar?

Klosterrittet Spennande terrengsykkelritt 9.august ved Bergen, seedingsritt til Birken for dei som treng det.

Molde Challenge Sykkelmoro for heile familien i Molde 12.juli. Også dette er seedingsritt.

Tour of Konnerud Eit annleis sykkelritt 29.juni ved Drammen

Ta ein kikk innom terminlista og sjekk om der er noko ritt i nærleiken der du skal på ferie i år.

Rykta vil ha det til at årets triatlon i Hyen er fastsett i tid ved flo sjø. Det skulle tilseie at kokurransen går ved sjøen, og det er nærliggande å tru at det blir same løypa som i fjor. Dette er ei løype som høver godt for Eidsfossen syklistane, o-løparar og motbakkespesialistar. Bratt bakke og terreng både i sykling og springing. Møt opp og bli med i Hyen 19.juli!

No er det nøyaktig eitt år sidan diskusjonsforumet blei lansert. Dette har heilt tydeleg vore ein suksess med heile 576 inlegg (1,6 pr dag) og 44606 treff (122 pr.dag) og over 20 debattantar. Fleire andre idrettslag skryt for tida over antal treff på heimesidene sine, men vi kan heilt klart skryte av å ha det mest aktive diskusjonsforumet! Takk til Jørn Aaaberg som fekk til dette for oss.


12.06.08
Damer på tur

Sidan det drøyar med å få inn bilde frå treningane til damene tok klubbleiaren affære og møtte opp med kamera i dag. Denne gongen var det dessverre berre 2 stk som møtte. Ei av dei med splitter ny flott sykkel som gjorde sjølv ein innbarka syklist misunneleg. Dei hadde planar om massevis av motbakkar denne gongen, Engesetåsen rundt. Damene var meir bekymra for nedoverbakkane enn oppover, noko som vel tyder på at dei er komne i god form.


08.06.08
Sterk innsats i Bergen-Voss!

Her er tidene for våre karar:
Ole Marius Gloppestad: 4,44
Olav Henden: 4,55
Helge Roska: 5,22
Svein Petter Tveit: 5,46

Fyldig referat frå rittet her og mange flotte bilete i albumet til Twinhouse



02.06.08
Nokre påminningar:
I klubbavtalen heiter det: "4) Ved all presse-omtale/bilder av klubben skal ikkje konkurrentar til butikken profilerast. Så sant det er muleg skal logo til butikken vere på kle brukt til fotografering."
Vi har fått ei lita påminning om dette i det nokre i fremste rekkje på biletet frå Jølster Rundt ikkje hadde den rette reklamen på drakta, so til liks med andre toppidrettsutøvarar må vi gjere det vi kan for å følgje sponsorkontrakter. Det betyr at dei som enno ikkje har fått på G-sport og Olav K.Henden logo på trøyene/jakkene må levere inn desse der slik at dette blir gjort. Ein kan rekne med at vi blir ytterlegare profilerte i media framover sommaren. Dei 3 vinterjakkene som er i klubben held vi utanom i denne samanhengen.

Eidsfossen Sykkel har pr. i dag 75 betalande medlemer, dette er ein liten oppgang frå i fjor. Men vi har enno plass til mange fleire. Styret vil med dette oppmode alle syklistar i kommunen til å melde seg inn i klubben og ta del i det sosiale fellesskapet ved å delta på treningar og ritt. No har vi treningstilbod for alle. Klubben har gode rabattavtaler hjå Olav K. Henden ved kjøp av syklar og tilhøyrande utstyr. Oppskrift på innmelding finn du her.

01.06.08
Lagsmeisterskap i temporitt blei avvikla i dag med 11 deltakarar, bra oppmøte, men plass til fleire. Klar vinnar i år som i fjor blei Trygve Henden Gåsø, men med ca eit halvt minutt dårlegare tid. Dett skuldast nok mykje at han var gjennom ein kraftanstrengelse dagen før med dualtlon på Sognefjellet.
Den største spenninga i dette rittet er gjerne plassane etter Trygve. I år var det Arne Nesgård som tok andreplassen på lånt sykkel og Henry Hammersland tredjeplass. Eit par andre låg an til å kjempe om desse plasseringane undervegs, men uhell gjorde til at dei tapte tid. Verst gjekk det ut over Olav Henden som blei lokka til å pumpe dekka knallharde, noko som resulteterte i pungtering eit par kilometer før mål. Jørn Lothe mista kjedet, og dermed ein plass på resultalista.
Det var inspirerande med heiagjengar undervegs på Kleivedammen og Vereide, noko som gjorde at dei fleste trakka til litt ekstra akkurat der.



