26.06.07
Nettredaktøren reiser no på ferie, so desse nettsidene blir ikkje oppdaterte før tidlegast 14.juli. Men debatten går nok heftig på diskusjonssidene til tross for sommarferie. Dette er også ein ypperleg plass til å annonsere fellestreningar på no i sommar.
Det er ein god del dagar no i sommar der turvalg ikkje er fastlagt. Eg vil med dette annonsere ein ny tur på ein av desse, nemleg onsdag 18.juli. Då satsar eg på å sykle til Indre Furefjerding, og vil gjerne ha fleire med dit. Turleiaren er noko usikker på vegstandarden dit, so det er tryggast med terrengsykkel. Dei som ikkje veit kvar dette er kan bruke sommaren til å gruble på det, men eg kan røpe so pass at vi satsar på å ta ferja kl. 17.30 frå Anda, dvs. oppmøte på Kleivedammen kl 17 for dei som kjem derifrå.
I ferien skal eg vere mest muleg aktiv og delta mellom anna på dette og dette og kanskje også noko her.
Lykke til på Storehesten og ha ein God sommar!
Vidar
Fleire bilder frå Svinestrandsløpet fins her; Besøk Helge sitt offentlege galleri. Her finst fleire av klubbmedlemane i fint driv!
24.06.07
Stor suksess i Svinestrandsløpet
Eidsfossen Sykkel går frå siger til siger for tida. Denne helga dominerte klubben Svinestrandsløpet i klassene over 30 år, med tredobbelt i M40 ved Trond Midtkandal, Kjetil Eide og Henry Hammersland. Vinnar av 50-årsklassa vart Dag-Arne Eide, tredjemann i M30 var Jørn Lothe, slegen av svoger Edvard som i denne samanhengen representerte Fjellhug/Vereide. Bestemann frå klubben vart imidlertid Trygve Henden Gaasø (sjølv om han også sprang for Fj/V) med ein sterk fjerdeplass totalt. Eidsfossen Sykkel hadde også fleire deltakarar med, men desse havna noko lengre ned på lista.
Det har vore usemje i styret i klubben om dei som deltok for ein annan klubb i Svinestrandsløpet skulle telje i lagsmeisterskapen for Eidsfossen Sykkel. Etter ei drøfting med styremedlemane kjem det fram eit fleirtal for at alle som er medlemar i klubben tel i lagsmeisterskapet uavhengig av kva klubb dei deltek for. Dermed kan Trygve inkassere nok ein lagsmeistertittel. Gratulerer!
Nettredaktøren tek seg også den frihet å legge inn bilde av seg sjølv, då det såg ut til at eg var den einaste som tok seg tid til og hadde krefter til å stille opp og smile til fotograf Olav Henden på toppen av Holvikfossen.
Meir om Svinestrandsløpet på Fjellhug/Vereide sine heimesider
Arne Myklebust er i mål i Oslo på noko over 33 timar, vel gjennomført!
23.06.07
Arne Myklebust blir historisk!
Som førstemann frå Eidsfossen Sykkel deltek han i skrivande stund på den store styrkeprøven Trondheim-Oslo. Rettnok representerer han ikkje klubben vår i denne samanhengen, men syklar denne kraftprøva saman med mange kollegaer frå Økonor over heile landet (Jon Gimmestad og Harald Ommedal frå Sandane-kontoret).
Føl med på resultatet for denne gjengen her
20.06.07
Ny verdsrekord på Veten
Trond Midtkandal sette i dag ny verdsrekord på Veten, knuste dei andre klubbkameratane og imponerte alle. Dette er ei tid som kven som helst topptrent idrettsutøvar kan få problem med å slå. Trond seglar med dette opp som ein gullkandidat i klubbmesterskapet på søndag, har han med dette vist seg so sterk at han kan knive med Trygve??
Det blei ny pers på alle unnateke Olav Fuglestrand. Her er dei uoffisielle tidene:
Trond 25,10
Jørn 27,03
Kjetil 27,05
Dag-Arne 28,43
Arne 28,45
Henry 29,23
Olav Fuglestrand sneik seg under 30
Ein til mann møtte også opp, men på feil plass til rett tid, og fann dessverre ikkje dei andre og blei dermed ikkje med.
Endå fleire bilder frå fjord til fjell, Eidsfossen Sykkel er inne på heimesidene til arrangøren.
18.06.07
Her kan de sjå Fleire bilder frå fjord til fjell . Fotograf frå Djupvasshytta til Dalsnibba er Oda Eide, mange slitne karar å sjå der..
Fellestrening onsdag 20.juni
Onsdag er det klart for nok ei tøff konkurranseprega treningsøkt, oppkøyring fram mot Svinestrandsløpet:
Oppmøte på Best kl 18.00 med joggesko, lett jogg/gange opp til grinda. Fellesstart derifrå med mål på Veten. Kvar og ein tek tida på seg sjølv.
17.06.07
Knallsuksess på Nibberittet!
Eidsfossen Sykkel hadde stor sportsleg suksess på Nibberittet i Geiranger 16.juni. Dag-Arne gjekk heilt til topps i si klasse og Kjetil blei nummer 3. Gode plasseringar også av Arne og Helge. Alle deltakarane kan vel skrive under på at dette på fleire vis er noko av det mest spektakulære idrettsarrangement dei har delteke på. Storslagen natur, vanvittig tøffe motbakkar, særmerkt avslutning på Dalsnibba, i det store og det heile eit flott arrangement med ei fin råme rundt. Det var også eit familievenleg arrangement der koner og barn gjekk Geirangermarsjen dei siste 5 kilometerane opp mot toppen. Fleire av desse har allereie no sagt at dei neste år skal stille på Flydalsjuvet Miniton, eit 4,2 km langt løp frå Geiranger sentrum oppover bakkane. Med strålande veir og overnatting på idyllisk campingplass er dette absolutt å anbefale, neste år stiller forhåpentlegvis fleire frå Eidsfossen Sykkel på startstrek.
13.06.07
Nytt diskusjonsforum
Det er no oppretta eit nytt diskusjonsforum i tilknytning til våre nettsider, noko som har vore etterlyst av fleire. Den litt tungvindte varianten er vekk takka vere Jørn Aaberg som har laga dette til. Forumet er ope for alle, men ein må registrere seg som brukar før ein kan skrive noko første gong. Det gjer ein ved å gå inn på denne sida å registrere seg (trykk på register øverst til venstre), deretter er det berre å fyre laus. Når ein skal innigjen seinare er det må ein logge seg på (oppe th.). Den gamle sida er teken vekk.
Alle klubbmedlemar og andre interesserte er herved oppfordra til å bruke dette forumet aktivt (men vis nettvett og unngå personsjikane). Lykke til!
13.06.07
Onsdagsturen:
I dag var det to stk 90+ som møtte opp på best.Riktignok møtte Kjetil opp også , men han var på jobb.Litt duskregn var det men makkeren min hadde bestemt at det ikke skulle legge noen demper på farten i hvert fall.Passerte butikken på vereide etter 19,40.Akkurat den tiden tror jeg vil stå en stund , men etter det så gikk det litt tungt for meg i noen stigninger (antydninger til krampe)så slutt -tiden på 67,50 kommer nok til å bli slått i løpet av sommeren .
Nå er det bare dager igjen til Nibberittet. Det kommer til å bli en kjempetur.Vi reiser inn til Hellesylt og tar det verdensberømte fergestrekket som Japaneserne reiser halve jorda for å oppleve. Setter igjen bilen på kaien og tar fergen over. Jeg vil anbefale denne turen .Reiser ca kl 0800 fra Sandane
Mvh Anonym.
To tøffe Merida 900 (type tung) landveissyklister, Helge og Arne, prøvde
seg på fellesstartløypa i kveld. Det var en regtung, forblåst og kald
kveld. Vi var klare for å kjøre et syreløp for å forsøke å få "et løft"
frem mot Nipperittet lørdag. Det ble et rotterace med god fart og
kompiskjøring. Helge viste seg å være den sterkeste på flata, mens æ var
best opp bakkene.
Tiden ble på 1.07.50 med start på hovedveien E39 og i mål ved Best. Snitt fart på over 32 km/t i en løype som var på over 36 km.
Arne
Draktreklame:
I henhold til Klubbavtalen med Olav K. Henden skal vi ha deira logo + G-sport på draktene. Dei har utstyr til å lime dette fint på. Alle klubbtrøyer og -jakker må difor leverast til Olin i butikken slik at ho fiksar det. Dette er spesielt viktig for dei PR-kåte som skal i avisa. Difor må alle dei som skal delta på Nibberittet få ordna dette før helga, vi reknar med stort presseoppslag etter at iallefall eit par mann bokstaveleg tala har hevda seg heilt på toppen i Nibberittet. Andre som ikkje skal delta der må også sørje for å få gjort dette snarast råd.

12.06.07
Svinestransløpet
Det nærmar seg no Svinestrandsløpet. Alle klubbmedlemar (inkl. Fjellhug/Vereide mann og arrangør Helge) må huske å melde deg på under Eidsfossen Sykkel. Det er ein lagkonkurranse der vi skal vere med å kjempe heilt i toppen. Vi satsar også på å bli den klubben med flest deltakarar.