Arne Nesgård tek ut alt og syklar inn til sølvplass


Resultatliste her

Mange bilete i biletarkivet


31.05.08
Motbakkesesongen er igang!
Far og son Eide har i dag vore i Bergen og starta i årets første motbakkeløp, Ulriken Opp. Det var ein sterk debut for Erlend i eit skikkeleg motbakkeløp, solid 2.plass i si klasse og 29.plass totalt, heile 6 minutt føre faren som kom noko lengre ned på lista. Erlend var nest beste løpar frå Sogn og Fjordane, kun slegen med under minuttet av den sterke skiløparen Reiner Aaland. Det var faktisk kortare tid opp til Jon Tvedt enn ned til faren!

2 Erlend Eide Eidsfossen Sykkel 00:28:17 00:06:14 00:09:34 00:16:32
8 Dag-Arne Eide Eidsfossen Sykkel 00:34:24 00:07:29 00:11:53 00:20:17

Fullstendige resultatlister her



26.05.08
Eidsfossen Sykkel hadde 3 kamera i sving under Jølster Rundt, slik at rittet og prestasjonane skulle bli tilstrekkeleg dokumentert. No er dei siste billeta mottekene og lagde inn i albumet. Fotografar denne dagen var Håkon Gåsø, Rune Eide, Helge Roska og Vidar Eide.

NB! Merk at tidspunktet for starten av temporittet søndag 1.juni er flytta til 18.30.


25.05.08
Stor suksess for Eidsfossen Sykkel i Jølster Rundt!
Det var strålande forhold for sykling i Sunnfjord i dag, med sol og flott temperatur. To pungteringar før start gjorde at det blei noko hektisk for eit par mann. Eidsfossen Sykkel gjekk imidlertid offensivt ut, og det heldt heilt inn! Trygve, Arne, Helge og Henry var med tetfeltet i mål, og kan dermed kalle seg vinnarar av Jølster Rundt 2008 saman med 26 andre. Vidar måtte sleppe teten på Moskog og kom inn med andre pulje 11 minutt etter. 3 minutt seinare kom eit stort felt der dei både Arne M og Svein Petter var med. Dei fleste var godt nøgde med innsatsen, sølv om ein mann var litt for passiv i starten og sykla eit godt stykke åleine.


Samla tropp før start: Arne Myklebust, Helge Roska, Henry Hammersland, Svein Petter Tveit, Vidar Eide, Arne Nesgård, Trygve Henden Gaasø


Eidsfossen Sykkel styrer tetfeltet i Jølster Rundt

Fleire bilete her og her

Resultat her


24.05.08
Vellukka sykkelløp for dei yngste på Heradsplassen i dag, meir på barnesidene.


21.05.08
Det ser ut til at klubben stiller med ei sterk 7-mannstropp til Jølster Rundt søndag 25.mai, følgjande er no klare:
Trygve Henden Gaasø, Arne Nesgård, Helge Roska, Henry Hammersland, Arne Myklebust, Svein-Petter Tveit og Vidar Eide
Yngste- og eldstemann er vinnarkanditatar i sine klasser. Helge har vore med tetfeltet inn tidlegare, og er vel ikkje i dårlegare form no. Arne og Henry er kapable til å klare det same, so her har klubben mange som kan hevde seg heilt i fremste rekkje. Det er enno ikkje for seint å melde seg på, det kan gjerast ved start.


18.05.08

Første barnetrening avvikla med fantastisk oppmøte, heile 34 stk!. Meir på barne og ungdomssidene.


15.05.08
Dei som enno ikkje har bestemt seg for å melde seg på Nibberittet bør ta ein kikk på video og bilete som ligg her.Skru opp lyden!
Sannferdige rykte går om at Olav Fuglestrand skal delta i halvmaraton. Trond Midtkandal som også hadde sett fram til å vere med på det har diverre ein dårleg akilles, og stiller mest truleg på sykkel i staden.

Siste nytt frå Jølster Rundt er at Arne Myklebust er påmeld


14.05.08
Ei lita presisering til artikkelen i Firda Tidend i dag:
Dametreningar er torsdagar klokka 17.30
Barne- og ungdomstrningar er søndagar kl 16.30
Vaksentreningar er søndagar og onsdagar kl 18.00

Neste vaksentrening på søndag 18.mai er Jølstravatnet rundt. Den turen vil nok gå i jamt bra tempo, som ei oppkøyring til rittet helga etter. Førde CK skal sykle fem runder rundt det same vatnet den dagen, men dei er nok ferdig til vi kjem. So det blir mange syklistar å sjå der 18.mai.


12.05.08
13 dagar igjen til Jølster Rundt, og påmeldingane er byrja å kome inn. Førebels påmelde frå Eidsfossen Sykkel er Henry (trossar ver og vind i år), Helge og Vidar. Elles har følgjande signalisert at dei skal vere med: Trygve, Arne, Svein-P.
Dei som skal sykle Bergen-Voss bør alle vere med å få seg ei skikkeleg gjennomkøyring. Vidare vil både Jørn og Kjetil kunne vere langt framme her. Dette betyr at klubben kan få ei stor tropp til årets Jølster Rundt. Taktikken er allereie i ferd med å ta form, men den tek vi intrent.
Sart ved Slåtten skule i Førde 25.mai kl 12.00


11.05.08
vi startar no opp med Barne- og ungdomstreningar. Første trening søndag 18.mai kl 16.30 på Klievedammen. Det er oppretta eigne sider for dette, sjå her
Treningane blir kvar søndag framover til 29.juni, pause i juli og oppstart i august igjen dersom interessa er tilstades. Ein treng trenarkrefter til dette. Dei som har fått mail frå Kjetil bør gje ei tilbakemelding til han, slik at han får organisert dette skikkeleg.


05.05.08
Foreløpige startlister for Birkebeinerritett er no offentlegjorde. Førstemann ut er Arne Nesgård i pulje 2 kl 07.05. Han startar dermed saman med dei aller beste og kjempar om klassesiger! Elles kan det ligga an til fleire spennande duellar: Olav og Helge startar samstundes og Henry og Edvard samstundes 5 min bak Vidar. Jørn bør gjennom eit seedingsritt for å forbetre startposisjonen sin. Her er dei foreløpige starttidene til dei lokale heltane:
Klasse: K35, (Kvinner 35 - 39 år)
Sollid, Ragnhild Eidsfossen sykkel 37 10:00:00 0 1

Klasse: K40, (Kvinner 40 - 44 år)
Rønningen, Kjersti Eidsfossen sykkel 29 09:20:00 3 3

Klasse: M16, (Menn 16-19 år)
Gaasø, Trygve Henden Fjellhug/Vereide 4 07:15:00 2 2

Klasse: M35, (Menn 35 - 39 år)
Nesgård, Arne Eidsfossen sykkel 2 07:05:00 4 4
Fjellestad, Edvard Fjellhug/Vereide 9 07:40:00 1 1

Klasse: M40, (Menn 40 - 44 år)
Roska, Helge Eidsfossen sykkel 11 07:50:00 2 2
Lothe, Jørn Eidsfossen sykkel 17 08:20:00 0 1
Hjelle, Rune Eidsfossen sykkel 24 08:55:00 0 9
Henden, Olav Eidsfossen sykkel 11 07:50:00 1 4
Eide, Vidar Eidsfossen sykkel 8 07:35:00 5 12
Eide, Kjetil Eidsfossen sykkel 5 07:20:00 7 8

Klasse: M45, (Menn 45 - 49 år)
Mardal, Allan Rune Eidsfossen sykkel 15 08:10:00 0 6
Hammersland, Henry Eidsfossen sykkel 9 07:40:00 3 5

Klasse: M50, (Menn 50 - 54 år)
Eide, Dag-Arne Eidsfossen sykkel 6 07:25:00 7 7



04.05.08
Breimstafetten 2008
Eidsfossen Sykkel sprang inn til ein 5.plass i Opa klasse i årets Breimstafett. Sterk innsats av alle, men det er vel berre å innrømme at mange andre trenar meir springing enn oss. Lagleiaren tek sjølvkritikk for lagoppsettet, det er muleg ei omstokking av deltakarane kunne gitt eit betre sluttresultat, men det får ein aldri vite. Tida var 16 sekund dårlegare enn i fjor. På årets lag sprang Rune Hjelle, Margot Nesgård, Kjersti Rønningen, Olav Fuglestrand, Arne Nesgård og Helge Roska.

Neste år går vi optimistisk til verks og satsar på eit dame veteranlag i tillegg til eitt veteran og eitt superveteranlag. Med so mange er det også eit mål å satse på defileringsprisen.

Feire bilete her

Resultatliste her


01.05.08
For dei som ikkje skal delta i eller sjå på at Eidsfossen Sykkel kjempar om den øvste pallplassen i Breimstafetten, kan kanskje "Noregs vakraste fjelltrim" vere eit alternativ. Informasjon om Stadlandet rett vest her og her



28.04.08
Breimstafetten
12 personar + 5 reservar var den 31.mars sett opp til Breimstafetten som går av stabelen komande helg. No viser det seg at mange skal vekk i konfirmasjon ol., ein skal springe for eit anna lag og i og med at nokre av resevane held B og C-nivå, so endar vi opp med berre eitt lag. Men det er ikkje kva som helst lag, men eitt med vinnarsjanse! Dei som var sett opp på eit av laga, men som ikkje er med her får ha lagleiaren unnskyldt. Det kjem ein ny sjanse neste år, då satsar vi på to lag igjen.