11.06.07
Stemningsrapport frå Bergen-Voss 2007
Dette løpet håpar eg fleire av klubbens medlemmar blir med på neste år. Helge har allereie meldt sin interesse. Det er ein kjempe fin tur med alt som skal til i eit landevegsritt. Med tre bra stigningar og 170km byr det på mange fine utfordringar. Her kan ein melde seg på i hit som passer for kvar enkelt. Det var også i år ny deltakarrekord med ca 1500 påmelte.
Når ein i tillegg får sol og 22-28 grader kan ein ikkje anna enn å like ein lett og fin racersykkel (ikkje sant Dag Arne) som susar av garde i godt tempo. Når dette no er over er det tilbake på hybriden og trene mot Birken. Alt har sin sjarm.
Med vennlig hilsen/Best regards,
Olav Henden
NB! Klubbmesterskap fellesstart onsdag 13.juni er utsett!
Grunnen er at det er kome inn fleire forfall, slik at deltakarantalet ser ut til å bli svært lågt. Ny dato er ikkje sett, men blir mest truleg tidleg i september, ein gong mellom Birkebeinerrittet og Alperittet.
Dei som ikkje er opptekne med andre ting blir oppfordra til å sykle den planlagde løypa på onsdag.
Den er som følgjer:
Start på hovudvegen på Kleivedammen, E39 utover til Andenes, over brua der til høgre og nedover til sjøen, langs sjøen innover mot sentrum til høgre ved Trademark ned Krånavegen, vidare gjennom sentrum forbi Mega, til høgre ved hotellet, på riksvegen ut til Sande, til venstre der og opp bakkane gjennomSandefeltet til øvstevegen, til venstre og innover mot Bukta, til høgre når ein kjem over storebrua, til venstre før Evebøfossen, opp Djupegota, forbi Eide og utigjen til Kleivedammen, mål ved bensisnstasjonen.
Lykke til! Ta gjerne tida slik at vi har ei ca.tid å forholde oss til når konkurransen står for døra.
Olav Henden deltok som einaste mann frå Eidsfossen Sykkel i landevegsrittet Bergen-Voss i helga. Han kom inn på 5 timar og 11 min, noko som er eitt minutt dårlegare enn i fjor. Han er sjølv ikkje heilt nøgd i det han fekk krampe 3 mil før mål, og måtte sykle resten solo.
Til samanlikning hadde Førde Sykkelklubb 12 deltakarar, so det er enno ei stund til vi tek dei att på landeveien, men på Birken derimot........
10.06.07
Fellestur søndag 10.juni:
Stor framgang mht. oppmøte, ein auke på 100%, heile 2 deltakarar! På programmet stod Vambesetstøylen, men Henry tok ansvar og forlangde kvalitetstrening. Langintervall, 10 min x 3 i steikande varme; ytre Fjellbygda, Solheim og Utsikten.
06.06.07
Fellestur onsdag 6.juni Myklebustdalen:
Eg møtte opp i god tid med stor optimisme på ein fantastisk fin dag for sykling. Venta og venta på Kleivedammen, men ingen dukka opp. Det var nermast utruleg men minimalt oppmøte på ein slik flott dag når det har vore godt med folk på treningane i ufyseleg veir (ref. Traudalen) tidlegare. Då tekstmeldingar tidlegare på dagen tyda på at Helge skulle vere med, og han er ikkje av dei som alltid er ute i go tid, venta eg til 5 over før eg la i veg. I den tru at det var meg det måtte vere noko gale med (hadde eg teke feil av klokka? Stod det 17.00 på lista?), torde eg ikkje anna enn å sykle den ruta som var oppsett i håp om å møte andre, dette til tross for nokså mange turar den vegen.
Det blei ein roleg tur åleine til Myklebustdalen i fineveiret.
Kva er årsaka til dette skrale oppmøtet??? Er syklistane i Eidsfossen Sykkel kun opptekne av fjellspringing for tida? Er det viktigare å springe på Ryssdalshornet i ensom majestet for å slå tida til kameraten enn å delta i eit sosialt sykkelfellesskap?? Eg berre spør..........
Vidar
05.06.07
Fellestur søndag 3.juni Dimma/Ryssfjøra:
Olav, Henry, Trygve, Kjetil, Helge, Dag-Arne. Fine forhold. Litt i rykk og napp. Trygve var utilnærmeleg opp mot Dimma, utan at alle gav alt. Opp frå Ryssfjæra fekk han følge heilt opp, men det er usikkert kor mykje han la i dette draget. Dette var økt nr 2 for fleire denne dagen.
Dag-Arne
31.05.07
Ei påminning om Nibberittet 16.juni i Geiranger. 1500m stigning i løpet av 21 km.Kan stille i racer eller offroad klasse.Fleire i klubben har meldt si interesse så det kan bli ein fin klubbtur i naturskjønne omgivnadar.Passar og som familietur.Redusert påmeldingsavgift før 8.juni.Ta kontakt med Dag Arne eller Kjetil om du er interessert.
Kjetil.
Minner om at dei som vi teikne heilårslisens kan ta kontakt med Vidar. Dei første lisensane i klubben er utskrivne, so registreringa fungerar! Det kan imidlertid ta nokre dagar frå du har betalt til lisensen er klar pga. diverse oppdateringar i dataregister, so det er lurt å vere ute i god tid før du skal delta på det første rittet.
Nokre bilder frå gårsdagens temporitt:

No reiser nettredaktøren på ferie so desse sidene blir ikkje oppdatert på nokre dagar.
30.05.07
Årests første lagsmeisterkap gjekk av stabelen i dag, temporitt med 9 deltakarar på startstreken. Løypa gjekk frå Vassenden ved Breimsvatnet tur-retur Andenes på E39, totalt ca 26 km. Klar vinnar blei Trygve Henden Gaasø på den sterke tida 38,47, noko som gjev ein gjennomsnittsfart på imponerande 38,5 km/t! Han har no eit godt grep om tittelen "Årets Klubbmester". Dersom nokon skulle klare å slå denne råsterke junioren måtte det vel vere nettopp i denne disiplinen.
Vidare nedover på resultatlista var det nokså jamt. På dei neste plassane følgde overraskelsesmannen som sjølv seier han ikkje er syklist, Jørn Lothe, deretter Arne Nesgård. To mann kom for seint til start (Helge og Vidar), og sykla etter alle dei andre var komne i mål. Desse hadde nok litt dårlegare forhold med meir vind og regn. Det bør vel og leggjast til at Dag-Arne hadde hybridsykkel medan alle dei andre brukte racer-sykkel.
Fullstendig resultatliste her
28.05.07
Endeleg sol og årets første "kort-kort" tur på motbakketesten:
Klar vinnar blei favoritten Trygve Henden Gaasø med tida 32,45 frå bensinstasjonen på Kleivedammen til Liaholten, nr. 2 Dag-Arne 34,55, vidare rekkefølgje: Henry, Helge, Olav og Vidar (39,00). Kjersti dukka også opp, ho starta like bak. Svoger til Helge sykla same runda og var utkommandert fotograf, so her kjem sikkert nokre solskinsbilder etterkvart. Største dramatikk etter målgang då ein av karane punkterte, og ingen hadde med slange som passa!
NB! Etter forslag frå Dag-Arne er løypa på onsdagens temporitt noko omlagt. Start og mål blir på Vassenden ved Breimsvatnet, og løypa blir gåande tur/retur Andenes på E39. Ein syklar over brua på Andenes, tek av til høgre og under E39, opp til venstre innover igjen og innpå hovudvegen att. Dette er ein mindre trafikkfarleg trase, og oppvarminga kan skje utanom E39. Det blir 2 minuttar mellom kvar startande, og det er ikkje lov å henge om ein blir igjenteken eller tek igjen nokon. Det skal vere god luke mellom syklistane. Dagens vinnar av motbakketesten og nyinnmeld medlem Trygve Henden Gaasø har meldt sin ankomst på ny racer, og Alex Peveri stiller også til start. Begge desse er gode outsidarar, so spørs det om alltid spreke Kjetil eller racerspesialist Olav kan slå dei og bli historias første klubbmester i temporitt i Eidsfossen Sykkel?? Eller kanskje Helge?? Arne?? Henry?? Dette blir eit spennande og ope mesterskap!
26.05.07
Medlemskorta er no klare, desse skal brukast når ein handlar hjå Olav K. Henden og vil ha rabatt på syklar og sykkelutstyr. Kortet gjev rabatt kun på sykkelrelatert utstyr, ikkje andre varer i butikken. Kjetil har desse korta, ta kontakt med han dersom du ikkje har motteke det.
Litt om komande treningar/arrangement:
Mandag 28.mai klokka 18:00:
Motbakketest på sykkel. Det blir fellesstart på Kleivedammen, løypa går utover hovudvegen til Austrheimsskrysset, oppover Fjellbygda til Utsikten og vidare innover so langt vegen går, deretter over myra og brua med stopp på vegen på Lihaolten. Dette er ein uformell test der kvar enkelt tek tida på seg sjølv, og ikkje noko form for lagsmesterskap. Dette er Allan si testløype, men fleire andre har også testa seg her. Rekorden er hemmeleg (Kjetil), men ligg truleg ein stad mellom 30 og 35 minutt.