Følgjande lag blir meldt på frå Eidsfossen Sykkel til Breimstafetten i Opa klasse:
1. Rune Hjelle
2. Margot Nesgård
3. Kjersti Rønningen
4. Olav Fuglestrand
5. Arne Nesgård
6. Helge Roska

Minner om at defileringsantrekket er som i fjor: Kort sykkeltrøye (evt. med svart super under ved kaldt ver), kort sykkelbukse og kledeleg "Tube Wear" på hovudet. Alle skal gå i takt. Det blir ikkje lagt opp til noko fellessykling til stafetten i år med mindre nokon tek spesielt initiativ til det


26.04.08
Minner om Jølster rundt som går søndag 25.mai. Her bør klubben stille sterkt. I fjor var vi tre avgarde, det må minst doblast! Løypa er noko lagt om sidan i fjor, mellom anna er den ekle bakken etter Vassenden vekk. Start og mål er også annleis.
Sjå innbydinga her


24.04.08
For dei som ikkje fekk meldt seg på Birkebeinerrittet i tide er det som kjent eit alternativ dagen før. Her er info frå arrangøren:

Birkebeiner nyhetsbrev 22. april

FredagsBirken – et nytt Birkebeinerarrangement i 2008

Rittet vil gå av stabelen fredag 29. august – dagen før det ordinære Birkebeinerrittet. FredagsBirken har samme trase som Birkebeinerrittet med start på Rena og mål på Lillehammer. Rittet vil ikke ha aldersklasser og eliteklasser og i motsetning til Birkebeinerrittet skal deltakerne i FredagsBirken selv angi estimert sluttid. FredagsBirken skal tilrettelegges bedre for bedrifter og trimmere enn Birkebeinerrittet. Vi skal fokusere på et godt kulturtilbud ved start, i løypa og i mål.

I uke 15 og 16 har de som stod på ventelisten fått tilbud om å melde seg på til FredagsBirken. Fristen for disse har nå gått ut.

FredagsBirken åpner for ordinær påmelding torsdag 24.april kl. 09:00. Det er 2500 plasser ledig. Første mann til mølla gjelder....

Meld deg på her

Startordning og tidtaking:
Deltakere seedes i startpuljer etter eget ønske. De raskeste starter først. Kvinner og menn starter sammen. Pulje 1 starter kl. 09.00. Deretter puljevis start med 5 minutters intervall frem til kl. 10.30. Det er maksimalt 350 deltakere i hver pulje. Deltakere får beskjed om foreløpig startpulje i deltakerbekreftelsen. Endelig startpulje kommer på startkortet. Det er tidtaking (databrikke) for alle deltakere. Resultatlister blir satt opp fortløpende. Det er en klasse for kvinner og en for menn (ingen klasseinndeling). Det er også mellomtider underveis i løypa. NB: Det er ikke merketid på FredagsBirken. FredagsBirken blir seedingsritt for Birkebeinerrittet påfølgende år.

1000 plasser fra FredagsBirken 2008 til det ordinære Birkebeinerrittet 2009:
Det settes av totalt 1000 plasser i det ordinære Birkebeinerrittet 2009 for de beste deltakerne i FredagsBirken i 2008.
Plassene fordeles slik:
• De 10 beste i hver klasse ut fra aldersklasseinndelingen i Birkebeinerrittet.
• Deltakere med best tid uavhengig av alder (ca 20 % kvinner og 80 % menn)

For å delta i FredagsBirken må du:
• Ha fylt 16 år innen 31.12.08.
• Bære sekk som skal veie minst 3,5 kg ved målpassering.
• Ha gyldig lisens.

Startkontigent:
FredagsBirken: kr. 700,- i tillegg kommer engangslisens eller helårslisens (forsikring til Norges Cykleforbund). Engangslisens kr. 200,-. Vi ber deg om å løse denne ved påmelding.

Vi håper å se deg på startstreken på FredagsBirken 29.august

Med hilsen
Birkebeinerarrangementene


23.04.08
I tillegg til klassevinnar Trygve var det fleire damer frå klubben som gjekk Skarverrennet under strålande forhold. Bilete i arkivet.

Nytt portrettintervju er lagt inn


17.04.08
To setningar og eitt bilete frå trenarkurset som Kjetil deltok på i Førde for eit par veker sidan på Førde CK sine sider. Der kan ein også sjå film frå denne klubben sine treningar. Det er nokre fleire bilete frå det same kurset i arkivet.


16.04.08
Rekordoppmøte på fellestrening med 13 personar! Sjå referat på diskusjonssidene og bilete i arkivet.

Her er ei anbefaling frå Anderbarkji terrengsykkelklubb motteke på e-post i dag. Dei held til på Gol eller i traktene deromkring:

Retteleg god mørgo!
Ja so kjem denna vikuas anbefaling frå Andebarkji. Det handla ikkji
om noko dyre varu ell eiskle vene saku te sykkeln, men om ein
nettstad som kan væra te stor nytte førr uss alle.

Fleir og fleir ha no kjøft se slik GPS. Ja so rimele ha dei der vørte
at sjølv me hallinga kan unne uss slik nymotens reiskap.

Ein kar i Oslo ha laga ein nettstad som heite www.sykkelspor.no
Her kan alle som ynskje`re registrere seg som brukar og legga ut
turbeskrivelsa med gps filudn på nettet.

Detta gjer at are som ha hug te å sykle ein tur ein ell anna plass
her i landet, kan ta ein titt på nettstaden også kan ho/han vælje kor
han/ho ha von om å reise og plukke ut turadn der. Ikkji nøkk med det,
han/ho kan me laste ner denna turbeskrivelsen te sin eigen GPS. Slik
kan nye tura lastas ner og nyttast te å finne fram på turen.

E ha no lagt ut ein del tura frå Gol og Golsfjellet og kan meddele at
det e duvele enkelt å laste upp slike tura.

Gå inn å sjå sjølv, registrer deg og last upp dine eigne sporlogga.
Du kan me lagre fila som .gpx og sende ho te me med ein beskrivels -
so sko e legga den ut!

Me are ord uppførdre me alle dekan der ute te å dele sykkelturadn me
uss are …

Sjå sjølv på http://www.sykkelspor.no/taxonomy/term/22/9

Ha ein ven ven dag, helsing Thorgeir


15.04.08
Sjølv om det enno er ei stund til Birkebeinerrittet kan det vere eit artig tidsfordriv å leike seg litt med statistikk og tidlegare resultat, iallefall so lenge ein sjølv kjem nokonlunde fordelaktig ut...
Her er litt fakta om resultata frå Glopparane i Birkebeinerrittet t.o.m 2007:

Bestetid: Johnny Hauge 3.18.34 (2006)
Beste opning: Trygve Henden Gaasø 28.24 (2006)
Raskast Skramstad-Bringebu: Kjetil Eide 34.23 (2007)
Raskast Bringebu-Kvarstad: Kjetil Eide 47.26 (2006)
Raskast Kvarstad-Storåsen: Johnny Hauge 45.11 (2006)
Beste avsluttar: Johnny Hauge 39.14 (ny løype 2006), Arne Nesgård 34.09 (gammal løype 2005)

Fleste merke: Kjetil og Dag-Arne Eide 7
Merke i alle startar: Dag-Arne Eide 7, Arne Nesgård 4, Kjersti Rønningen 3, Trygve Henden Gaasø 2, Helge Roska 2, Johnny Hauge 2, Edvard Fjellestad 1
Flest deltakingar: Vidar Eide 12
Beste debutant: Johnny Hauge 3.27.36
Beste plassering: 21.Trygve Henden Gaasø

Ytre Nordstranda topp 3:
1.Vidar Eide 3.24.51
2.Trygve Henden Gaasø 3.24.56
3.Arne Nesgård 3.25.02
Ein jamn og sterk trio dette.......


13.04.08

Fellestreningane er som dei fleste har registrert godt i gang med eit flott oppmøte. Etter 4 treningar har ein notert følgjande antal: 5-10-9-7, noko som gjev eit gjennomsnittoppmøte på like under 8. Men det som er enno meir gledeleg er at heile 17 ulike personar vore innom. Det er likevel enno plass til fleire. Treningane har vore disiplinerte og rolege slik som var lova på førehand.
Dagens tur gjekk i surt regnver utover Nordstranda og vidare derifrå var planen Sørstranda og Eide etter fellestartløypa. Det var ein del fråfall undervegs, mellom anna braut nettredaktøren av før turen var omme. Om nokon sykla rundt heile løypa, so skriv vel ein av dei referat på diskusjonsforumet.


07.04.08
Kjetil Eide har i helga fullført trenar 1 kurs i Førde. Dette er eit trenarkurs som rettar seg inn mot sykkeltrening for born og unge, og høver i den samanheng godt i samband med oppstart av ei treningsgruppe for desse i klubben. Han rapporterer om eit godt kurs med mykje relevant og nyttig innhald. Til hausten satsar han på å gå vidare på trenar 2 kurs som er retta mot trening av vaksne.

Ny mann er lagt inn i intervjuserien Alle andre som har motteke spørsmål blir herved på nytt oppfordra til å svare.