To av dei tøffaste klatrarane, Kjetil og Arne, melder dessverre forfall her, so kven som kjem først opp er uvisst.
Onsdag 30.mai klokka 18:00:
Lagsmeisterskap temporitt.Intervallstart på hovudvegen på Kleivedammen. Løypa går E39 utover til Andenes, over brua der, ta av til høgre, under brua og ned mot sjøen, vegen innover langs fjorden, gjennom sentrum og bilvegen opp til Kleivedammen, mål ved bensinstasjonen.
Dette er som nemnt klubbmeisterskap og inngår som eitt av fem ritt/løp i konkurransen "Årets Klubbmester". Håpar på godt opmøte, også frå dei som ikkje har racersykkel, det er tross alt eit nokså uformelt arrangement. Nyinnmeld medlem Knut Ove Henden stiller som tidtakar.
24.05.07
Klubben har enno nokre få buffar att. Desse spesialdesigna samlarobjekta er skikkeleg flotte,så dei som ikkje har sikra seg bør være kjappe.Kun 100,- kr. Ta kontakt med Vidar eller Kjetil.
23.05.07
5 mann på fellestur i dag, i det ein trygt kan kalle pøsande regn! Turen gjekk til Ryssdalen-Traudalen-Vereide, ca 45 km. Mannen som ikkje stilde på Jølster Rundt pga. dårleg ver hadde teke til fornuft og møtte opp i dag, men han med splitter ny Diamant Silver Cape glimra med sitt fråvær. Klubbfotografen var heller ikkje med, so ingen bilder frå denne turen. Deltakarar: Trygve, Kjetil, Olav, Henry og Vidar.
Klubbavtale er i dag underskriven med O.K.Henden
22.05.07
Helge har glimta til med ein god ide: Vi innfører tittelen "Årets klubbmester" i Eidsfossen Sykkel. Dette er ein tittel som vil hengje svært høgt og den som kan smykke seg med den ved sesongslutt har verkeleg gjort prestasjonar det står respekt av. Reglane for dette er som følgjer:
5 konkurransar er gjeldande, dei 4 klubbmeisterskapa som står på "terminlista" i tillegg til Birkebeinerrittet. Dei 4 beste plasseringane er teljande. Den som har lågast totalt poengsum (1 poeng for førsteplass 2 for andre osv.) etter 4 konkurransar er vinnaren. Ved lik sum vil den som har flest førsteplassar vinne, dersom dette også er likt vil flest andreplassar vinne osv. Dersom det ikkje er råd å skilje på denne måten, vil den som er best i Birkebeinerrittet vere vinnaren. Det vil verte premie til Årets klubbmester, kva dette blir er ikkje avgjort. Det er heilt klart at 2. og 3.plass i denne tevlinga også vil hengje høgt.
Håpar dette kan vere med å inspirere fleire til å stille opp i alle dei 5 nemnde konkurransane!
21.05.07
Takk til Vidar for godt og fyldig referat.
Tenkte at jeg måtte skrive noen linjer jeg også. Det blir gjerne sånn at når man har gjort noe kjekt så får en lyst til å fortelle andre om det. Spesielt til de som ombestemte seg i siste liten.
De forandringene som var gjort med løypen skulle gi større utslag enn jeg hadde trodd på forhånd. Selv om jeg datt av i den bakken etter Vassenden så mener jeg at arrangørene gjorde rett i å forandre på løypen. Tidligere så har det vert veldig mye i rykk og napp opp til Vassenden .I år var det mye gjevnere kjøring . Jeg datt som sagt av i den bakken etter Vassenden , og ble syklende sammen med 3-4 andre .Noen hundre meter bak hovedfeltet . Vi ble syklende slik som vi gjør på treningene i en rekke der en drar og så smetter en forbi og drar videre .Avstanden var omtrent den samme hele tiden i ca 2 mil,helt til en av oss fant ut at vi måtte sirkulere hele tiden . Da greide vi å ta igjen forspranget , og det var en fornøyd gruppe syklister som gratulerte hverandre og ga hverandre fem .Det vi hadde glemt da var at det kom en bakke like etterpå som vi ikke hadde mulighet til å holde følge opp etter å ha kjørt så hardt over lengre tid . Jeg ble da liggende i en tomansgruppe ca 15 km før vi ble tatt igjen av en gruppe på ca 12 stk. Denne gruppen fulgte vi inn til mål. Arne og en ungdom hang seg på ca 5 km før mål. Til neste år har jeg tro på at vi kan stille med endelflere fra Eidsfossen. Kan bare nevne navn som Olav, Henry, Kjetil, Jørn, Trygve, Rune, Harald. Ja kanskje vi greier å fylle opp to biler.Det hadde vert saker .
Helge
20.05.07
Jølster rundt 2007:
Følgjande tekstmelding tikka inn søndag morgon:
"Eg blir ikkje med i dag (Jølster rundt) for dårleg ver". At ein av bærebjelkane i laget skulle feige ut på denne måten var ikkje mindre enn sjokkerande! Litt av piffen gjekk med dette ut av laget før avreise.
Optimismen steig imidlertid litt på turen bortover til tross for svært skiftande veir. Vi måtte innom bakken opp til Gjesdalen og inspisere løypa. Denne var verre enn forventa, og konklusjonen var at denne kom til å få følgjer for utfallet av rittet (sjølv om optimisten Helge meinte dette skulle gå fint).
Ved ankomst Førde hadde regnet stoppa og optimismen steig på nytt. Lagkaptein Helge som deltok for femte gong hadde mange gode råd å gje til oss debutantane før start. Eitt av dei var å vere med framme i teten oppover mot Vassenden. Dette følgde vi som best vi kunne og det gjekk ganske bra ei stund......
Vidar måtte sleppe i bakken før Langhaugane, Helge i bakken mot Gjesdalen, men Arne var framleis med i fremste rekkje, eit sterkt felt på ca 15.mann. Etter 54 km ved Årdal måtte dessverre også han gi tapt for råkøyret i tet. Likevel sterk innsats av alle mann:
Arne køyrde solo frå Årdal til Sunnfjord museum då gruppa til Helge tok han igjen
Helge og 3 andre køyrde innigjen hovudfeltet på sørsida av Jølstravatnet
Vidar sykla i lag med kun ein mann omtrent rundt heile Jølstravatnet, frå Vassenden tilbake forbi Ålhus.
Det må leggjast til at det var ein vanvittig motvind med storm (minst!) i kasta frå Skei til Vassenden.
3.plass og premie til Helge i M40, tid 2,22, i mål med gruppe 2
8.plass til Arne i M30, tid 2,22, i mål med gruppe 2
13.plass til Vidar i M40, tid 2,32, i mål med gruppe 3
Vinnartid: 2,15
19.05.07
Endeleg ein ny kar i intervjuserien.
18.05.07
Det er no muleg å teikne heilårslisensar via klubben. Ta kontakt med Vidar, so ordnar det seg forhåpentlegvis. Vi har forsøkt dette, og det ser ut til å fungere, men pga. nokre oppdateringar som går sjeldan, er desse ikkje heilt i boks.
Heilårslisens for ein mann i 40-åra kostar i underkant av 600 kroner. Meir detaljar finn de på www.sykling.no.Klikk på lisensar i menyen på venstre side, då kjem det div. menyvalg om lisensar og forsikring på høgre sida.
Etter kommentarar på 17.mai på Vereide er det no lagt inn 2 nye linkar på startsida. Den eine er korleis ein kan teikne medlemskap, og den andre direkte til turprogrammet slik at alle finn det lett.
Trygve,Helge,Arne og Kjetil stillte til fellestrening 16. mai.I motsetning til gølseturen til Hyen,køyrde vi jamt hardt men samla.Helge på racer,oss hine på offroad.Frå Best til bommen der grusvegen mot Årdalsstøylen startar brukte vi 51min.Ned att viste klokka 39 min,noko som gav ein snittfart på 30,5 på heile turen.Arne er "friskmeld" og drog som eit lokomotiv nedatt.Det lovar godt for Jølstravatnet rundt på søndag.
Kjetil.
15.05.07
Her er oppdatert turliste etter endringar i styremøte 14/5 -07.
Her er eit flott bilde frå Hyeturen, her var vi komne nær heimen og humøret stigande igjen. Det som ikkje framgår av bildet, men som fleire kommenterte underveis, er at vedhogst ikkje er optimal trening fram mot 9-milsturar.
Det har vore styremøte i Eidsfossen Sykkel, og det er bestemt ein del ting som dei aktive må få med seg:
Klubbmeisterskap av ulike slag (nokre endra datoar):
Onsdag 31. mai kl 18.00: Temporitt, individuell start. Nordstranda Rundt. Start på Kleivedammen. Knapt 20 km.
Onsdag 13. juni kl 18.00: Fellesstart landeveg. Nordstranda/Sørstranda. Start på Kleivedammen. Løypa er ikkje bestemt i detalj, men mellom 3 og 4 mil.
Søndag 24. juni: Motbakkeløp. Innlagt i Svinestrandsløpet. Start i Sandane sentrum. Mål på Svinestranda.