30.03.08
Styret har hatt møte i dag, og diskutert treningsopplegget for 2008.
Opplegget for fellestreningane blir som tidlegare år, men med nokre endringar. Det er lagt opp til terrengyskkel onsdagar og fritt sykkelval søndagar. Ein er no heilt klare på at alle som møter på treningane skal inkluderast. Søndagsturane blir først og fremst roleg langkøyr, då med eventuell oppdeling i fleire grupper dersom det ligg tilrette for det (godt oppmøte, stor nivåskilnad, og ønske frå enkelte om å køyre fort).
På onsdagsturane vil det også bli samla sykling for alle, men med "frislepp" i lange motbakkar. Ved frammøte på Kleivedammen skal det bestemmast korleis treningsøkta skal vere, dvs. ein kort gjennomgang av dagens tur før ein legg avgarde.Turliste for 2008 er tilgjengeleg her. For dei som ikkje får opna den, ta kontakt so vil de få tilsendt.

Nyvinningar i 2008 blir ei eiga kvinnegruppe og trening for born/unge. Sistnemnde blir på søndagar kl 17.00, første dag blir 18.mai. Meir informasjon om dette opplegget kjem seinare på desse sidene og forhåpentlegvis også i Firda Tidend.

Andre saker på styremøtet:
Breimstafetten: Det vil bli i næraste framtid sett opp 2 lag. Alle som er på lista får informasjon i god tid, og må då gje beskjed om dei ikkje kan stille.
Lagskontigent: Det vil bli utsendt informasjon om innbetaling i løpet av April. Ver venleg å betal innan rimleg tid.

26.03.08
Nytt intervju er lagt inn.
Det blir i desse dagar også sendt ut spørmål til fleire andre i håp om å få litt liv i denne serien igjen, alle som har fått/får forespurnad er herved oppfordra til å svare!


16.03.08
Birkebeinerrennet 2008
Som ein har kunne lese på diskusjonsforumet har det vore auka spenning og ulike meiningar om mangt før Birkebeinerrennet. No er rennet gjennomført, og det skulle vise seg at dei fleste hadde gjort grundige førebuingar, treff godt med formen og dermed oppnådde gode tider.
Edvard Fjellestad gjekk på den knallsterke tida 3,16, og slo med det Johnny Hauge si bestenotering frå 2006. Kan det vere duka for eit come-back og revansje her? Jørn Lothe var like bak på 3,20. Begge desse klarte merket. Sterkt renn også av Helge Roska på tida 3,32. Ny pers også av Vidar Eide på 4,24. Fantastiske verforhold over fjellet med sol og vindstille, og so gode løyper som ein kan forvente, sjølv om spora var meir eller mindre fråværande i påskeføret på flatene mot slutten.

Fleire bilete i biletarkivet.


Lørdagstur til svinestranda i flott påskever. Tid opp frå sagevadet 1,22 time


13.03.08
Testing av anaerob terskel ved Firda fys-med

Nå foreligger det et tilbod til Eidsfossen sykkel om testing av din anaerobe terskel. All informasjon og litteratur finner du i vedlegget. Les det og ta kontakt med meg dersom du er interessert? Testen blir foretatt på tredemølle. Det ideele hadde selvsagt vært å teste dere på sykkel, men det får vi ta en annen gang når vi har anskaffet oss en testsykkel…….

Telefon:
Heim 57865480/ mob41458803

Dersom noen er interessert så har eg hele dagen disponibel onsdagen før skjærtorsdag………..

Med helsing
________________________
Arne Nesgård
Fysioterapeut


10.03.08
Lisensar 2008

Alle som deltek på sykkelritt i 2008 må ha løyst lisens. Dei som deltek i få ritt kan løyse eingonglisens via arrangøren ved påmelding, denne kostar 150 eller 200 kroner kvar gong avhengig av storleiken på rittet.
For dei som deltek på 3 eller fleire ritt lønar det seg imidlertid å løyse heilårslisens, denne har ulik pris avhengig av alder, for ein 40-44 åring kostar billegaste variant 595 kroner. I denne inngår også forsikring ved uhell under trening. Heilårslisens skal løysast gjennom klubben. Dei som ønskjer heilårslisens gjev beskjed til klubbleiaren pr.mail om at dei øsnkjer dette og får vidare rettleiing og hjelp derifrå. Det er lurt å vere ute i god tid før første rittdeltaking, for det kan ta inntil ei veke før det er iorden.
Meir informasjon om lisensar på www.sykling.no


10.03.08
Årsmøtet blei avhelde på Gloppebua i går med 11 oppmøtte, referat her.


Premeiutdeling lagsmeisterskap: Kjetil Eide nr.3 og Arne Nesgård nr.2.
Vinnar Trygve Henden Gaasø var som valeg på denne årstid på skirenn og hadde ikkje høve til å delta


02.03.08
Sterk innsats av Arne Nesgård på karusell-/lagsrenn i dag. På lånte skøyteski gjekk han inn til ein 2.plass, kun slått av Trygve! Mange sterke skinamn lengre bak på resultalista. Resultat på Fjellhug/Vereide sine heimesider.