Søndag 19.august: Terrengritt. Innlagt klubbmeisterskap i Eidsfossen Grand Prix.
I tillegg blir det lagt opp til ein fellesstart på sykkel opp Engesetåsen til Liaholten, og ein fellesstart til Veten frå Valborgkleiva (20. juni). Dette blir ikkje lagsmeisterskap, men harde treningsøkter.
Styret vil og gjerne ha innspel frå medlemane om aktuelle sykkelritt andre stader som kan vere aktuelle å samle seg om til felles reise. Nokre har planar om Nibberittet i Geiranger 16. juni.(Familetur m/overnatting til Hyenesstøylen/Skjerdalen blir flytta til neste år dersom det blir deltaking på dette rittet) Skarverittet og Hallingrittet er to andre aktuelle som vi kan vere med på utan overnatting. Grenserittet vil og ha deltakarar frå Eidsfossen Sykkel.
Dag-Arne
12.05.07
Fellestur til Hyen i dag med 6 mann, 5 av desse på racer og Trygve som einaste med terrengsykkel. God fart innover og tilbake mot Hestenesøyra (enkelte kom rett frå TV-stolen og Giro `d Italia og var sterkt inspirerte av det). Dette var imidlertid årets første langtur for eit par av deltakarane som etterkvart blei tydeleg slitne. Difor blei det roleg tempo frå Hestenesøyra og heimigjen. Klubbfotograf Helge låg i veigrøfta her og der og tok ein del bilder på heimvegen, desse kjem seinare. Øvrige deltakarar: Arne, Olav, Henry og Vidar.
Konkurranse:
Det er no berre litt over ein månad igjen til Svinestrandsløpet, og dermed er det på tide å starte oppkøyringa mot det. Difor blir det no lansert ein konkurranse fram mot dette løpet.
Denne kunkurransen går ut på å prikke inn pallplasseringane i klubbmeisterskapet for Eidsfossen Sykkel i dette løpet. Personane skal vere i rangert rekkefølgje. Ein skal setje opp dei ein trur blir dei 4 beste (i tilfelle nokre av klubbedlemane mot formodning skulle melde fråfall, då blir den som ikkje stiller opp bli stroken, og neste mann "rykkjer opp", slik som i travløp).
Her er dei vaksne mannlege klubbmedlemane det kan tippast på:
Dag-Arne Eide
Kjetil Eide
Vidar Eide
Henry Hammersland
Olav Henden
Rune Hjelle
Jørn Lothe
Trond Midtkandal
Arne Nesgård
Allan Mardal
Alexander Peveri
Helge Roska
Øystein Sundal
For å repetere: Tipp dei 4 beste av desse i Svinestransløpet 2007 i rangert rekkefølgje. Send svaret på mail til Vidar Eide
Dersom det skulle kome fleire nyinnmeldingar i etterkant vil dette bli annonsert på desse sidene fortløpande. Det er å håpe at damedeltakinga frå klubben også vil bli betydeleg. Då vil det i so fall bli ein tilsvarande konkurranse for desse
11.05.07
Startpuljene for Birkebeinerittet er no oppsette. Gå inn her og søk på Eidsfossen Sykkel, so får de opp startrekkjefølgja. Det ligg an til nokre spennande duellar (blant anna mellom tre mann som startar kl 07.20) og spekulasjonar om kven som kan ta igjen kven. I tillegg til Eidsfossen Sykkel sine deltakarar har vi også Trygve på start klokka 7.50, han vil nok kome som ei kanon bakanfrå og ha mulighet til å ta igjen enkelte som startar før han.....
Eidsfossen Sykkel har no Klubben Online sider oppe og går på nettet. Dette er ei gratistjeneste som alle idrettslag har tilbod om. På desse sidene vil det førebels ikkje bli noko aktivitet mht. oppdatering på, men dei vil ligge der med peikar til dei operatrive nettsidene våre.
Vi har no fått tilsendt forslag til klubbavtale frå Olav K. Henden. Denne skal behandlast i styremøte mandag 14.mars. Meir info om dette seinare.
09.05.07
Fellestrening onsdag 9. mai.
Helge og Olav møtte opp men ingen andre kom. Vi tok turen rundt (rundkøyringa ved) Jølstravatnet. Turen starta i opplett, gikk over i regn, før Skei hagla det og mykje regn tilbake til Byrkjelo. Resten av turen gikk i solskin. Vi var samde om at alle dåkke andre er nokre pingler. Litt regn og hagl stopper ikkje aktive syklistar. Så Vidar og co. neste gong bør dåkke stille opp. Helge ser ut til å vere i kjempe form der han drog meste parten av turen.
NB. Fyrste laurdag med fint ver blir det ekstratur Nordfjorden rundt.
Olav
08.05.07
Livet går vidare etter den fysiske og psykiske utladninga på Breimstafetten.
Onsdag er det tid for klassikaren Jølstravatnet rundt. Denne treningsturen er i år flytta frå august og fram til mai fordi den er lagt inn som oppkøyring for landevegsrittet Jølster Rundt 20.mai. Oppmøte på kleivedammen onsdag 9.mai kl 17.00
Olav K. Henden har no fått inn Diamant Silver Cape i butikken, både med dempar og stiv gaffel. Dersom du lurer på å kjøpe ny terrengsykkel, so ta ein kikk innom og sjekk ut desse syklane. Men vent litt med å kjøpe til ei evt. klubbavtale er på plass.
06.05.07
Breimstafetten blei avvikla med synleg og god innsats av Eidsfossen Sykkel. 3 plass og pokal i rekordjamn Opa klasse lar seg høyre, berre 2,1 sek bak topplasseringa og 0,5 bak andreplassen. Dette etter ein iherdig innspurt av Trond der han gav alt, men ikkje klarte å presse seg forbi damene på oppløpet. Med litt meir trening for alle før neste års stafett so er vi på toppen!
Veternanane gjorde også ein heiderleg innsats, til tross for at vi kom sist over målstreken. Ei forbetring på 22 sekund sidan i fjor og fattige 0,5 sekund bak Eid IL på plassen føre må vi vere godt nøgde med.
Flott innsats også på defileringa til tross for heftige diskusjonar og uenighet om antrekket før innmarsj. Alle stilde til slutt i like drakter, med rank holdning og gjekk fint i takt. Etter fleire kommentarar frå publikum i ettertid var det tydeleg at vi var den moralske vinnaren av defileringsprisen (bileta nedanfor skulle vel også vise det tydeleg nok). Til og med so sterke ord som "sexy" vart teke i bruk. Men vi prøvar igjen til neste år, då med full tropp (og kanskje litt brunare bein - ein ide kan vere å legge inn ein obligatorisk Snønipa-tur i kortebukse i forkant)
Resultat frå stafetten finn de her.
Tur rundt Jølstravatnet tidleg laurdag morgon hadde 4 deltakarar, Jørn, Olav, Henry og Helge.
04.05.07
Nyinnmeld medlem Alex Peveri i Eidsfossen Sykkel viste gode takter og vann Senterløpet på Sandane i dag. Vi reknar med han held lovnaden sin om leiing på første etappe i Opa klasse på Breimstafetten.
Laurdag 5 mai kan dei som vil vere med Henry og Olav på ein rolig tur rundt Jølstravatnet. Turen starar frå Best kl. 0600. Det blir lagt opp til å bruke racersykkel men mentor Dag Arne er hjarteleg velkommen med anna utstyr. Turen blir avlyst om det regnar. Håpar at mange stiller på
Olav
Minner om at Jølstravatnet rundt står på programmet onsdag 9.mai også.
Elles er det verdt å merke seg at Eidsfossen Sykkel fekk flott omtale på radioen i dag. Det var arrangørane av Breimstafetten som spesielt trekte fram klubben vår som "ei gruppe som tydelegvis har eit positivt miljø".
Vidar
02.05.07
7 mann på fellestring onsdag 2.mai. Turen gjekk i rykk og napp opp og ned på veiar/stiar i området Kleivedammen-Eide-Søreide-Mardal-Bukta (totalt 39 km inkl. tur-retur Vereide). Ein velt i bratt unnabakke på laus grus av nykomar Øystein Sundal, men ingen skade skjedd. Han hang forøvrig godt med i ein "oppjaga" tur. Høgste registrerte puls opp Leirbakken 180 (Vidar). Fleire observerte og kommenterte at Henry var spesielt på hugget og virka veltrent og i god form. Øvrige deltakarar: Dag-Arne, Olav, Arne og Helge.
No er fot-/skitur sesongen er formelt avslutta, med tre toppturar siste helga. Her er oppdatert liste over deltakarar, alle turar annonserte på nettsidene er tekne med (sjølv om enkelte kallar Snønipa-turen 29.april for familietur utanom treningsprogrammet for klubben. Hensikten med den turen var å skrue ned tempoet og dermen å inkludere fleire, men denne turen vart av enkelte boikotta pga. for lav fart ????).