24.02.08
Det er no muleg for dei som ikkje nådde påmelding til Birkebeinerrittet til likevel å få sykle, det er oppretta eit eige ritt dagen før. Ved å reise nedover dagen før f.eks med ekspressbuss kan ein også få oppleve rittet på laurdagen som tilskodar, og returnere med bussen saman med dei andre deltakarane frå klubben.
Info frå arrangøren:

Nyhetsbrev 15. februar
Kjære alle birkenentusiaster, her kommer en gladmelding:
FredagsBirken – et nytt Birkebeinerarrangement i 2008
Birkebeinerrittet 2008 ble fulltegnet i løpet av 90 sekunder allerede 31. oktober 2007. I løpet av kort tid hadde arrangementet en venteliste på nærmere 11.000 personer. Det er hyggelig for oss at vårt arrangement er så populært, men det er trist at vi har måttet avvise så mange interesserte. Det er ikke mulig for oss å ta med flere deltakere enn de 16.500 påmeldte vi har til dette arrangementet.
Helt siden i høst etter at Birkebeinerrittet ble fulltegnet har vi jobbet med å utrede muligheten for å innføre et nytt arrangement. Det er nå klart at det nye arrangementet som vi har kalt ”FredagsBirken” vil se dagens lys allerede i 2008. Rittet vil gå av stabelen fredag 29. august – dagen før det ordinære Birkebeinerrittet. FredagsBirken vil ha samme start, mål og gå i akkurat den sammen løypa som Birkebeinerrittet. Rittet vil ikke ha aldersklasser og eliteklasser og i motsetning til Birkebeinerrittet skal deltakerne i FredagsBirken seede seg selv ut i fra hvor lang tid de tror de vil bruke. FredagsBirken skal tilrettelegges bedre for bedrifter og trimmere enn Birkebeinerrittet. Vi skal fokusere på et godt kulturtilbud ved start, i løypa og i mål. FredagsBirken har en deltakerbegrensning på 5.000 deltakere og vi vil starte påmelding ca. 1. april. De deltakere som står på vår venteliste til Birkebeinerrittet vil få førsterett til påmelding. Hvis rittet ikke blir fulltegnet etter at disse har fått mulighet til å melde seg på vil vi åpne for andre deltakere. FredagsBirken skal være seedingsritt for Birkebeinerrittet påfølgende år. De raskeste deltakerne i FredagsBirken 2008 vil få garantert plass i Birkebeinerrittet 2009. Vi jobber nå med å utarbeide invitasjoner og ytterligere informasjon om FredagsBirken. Vi vil sende ut særskilt informasjon om påmelding til deltakere som står på vår venteliste så snart vi har klargjort hvordan påmeldingsprosessen skal foregå.

Birkebeinerhilsen
Tone Lien
daglig leder Birkebeinerrittet


09.02.08
Dei nye sykkeldraktene er no ankomne og utdelte. Dei fleste av dei som har bestilt har fått desse heim i postkassene eller på trappa i dag. Det ligg ved ein faktura i ein av posane i lag med tøyet. Det er fint om denne blir betalt så raskt som muleg, slik at vi får inn pengar til å betale fellesrekninga.
No vil vi vise endå tydelegare att langs vegane til våren og sommaren!


04.02.08
EIDSFOSSEN SYKKEL DEBUTERAR PÅ SCENA!!!

Ifølge uoffisielle kjeldar fortel rykta at sentrale aktørar i Eidsfossenmiljøet skal debutere på scena komande laurdag, dette sogar i klubbens eigne drakter!!!!
Det er difor all grunn å sette av denne laurdagskvelden og ta turen til Vonheim og vere med på Kleivedammen m/omegn sin bygdakveld. Her kan det vere at det utvida kulturbegrepet får eit nytt innhald!
På Kleivedammen er vi so rause at vi og inviterar folk som bur ut i periferien ein stad, dette vere seg sørstrendingar, ja, sjølv folk langt ut på Vereide er hjarteleg velkomne.
So ta turen til Vonheim laurdag kl 1930, (sjå annonse Firda Tidend), det blir sannsynlegvis første og einaste gangen denne opplevinga kan nytast. Aktørane stiller sjølvsagt med pulsbelte slik at vitale fakta kan nå offentligheten i etterkant.
So ta på litt finstas,ta turen til Vonheim og få med dykk eit godt program, god mat, godt søg og eventuelt litt dans, dette kan bli artigt!!