01.05.07
Jeg var litt usikker på om det er riktig å skrive om en tur til Snønipa som er helt utenfor treningsprogrammet til klubben , men så tenkte jeg at Vidar og damene gjorde det og da kan vel jeg også gjøre det .De som ikke gidder å lese det kan jo bare finne på noe annet å gjøre (ta seg en sykkeltur f eks).Ble plukket opp kl 06 05 av Dag Arne ,Henry og Trond i den gamle Volvoen til Dag Arne .Jeg merket med en gang at det var en forventningsfull gjeng som satt i bilen og det var god stemning i finaveret på vei oppover.Kjørte forbi en syklende Vidar som var på vei til arbeid.Ble litt overasket da det viste seg at vi skulle starte turen helt nede ved Sandalsvatnet , men det tok ikke lange tiden før vi var kommet så pass høyt opp at vi kunne ta på oss skiene .En litt kald nordlig trekk gjorde at det var skareføre hele veien opp.Kom opp til toppen før klokken var blitt 10 00 , der vi satt i nesten en hel halvtime.På vei ned begynte de andre å mase på meg om ikke jeg kunne ta noen bilder av de mens de kjørte telemarksvinger slik som det var blitt gjort med Margot . De hadde jo selvsagt sett de flotte telemarkbildene på hjemmesidene og nå ville de jo selvfølgelig at jeg skulle ta noen telemarkbilder av de .Jeg må jo si at jeg var litt skeptisk , men etter mye masing så sa jeg vel bare jaja greit, men da får dere ta noen flotte svinger. Jeg fant fort ut at her var det en gjeng som ikke hadde glemt gamle kunster .(bilder blir lagt ut på nettsidene senere). Det var en fin tur .På vei hjem kjørte vi forbi en syklende Vidar på vei fra jobb.
Helge
30.04.07
Breimstafetten:
Alex Peveri melder seg inn i Eidsfossen Sykkel i løpet av veka, og går dermed inn på laget igjen. Følgjande lag er no påmelde til Breimstafetten 2007:
Opa klasse:
1.Alex Peveri
2.Else Margrethe Larsen
3.Ragnhild Sollid
4.Helge Roska
5.Arne Nesgård
6.Rune Hjelle
Klikk her for oversikt over etappane
Veteranklasse:
1.Jørn Lothe
2.Vidar Eide
3.Dag-Arne Eide
4.Henry Hammersland
5.Kjetil Eide
6.Olav Henden
Klikk her for oversikt over etappane
Reserve: Trond Midtkandal og Margot Nesgård. Desse må holde seg i beredskap løpsdagen dersom noko uforutsett skulle inntreffe med deltakarane.
Vidar Eide stiller imidlertid plassen sin på laget til disposisjon for ein av reservene, dersom dei vil vere med.
Defilering:
Vi tek sikte på å vinne defileringsprisen, og då må sjølvsagt alle stille likt kledde i klubbdrakter. Det vil seie følgjande antrekk: Klubbtrøye, klubbukse, tube-wear og sporstbriller med mørke glas i tilfelle sol og lysare glas i overskya ver (briller kan diskuterast den aktuelle dagen).
Det er ikkje alle som har bukser, so dei som har to stk (Arne? Rune?) tek med ei ekstra for å låne vekk under defileringa. Kjetil sørgar for å låne både trøye og bukse av Allan. Alle som har tek også med svart eller mørk blå superundertrøye, klubbjakke og svart overtrekksbukse dersom det skulle bli kaldt i veret.
I år som i fjor tek vi sikte på at flest muleg syklar til Breim i klubbdrakter. Oppmøte på Kleivedammen klokka 11.30. Defilering klokka 13.00, start klokka 15.10.
Jølster rundt:
Det er no lagt ut innbuding for Jølster rundt Førde Cykleklubb sine heimesider. Det er gjort nokre endringar på løypa i høve til tidlegare år. Rittet går av stabelen 20.mai. Det er på tide at fleire av oss tek eit skritt vidare og stiller på eit landevegsritt. Veteranen Helge Roska treng hjelperytterar, so det er berre å melde seg på!
Leirar og nestleiar har hatt samtale med Olin Henden hos Olav K. Henden. Ho utabeider forslag til klubbavtale der det inngår rabbattar på kjøp av syklar og utstyr mot visse gjenytingar frå klubben. Det vil truleg ta eit par veker før eventuell avtale er klar og underskiven, so vent litt med å kjøpe syklar de som har tenkt til det. Imens kan de gå inn på nettsidene til Olav K. Henden og sjå kva dei har å tilby av andre ting eller studere G-sport sine Diamantsyklar.

Fellestrening 2.mai:
Ein onsdag har falle ut i turprogrammet, dette var ikkje tilsikta. Vi trenar sjølvsagt den dagen også. Oppmøte på Best som vanleg kl 18.00, denne gongen med terrengsyklar. Turen går på tørre fine småvegar og stiar i nærområdet, med innlagt test av makspuls opp Leirbakken.
29.04.07
Kjempeflott tur i strålande solskin på Snønipa søndag 29.april, med overtal av damer!
Klikk her for fleire bilder frå turen
Deltakarar på turen: Margot Nesgård i fin telemarkstil, Mannen med dei merkelege brillene er Morten Moen, Birkebeinar og gjest frå Hamar. Øvrige: Øyfrid Larsen Moen, Else Margrethe Larsen og Vidar Eide
28.04.07
På laurdagsturen i dag Trond og Henry,turen gjekk på Ryssdalshornet fint ver
og godt og gå. Bar og god veg til toppen,med enkelte små parti med snø.Råsa
til toppen kan trygt seiast å vere open for allmen ferdsel.
27.04.07
To gode turforslag i helga. Ingen av desse passar meg desse dagane, men eg har tenkt Snønipa 1. mai dersom veret er bra. Dette som eit provoserande alternativ utan koner og skapleg treningsfart. Avreise tidleg. Ta kontakt på Sms på 95812790 om du ønskjer å vere med.
Dag-Arne
26.04.07
Ser at turleiaren har avslutta laurdagstursesongen, og dermed også forslaga til laurdagstur. Dermed er det mulighet for andre å kome med turforslag. Eg foreslår vi avsluttar sesongen med ein tur på ryssdalshorn. Frammøte best kl. 8 (med sykkel sjøvsagt).
Trond
Eg tenkte ein annan avslutning på sesongen, nemleg tur på kommunens høgste fjell Snønipa på søndag. Oppmøte på Best klokka 08.00. Dette vil bli ein roleg tur, og eg oppmodar alle til å "setje vekk" eventuelle ungar og ta med koner på denne turen.
Det er dermed to turar å velje mellom denne helga, ein på laurdag og ein på søndag.
Vidar
25.04.07
Fellestur til Kandalen med godt oppmøte, 7 mann. Gledeleg med 2 debutantar på sykkel, Trond Midtkandal og Kim Pedersen. Skiløparen Trygve Henden Gaasø sesongdebuterte også på fellestrening på sykkel, øvrige deltakarar Arne, Kjetil, Olav og Henry. På denne turen deltok mellom anna både lege, fysioterapeut og spesialsjukepleiar, so her er det trygt å møte opp. Ingen grunn til å vere engsteleg for å stille opp på desse treningane. Om uhellet skulle vere ute, er ein i gode hender!
23.04.07
Min siste offisielle laurdagstur enda med at berre Kjetil og eg møtte opp. Altså ingen stor gjeng som møtte og takka av turleiaren etter ein lang sesong som starta tidleg i fjor haust. Litt hovudbry for å finne turar som passar med veret, og tendens til negativ kritikk har det vore, men i ettertid har det synt seg at dei avgjerder som diktatorisk har vorte tekne av underteikna, har vore rette.
Denne turen var den kortaste turen vi har hatt. 1 t 15 min. Roleg joggetur i terreng og på stiar i Eidsmona mm. m/inkludert hjortesafari. Diskusjonar om laust og fast undervegs, blant anna om evt fornuftige sykkelkjøp for dei som treng det. Dempegaffel eller stiv gaffel til Birken ?
Dag-Arne
19.04.07
Styret i Eidsfossen Sykkel har bestemt at laurdagsturane skal halde fram ut april. Førstkomande laurdag blir den siste for min del, så då kan det vere fritt fram for einkvan å føreslå den siste turen den 28.april. Denne dagen har eg tenkt å sesongdebutere som o-løpar, kombinert med diverse gjeremål på hytta i Stryn.
Tilbake til førstkomande laurdag: Veret i skrivande stund innbyr ikkje akkurat til fjelltur eller sykkeltur. Det er meldt noko betre laurdag, men eg føresler ein fottur med utgangspunkt frå Best kl 08.00. Så får vi der og då legge eit løp når vi ser frammøtet, veret og kven som møter opp.
Dag-Arne
16.04.07
Jaja ; det var kjekt så lenge det varte. Jeg sjønte jo at den tittelen ville bli en kortverig glede. (vil benytte anledningen til å gratulere Jørn) Jeg vet at Henryen prøvde å melde seg inn under Eidsfossen sykkel .Siden dette var ett KM så er det sikkert litt mer formelle regler som må følges,derfor hadde de en liste over lag der Eidsfossen ikke var med på.Om det kan ha å gjøre med at Eidsfossen akkurat er blitt godkjent av kretsen og derfor ikke er med på denne listen vet jeg ikke, men det kan jo tenkes.