Allan


03.02.08

INNKALLING TIL ÅRSMØTE I EIDSFOSSEN SYKKELKLUBB

Det vert årsmøte i Eidsfossen Sykkelklubb på Gloppebua 9.mars 2008 kl 17.00

Sakliste

1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Val av møteleiar, sekretær og to til å skrive under møteboka
3. Premieutdeling lagsmeisterskap
4. Innkomne saker til styret
5. Godkjenning av årsmelding
6. Godkjenning av rekneskap
7. Godkjenning av kontingent for 2008
8. Val Årsmøtet er slutt

Matøkt

I etterkant av årsmøtet; Ordet fritt:
• Drøfting av opplegg for fellestreningar, konkurransar m.m
• Førespurnad om å arrangere eit terrengritt i Gloppen med Sparebanken Sogn og Fjordane som hovudsponsor

Saker til årsmøtet må vere styret ihende seinast 24.februar. Send desse på mail til vidar.eide@enivest.net

Trykk her for Årsmelding 2007


03.02.08
Helge har fullført seedingrennet Stenfjellrunden i fin stil, nr. 62 av 132 startande i si klasse, resultat her. So gjenstår det å sjå kor langt denne prestasjonen kan seede han fram i Birken.


02.02.08
Flott laurdagstur i dag, referat her
Foto i biletakrivet


27.01.08
Her er oppdatert liste over laurdagsturar 2007/2008, og også tidlegare sesongar. Som ein ser er Dag-Arne "back in business" med 5 turar på rad, og dermed vel erklært frisk. Henry har imidlertid like mange deltakingar denne hausten/vinteren, med skiløparen Helge rett bak.


Eit par datoar som er verd å merke seg for komande sesong: Alperittet går i 2008 av stabelen 21.juni, kan det ligge an til ein kollisjon med Svinestrandsløpet? Med Helge som primus motor der, so ordnar det seg vel. Deltakinga i motbakkeløpet vil nok bli ganske tynn om desse arrangementa kolliderar.
Fra fjord til fjell i Geiranger går helga før, søndag 15.juni. Her skal Eidsfossen Sykkel ha deltakarar i alle øvingar. I tillegg til fjorårets medaljevinnarar stiller Trond Midtkandal som det store håpet i halvmaraton. Vi vil garantert også ha nokre sterke kort i Flydalsjuvet Miniton . Her blir tidene justert etter alder.

Det er berre å fortsetje treninga som før, det er mykje å delta på i 2008.


07.01.08
Sykkeltøyet som er bestilt er lovd levert i veke 6. Overdelane blir då leverte til OK Henden for påklistring av reklame før utdeling saman med faktura, forhåpentlegvis omkring 8.februar.
Litt statistikk: Desse nettsidene har hatt ca 15000 treff i 2007, dvs. 41 pr.dag.


05.01.08


Flott laurdagstur på Veten, sjå referat her og bilete her

Helge har også lagt inn nokre flotte bilete frå sin solo-laurdagstur til Storevarden føre jul


Her er også nokre Vinterbilete. Sjølv om dette ikkje har so mykje med trening å gjere, so illustrerer det kor flott det har vore i fjellet i det siste.


Sesongoppsummering Olav Henden:
Vurdering av eigen innsats sesongen 2007:
2007 sesongen vart ikkje heilt som forventa. Den starta bra frå årsskifte og fram til påske. Etter det og fram til Birken vart det dårlig med trening. Snitt pr månad berre 13 økter. Her er ein kort oversikt på nøkkeltall: 277 timer totalt,144 økter og 298 mil på sykkel.
Vurdering av treningsopplegget 2007:
Treningsopplegget for 2007 var nok bra det om det berre hadde vorte fylgt. Fellesturane på laurdags morgon var det finaste i førre sesong. Har ikkje vore med i haust pga skade men skal prøve å komme sterkare i løpet av vinteren
Årets opptur: Merke på Birken
Årets nedtur:
Det å måtte stå av sykkelen etter ca 130km på Bergen-Voss med krampe i begge beina. Det å sjå resten av feltet fortsette var til å grine av. NB Fullførte resten av løpet åleine og kom inn på 5:11 ( målet ver under 5 timar)
Planar/mål for 2008:
Har tenkt litt på dette og fyrste mål blir under 5 timar på Bergen-Voss. Etter det blir det å slå to av tre på Birken med følgende initialar: HR, VE og HH. Håper også at det blir betre oppmøte på fellesøktene i 2008 enn 2007. Sjå berre kor fint VetlePetter hadde det på turen Nyttårsafta.


02.01.08
Nettredaktøren vil med dette ønskje eit riktig Godt Nyttår til alle lesarar av desse sidene. Måtte 2008 bli like framgangsrikt på alle måtar som 2007 har vore! Det er berre å stå på som før, flotte forhold i fjellet no slik dette biletet viser.


Gamle nyhende juli-des. 07