Helge
Olav observert i stor fart på sykkel inn mot Kandalen i ettermiddag
Førstkomande onsdag blir det ikkje sykkeltrening. Vi ser derimot fram mot Breimstafetten som går av stabelen søndag 6.mai. Med den framifrå innsatsen av fleire på KM i terrengløp so satsar vi på å forbetre oss litt frå i fjor i veteranklassa. I tillegg stiller vi som sjølvutnemnde favorittar både i opa klasse og til å vinne defileringsprisen.
Dag-Arne og Vidar har ikkje anledning til å vere med på onsdag, men ser likevel på seg sjølve som aktuelle for eit lag på Breimstafetten. Alle andre potensielle deltakarar blir sterkt oppfordra til å møte. Treninga blir leia av Henry med Helge som assistent. Minner om at etappene er mellom 300 og 650 meter. Oppmøte på Myra i Åsen klokka 18.00 onsdag 18.april. Lykke til!
Laga blir oppsette i løpet av kort tid og offentleggjorde på nettet.
Vidar
15.04.07
Retting:
Nyinnmeld medlem i Eidsfossen Sykkel Jørn Lothe (sjå melding under) kan kalle seg uoffisiell klubbmester i terrengløp, Helge og Henry er dermed degradert til nummer 2 og 3, men flott innsats av alle tre.
Det som likevel er verdt å merke seg er at alle deltok for Gloppen FIL, kva er årsaka til det mon tru?????????
At Helge blei omtalt som klubb mester i terrengløp var det som skulle til for å få fingeren ut. Betaler med dette medlemskapet med glede og inntil Alex eller Edvard betaler, vel eg å sjå på meg sjølv som klubbmester i terrengløp.
Mvh
Jørn
14.04.07
Flott laurdagstur på Storevarden, 4 mann møtte; Dag-Arne, Trond, Olav og Vidar. Som vanleg diskusjon om vegvalg mellom Dag-Arne og Trond enda denne gongen opp med at dei eit stykke gjekk kvar sin veg. Farten auka då betydeleg og referenten fall av lasset ei stund og fekk ikkje sjå kven som kom først i bakken under toppen, men iflg. Olav, som også måtte sleppe litt når det stod på som verst, var det temmeleg likt. Periodevis perfekte forhold gjorde at nedafarten blei veldig flott! Når sistemann hadde fått av seg skia ved bilen hadde det gått 2 timar og 30 min sidan vi starta, so turleiaren hadde (som vanleg) treft godt med tidsanslaget.
Olav forøvrig observert i stor fart på sykkel innover Sørstranda seinare same dag.
Den interne duellen i KM i terrengløp mellom Henry og Helge enda med sistnemnde som vinnar. Han kan dermed kalle seg uoffisiell klubbmeister i terrengløp.
Begge to ser ut til å vere i god rute til Breimstafetten.
12.04.07
Det er meldt fint ver i helga, så eg var inne på tanken å arrangere tur på Snønipa søndag i staden for laurdagstur, men eg trur vi satsar på ein kortare tur laurdag likevel. Eg veit at minst to av dei sprekaste av oss blir forhindra frå å vere med, sidan dei skal springe KM i terrengløp laurdag. Vi andre kan sjå fram til ein nydeleg tur på Storevarden. Frammøte på Best kl 08.00. Vi held fram med eit forholdsvis tidleg oppmøte for å få tid til anna seinare på dag. Turen tek ca 2,5 time frå bilen og tilbake. Sjølv om det for enkelte kan vere freistande å bruke fine vårdagar på sykkel i staden, så er det lite som etter mi meining kan måle seg med ein skitur på denne tida. Sykling kan ein drive med som økt nr 2 og evt søndag. Vel møtt !
Dag-Arne
11.04.07
Lite oppmøte på fellestrening i dag, kun Kjetil og Vidar møtte ca kl 18. Vi var begge litt seine og såg ingen andre på Kleivedammen. Var dei andre allereie reiste?? Dag-Arne er alltid tidleg ute og Henry har aldri tid til å vente. Det var berre å kaste seg på sykkelen og legge i veg i eit forrykande tempo utover Sørstranda for å nå igjen eventuelle tjuvstartarar. Men det viste seg fort at det var ingen andre på tur denne dagen, om so hadde vore ville vi nok med vårt tempo teke dei igjen ganske fort. 39 minutt frå Kleivedammen til tunnellen på Hestenesøyra, snitt på 29,5 km/t.
Det gjekk betydeleg seinare tilbake då ein av oss gjekk bortimot tom, men vi langa heim!
10.04.07
Den uungåelege 50-årsdagen til Dag-Arne viste seg ikkje frå si alle beste side vermessig, men tur vart det og Dagen behørig feira!
4 mann i tillegg til jubilanten møtte opp for å feire (ny mann på fellestur: Allan Mardal, endeleg får ein vel seie....) Turen gjekk som plalagt innover Jardalen, heilt inn under Søreidsskaret. På tilbaketuren blei det rast i ei hytte i Jardalsbotnen med feiring med kake og flagg, før stormen blåste oss utigjen dalen!
NB! Husk fellestrening onsdag 11.april kl 18.00 på Kleivedammen. Turen går til Hestenesøyra.
09.04.07
Den tidlegare annonserte 50-årsturen blir frå bensinstasjonen på Kleivedammen tysdag 10.april klokka 09.00. Felles avreise til Jardalen. Turen går innover dalen om veret blir slik det ser ut no. Dersom det derimot skulle skine opp, vil nok ein forsøke seg meir i høgda.
Nytt portrettintervju er omsider lagt inn.
03.04.07
Det vert ikkje organisert laurdagstur på påskeafta. Turleiaren er då oppteken med Rypeskarrennet som han går for 28.(?) gong på rad, dvs. alle renna som har vore arrangert i nyare tid. Dette er han bortimot åleine om.
Alle andre i klubben vert også oppmoda til å stille på dette rennet. Underteikna er med i arrangemnetskomiteen og serverer saft undervegs, eitt glas ekstra til alle medlemmer i Eidsfossen Sykkel!
Vidar
Ja no er oppkøyringa til lagsmeisterskapet i motbakkeløp i gong ! Svinestrandsløpet er lagt inn i dette meisterskapet, og det går av stabelen den 24.juni. I samband med dette tenkte eg å legge inn ein test på distansen frå grinda på lunneplassen ovanfor Holvikja, opp forbi fossen og opp på bilvegen ovanfor. I dag har eg testa denne, med sluttid på 18.25. Denne tida kom etter ein roleg joggetur (utan gåing) med puls på 158. For min del er det meininga at denne tida skal forbetrast for kvart forsøk seinare. Eg utfordrar no andre til å prøve seg her, med publisering av tider og puls på nettet. Reknar med at Jørn og Kjetil (og ikkje minst Edvard) vil kome ned på tider ned på 13-14 min.
I dag tysdag såg eg ein mann kome springande inn forbi Bystingen. Stilen til vedkomande var som om det var ein topptrena, tilreisande påsketurist. Då han kom nærmare, såg eg at det var ein tilreisande påsketurist, men han var ikkje topptrena. Han stoppa opp, tykte sjølv han sprang lett og fint, som i gamle dagar, men han var nettopp starta joggeturen. Han klaga over at blodpuma ikkje var som før. Mannen var Kjell Sandal, utflytt Gloppar, og tidlegare Eidsfossen sykkeldeltakar. Han har no svikta Eidsfossen Sykkel, og meldt seg inn i ein mindre klubb ein stad rundt Hamar. Sjå portrettintervju nr 6 !
Dag-Arne
Her er eit par bilder frå siste laurdagstur på Svartekari. Fotograf er som vanleg Helge Roska
02.04.07
Sykkelsesongen står no for alvor for døra. Underteikna har også i år sett opp ei ambisiøs liste over treningsturar og konkurransar det er verdt å vere med på. Nytt av året er klubbmeisterskap, det er lagt inn heile fire av desse. To av dei (terrengsykling og motbakkeløp) er lagde inn i allereie eksisterande arrangement. Dei to andre (Temporitt og fellesstart) er tenkt avvila i forholdsvis uformelle former på ein vanleg treningskveld.
Lista er eit utgangspunkt som sjølvsagt er råd å endre dersom det skulle kome spesielle ønskje, eller noko anna tilseier at vi burde endre på opplegget. Ein treng heller ikkje vere med på heile turen, men snu undervegs dersom det viser seg at det blir for langt. I år vil vi ha spesielt fokus på å ta oss av nykomarane, slik at ingen blir fråsykla, men derimot får lyst til å møte opp seinare. So nøl ikkje med å bli med på fellesturar, det skal vere opplegg for alle og einkavar uansett fysisk form og føresetnader!
Til tross for at turlista er "ferdiglaga" og lagt ut her, vil det stort sett bli førehandsomtale av kvar tur på nettsidene nokre dagar i førevegen.
Klikk deg inn på turprogrammet for 2007 her
Dersom nokon ikkje får opp dokumentet, f.eks ikkje har Excel på si maskin, so ta kontakt for å få oversendt den innlimt i ein vanleg mail, evt. på papir.
Onsdag 4.april blir er det på tide å få fram terrengsyklane. Vi tek sikte på ein "rotetur" på småvegar og stiar rundtomkring i Eidsmona, og evt. vidare til Ryssdalen-Søreide. Det er muleg det blir litt rufsete ver igjen, då blir vi i so fall skitne!
Vidar
01.04.07
Hei!
Da er det vel på tide med en liten rapport fra den kvinnelige delen av medlemsmassen. Vi måtte jo stille opp på et skirenn i vinter, og siden vi blei nekta start i Birken, så måtte vi slå til på hjemlige trakter. Så kom den dyre glideren endelig til nytte!
Holmøyskarrennet i dag, strålende sol og flotte forhold. Mye vekslende føre; i løpet av hundre meter kunne det godt skifte mellom ising, kladder, null feste og perfekt feste! Men sola skinte fra skyfri himmel, det var nesten vindstille og spora var som trikkeskinner, så vi koste oss godt....
Ingen andre glopparar å se ( ??? ), tross for supert opplegg med buss om morgenen fra Vangen til Markane, slik at vi hadde bil i målområdet.
Neste år skal vi iallefall få med oss Else og Margot og et par damer til, det bestemte vi i bilen hjem. Vi var faktisk så oppstemte at vi også vurderte og ta med et par unger, .....og min gamle far som jo pleier å være på besøk i palmehelga!
Dessverre glemte vi begge fotoapparat, så vi må nøye oss med mobilbilder. De er ikke av de beste, men beviser iallefall at vi var der!
Ragnhild og Kjersti
31.03.07
Sist vi var på lørdagstur var det siste Olav sa til Vidar før han vendte nedover igjen .Du må ikke la Helge skrive referat fra denne turen. Nei nei,selvsagt ikke sa Vidar .De andre samtykket. Jeg regner med at han antagelig har hatt litt dårlig samvittighet etter denne uttalelsen, for i dag var det vist akkurat meg han ville ha til å skrive .Jeg kan jo ikke helt forstå hvorfor akkurat jeg skulle få skrivenekt den gangen .Lurte en stund på om han trodde at jeg skulle skrive noe som falt i hans disfavør på grunn av at han snudde oppe med stølen , og vi andre fortsatte opp på Svartekari forde han slet med ettervirkningene av en lei influensa. Men men, jeg tok det som en mann . Ikke noen sure miner. I dag er i hvert fall alt glemt.
Hardhausene som møtte opp på "Best" idag var Dag Arne, Henry ,Olav og Helge. Etter det forsmederlige nederlaget borte i Østerdalen skulle det bli godt med en skikkelig skitur . Jardalen rundt ,som Dag Arne har snakket varmt om mer enn en gang..På vei opp mot Jardalen overasket vi en liten flokk med reinsdyr som sto midt i vegen. Helt greit. Må jo ha litt igjen for å stå tidlig opp (tok noen bilder som kommer senere). Da vi begynte å gå merket jeg at det er fire uker siden jeg har vert med på disse lørdagsturene. Det å gå med feller er noe annet enn å gå med tynne langrennski ,og når Dag Arne og Olav stilte med breie feller i tillegg , så ble jeg og Henryen liggende noen meter bak og prate om løst og fast .Rett før vi kom opp på Svartekari mens vi diskuterte Svinestrandsløpet skjedde det . Helt uten forvarsel røyk den ene vaieren på bindingen min.Vi prøvde å rope på de andre ,men de bare gikk videre som om ingenting var skjedd.Jeg greide å gå med foten inni bindingen opp til toppen .Nå var gode råd dyre . Jeg prøvde å surre vaieren rundt bindingen, for på den måten å kunne fortsette Jardalen rundt ,men turleiaren hadde alt hadde tatt beslutningen om å snu.Jeg må benytte anledningen å takke de andre lørdagstrimmerne for god sportsånd at alle snudde og gikk ned igjen på tross av at jeg sa de kunne fortsette. Neida de kunne jo bare ta seg en tur i veaskogen eller en sykkeltur seinere på dagen. Ikke noe problem.
Helge
30.03.07
Hei,eg skal på hytta på strynefjellet i helga så eg får desverre ikkje være med på laurdagsturen. Men eg vil kome med eit lite tips: Ta med isøks og eventulellt tau. Der er mykje snø i søreidsskaret og denne er antalegvis hard så tidleg på dagen, så dette vil være til god hjelp og kanskje heilt nødvendig for å komme seg opp dei første bratte meterane. Eg gjekk runda sist søndag, det var ein kjempetur og isøksa va til god hjelp. Ha ein fin tur!!!
Trond M
29.03.07
Endeleg ! No blir det Jardalen Rundt ! Frammøte på Best kl 08.00. Felles avreise med Carawelle Syncro, evt Subaru Forester ? Rykter seier at Allan dessverre ikkje kan vere med, men alle andre bør setje av denne økta. Turen vil ta inntil ein time lenger enn persen min frå 2 år sidan (!?!?) dvs inntil 3,5 time frå parkeringsplassen i Jardalen og tilbake. For nye på denne turen: Svartekari, Tverrfjellet, Søreidsskaret, Storevarden, Lisbetdalen og nedigjen til Mardalsstøylen. Helst turski med stålkantar og fellar. Ryggsekk med litt mat og drikke, og evt tørre vottar/lue/vindjakke. Vel møtt til ein kjempetur !
Dag-Arne
Underteikna gjorde alt som sto i mi makt for å rekke fellestreninga på Kleivedammen kl 18.00. Etter at tankbilen frå Florø var komen inn til meieriet kasta eg meg på sykkelen og sykla det raskaste eg vann mot Kleivedammen, etter 34 min og snitthastighet på nærare 32km/t svinga eg inn ved bensinstasjonen klokka 18.00. Til min store skuffelse var det ingen som hadde møtt opp........
Etter ein pust i bakken og ein TINE iste sette eg meg på sykkelen og vende nasen heim. Då møtte eg Helge Roska som hadde møtt opp ein time tidlegare og vore ein tur på Anda. (Øystein Sundal kom også forbi på veg heim etter treingstur).
Det blei då ny tur til Anda på Helge, langs sjøen utover (vi måtte holde oss på solsida). For dårleg oppmøte på ein slik fin dag! Rykta vil ha det til at to av klubbmedlemane sat på pub i Bergen i staden for å byggje opp kroppen framfor sommmarens komande arrangement.
Vidar
27.03.07
På grunn av feiring av Gloppens store helt på onsdag blir det ikkje sykkeltrening den dagen.
Vi prøvar derimot på torsdag i staden, oppmøte på Kleivedammen klokka 18.00. Det blir ein tur på asfalt kring Gloppefjorden, dvs. racersykkel er tillete.
Elles er det verd å merke seg at Svinestrandsløpet kjem i ny utgåve til sommaren, det er også lagt inn ein lagkonkurranse der Eidsfossen Sykkel bør kunne markere seg. Set av datoen 24.juni 2007
25.03.07
Ei flott helg med fantastisk ver på søndagen gav forhåpentlegvis mange syklistar på vegane (Dag-Arne er observert søndag ettermiddag på sykkel, om morgonen var han etter det rykta seier på Svinestranda).
Men fleire av klubbmedlemane er enno ikkje ferdig med skisesongen, og Eidsfossen Sykkel hadde mange på startstrek i karusellrennet på Kleivane i dag, der alle gjorde ein solid innsats. Her er nokre av dei:
23.03.07
Endeleg vår i lufta og tørre vegar! Gode forhold for sykling og det var ikkje so reint få å sjå på sykkelen i går.
For den som er i tvil om det er noko grunn til å bruke tid og krefter på sykling, her kjem nokre:
- Sterkare beinvev, brusk sener og band
- Auka arbeidskapasitet
- Betre søvn
- Mindre risiko for beinskjørheit
- Serkare hjerte
- Mindre risiko for høgt blodtrykk
- Betre blodsukkerregulering
- Større overskot og meir trivsel
- Mindre risiko for "slitasjegikt"
- Styrka immunsforsvar
- Mindre ryggbesvær
- Lettare å oppretthalde rett kroppsvekt
- Mindre risiko for blodpropp og slag
- Gunstigare fettstoffskifte og blodkolesterolprofil
- Betre sexliv
- Betre blodsirkulasjon
- Betre balanse
- Sterkare muskulatur
- Mestre stress betre
- Betre lungefunksjon
- Betre mage og tarmfunksjon
- Mindre risiko for kreft
- Naturleg avløp for stressreaksjonar
- Sterkt redusert risiko for hjerte og karsjukdomar
- Betre leddfunksjon og bevegeligheit
- Langsommare aldring
Er det nokon grunn til å vente?? Meld deg inn i sykkelklubben og bli med på fellesturar!
Her er oppskrifta for innmelding:
Familiepris kr. 300. Famile inneber 2 sambuande vaksne med ubegrensa antal barn tom. det året dei fyller 18.
Styret oppfordrar alle interesserte til å teikne medlemskap i klubben. Det kan gjerast på følgjande vis:
Enkeltmedlem vaksen kr. 200
Enkeltmedlem barn/ungdom kr. 100 (tom. det året dei fyller 18)
Støttemedlem kr. 100
Innbetal aktuell sum for medlemskap i Eidsfossen Sykkel til kontonr. 3705.07.87428. Send deretter e-post til Vidar.Eide@enivest.net med namn og fødselsår på alle innmelde medlemar. Oppgje i same e-post namn på hovudmedlem (ved familiemedlemsskap) og e-postadresse og mobiltelefonnr. til vedkomande.
Ein halvmeter nysnø i høgda gjer at vi ventar enno litt med høgfjellstur på ski. Turleiaren har begrensa med tid laurdag (vedahogst), så vi prøvar ein tur omlag som sist laurdag. Veten til fots, med frammøte på Best kl 08.00
Dag-Arne
20.03.07
Etter nokre dagar med rufsete ver, ser det no (tysdag kl.17.30) betre ut. Vi satsar på at det er likedan i morgon slik at det er tilrådeleg med sykkeltur igjen. No som Birkebeinarane (les: Helge, Jørn og Kjersti) har lagt skuffelsen bak seg, reknar vi med at dei er sugne på å kaste seg på sykkelen.
Oppmøte på Kleivedammen onsdag 21.mars klokka 17.00 med valfri sykkel, dvs. det ligg an til asfalttur kring Gloppefjorden i tempo som blir justert etter oppmøte.
Det er noko usikkert om underteikna stiller opp, men det er forhåpentlegvis nok av ansvarsfulle folk som kan ta seg av eventuelle nykomarar.
Om det skulle bli snø og fare for glatte vegar, er det lite tilrådeleg å dra ut på tur med sykkel utan piggdekk.
Vidar
14.03.07
Laurdag den 17.03 er ein stor dag for dei som skal til Rena og for dei som skal vere heime og følge opp dei håpefulle, samt passe mobiltelefonen. Kanskje desse oppgåvene også legg ein dempar på frammøtet på laurdagsturen, men då gjeld det for oss andre å prøve å få eit forsprang. I dag, onsdag, ligg det an til dårleg ver også denne laurdagen. Då er det best å halde seg til det trygge i låglandet, så eg tek opp hansken etter Allan. Vi prøvar turen til Veten og Eidsstøylen, og ser om Allan har klart å følge den merka råsa i snøen, eller om vi må gjere justeringar. Frammøte på Best kl 08.00. No må dei som har svikta i det siste møte opp ! Legg merke til at dette er kalla låglandet, vi ventar framleis på dei verkelege fine turane på Jardalen !
Dag-Arne
So er vi i gang! Årets første fellestrening på sykkel blei gjennomført på onsdag i eit ofseleg regnver, der det spruta vatn frå alle kantar. Til tross for ufyseleg væte gjekk det unna i jamt bra tempo. Turen gjekk til Ryssdalen og utover sørstranda til vegen til Devik og tilbake til Sandane. Deltakarar var Olav, Kjetil, Dag-Arne og Vidar.
Nettsidene blir no ikkje oppdaterte før tidlegast Søndag kveld, men det er berre å sende inn bidrag likevel so skal eg legge dei inn då. Redaktøren skal i Holmenkollen å heie på Oddbjørn, so følg med på fjernsyn laurdag!
Vidar
12.03.07
Første fellestrening på sykkel blir onsdag 14.mars kl 17.00 ved bensistasjonen på Kleivedammen.
Vi tek sikte på ein forholdsvis roleg start og nokså kort tur på asfaltvegane kring Gloppefjorden.
Siktemålet i år er å rekruttere nye deltakrar på fellestreningane. Tempoet på kvar tur vil bli lagt på eit nivå der alle kan henge med. Ved stort oppmøte og/eller variasjon i nivå vil ein dele opp i fleire grupper. Målet må vere at alle trivst under sykkelturen, og er fornøgde når turen er over slik at det gjev meirsmak og oppmøte neste gong også.
11.03.07
Berre 3 mann møtte opp i dag. Vertilhøva var dårlege med regn nede og snø og vind oppe. Det var dei same tre personane som også var på Veten fredag kveld, Trond, Kjetil og Dag-Arne. Pulsen til underteikna var tilbake på normalen, nesten 10 under Kjetil. Etter å ha vore på Veten to dagar på rad, så er no kneet mitt dårlegare enn på lenge. Oppover går det bra, men nedigjen måtte eg gå og småjogge. Dei to andre fekk frie tøylar, og forsvant. Det spørs om eg lyt bite i det sure eple, og vere med i forumet for kneskadde. Når det gjeld fysiske plager, så er det mange andre forum eg og kan vere med i.
Så til deg Allan: Du møtte ikkje opp, trass i sterk oppmoding. Denne gongen hadde eg rekna med at du kom for å vise meg ryggen oppover. Men tidleg morgon og høljande regnver er berre for dei aller tøffaste.
Dag-Arne
08.03.07
Det ligg an til dårleg ver med regn og vind i helga. Såleis er det ikkje råd å planlegge høgfjellstur denne laurdagen. Eg vil føreslå ein enkel tur til fots på Veten, med frammøtte på Best kl 08.00. Då kan det vere aktuelt å gå opp råsa til Røsskleivdalen dersom dette ikkje er gjort. Sjølv har eg ikkje vore på Veten på 3 veker, og det kan vere tvilsomt om eg ofrar kneet denne dagen heller. Såleis er det ikkje sikkert at nokon vil få same gleda med turen som Kjetil fekk forrige laurdag.
Dag-Arne
03.03.07
I dag, laurdag, møtte turleiaren og Kjetil som dei einaste etter oppsett tid på Kleivedammen. På grunn av dårleg frammøte og tvilsom form på underteikna, så blei det bestemt at turen skulle gå til Svinestranda i staden for Jardalen. Foten er dårleg, men det skulle vise seg at det vart den den fysiske formen som som bekymra vel så mykje etterkvart. Høg puls heilt frå starten. Då vi kom opp i laussnøen utan spor gjekk Kjetil føre heile tida, medan eg hadde mi fulle hyre å halde følge. Når ein går på Svinestranda på 1.48 t frå Valborgkleiva med puls på over 150, så er ikkje tilstanden som den ein gong var. I fjor gjekk eg same turen på 1.30 t med puls på 130-talet. Det er tydeleg at eit sjukdomsavbrot med færre og kortare treningsøkter enn vanleg dei siste vekene, har sett sine spor. Eg trur eg kjende den følelsen som Henry m.fl har fortalt om når dei har lege bak meg på tilsvarande skiturar i fjor.Kan ikkje hugse sist eg var i så dårleg form på ein slik skitur. Denne turen må prøvast oppigjen så snart som mogeleg for å sjå om dette kunne vere noko tilfeldig, kanskje alt i morgon tidleg. Det er godt det er lenge til konkurransar for min del !
Dag-Arne
01.03.07
Vi satsar på ski også denne gongen. Jardalen var ein suksess sist, og denne gongen prøver vi den andre sida av dalen, dvs i retning Storevarden. Eg føresler frammøte på Kleivedammen kl 08.00, for felles avreise derifrå med bil. For min del er formen framleis usikker, men å halde seg i ro er svært vanskeleg. Eg kan køyre, einkvan tek med bompengar.
Dag-Arne
24.02.07
Laurdagsturen:
5 mann på plass på Søreide kl 8, køyrde eit lite stykke oppover og parkerte ved første brua. Ein mann var ikkje restituert etter influensa og snudde klokeleg på Mardalsstøylen. Resten fortsette vidare til Svartekari (1220 moh), flott tur, vindstille, glimt av sol og nærkontakt med ryper. Skiftande underlag førte til ein del fall nedigjen. Fartsfylt avslutning på vegen ned mot bilane som enda i ein massevelt so grusen spruta. Ingen alvorlege skader, kun skrubbsår. Ei ny alpin grein er oppfunnen: Utfor fellesstart!
Deltakarar: Helge, Olav, Henry, Kjetil og Vidar. Den faste turleiaren stod over pga. skade. Han er no forbigått i antal deltakingar på laurdagstur i 2007 av Helge Roska. Han har vore med på 7 av 8 turar, men har no varsla at langrennsforma skal spissast inn mot Birkebeinerrennet, slik at laurdagsturane må vike nokre veker (det blir ført nøye statistikk over deltakinga, og dei ivrigaste vil bli framheva i årsmeldinga). Her er oversikten
23.02.07
jardalen er ok, men ver klar over at det er brøyta der, slik at vegen opp består sannsynlegvis av både litt sand og is. Køyr heller oppover. Ser ikkje vekk frå at eg kjem, har i så fall stor bil med 4-hjulstrekk. Slit enno med foten, men har sjølvsagt problem med å halde meg i ro.
Dag-Arne
22.02.07
Laurdagsturen:
Turleiaren slit med helsa for tida og er noko usikker mht. deltaking på laurdag.
Vi må finne på noko anna denne gongen. Vi startar på Søreide ved vegen til Jardalen laurdag kl 08.00 (etter at jaktstarten er slutt). Går på ski opp vegen til støylen. Der bestemmer ein vegvalget vidare etter veiret, om ein snur der, går i Jardalsbotnen, Svartekari eller anna.
Vidar
PS! TUBE WEAR til salgs før start, kr 100

Trygve Gaasø Henden blei i dag juniornoregsmeister på ski, 10 km fri teknikk fellesstart. At denne karen hadde potensiale er vi alle klar over, men at han skulle slå til so ettertrykkeleg so tidleg er ikkje mindre enn veldig imponerande! Gratulerer Trygve!
No skal ikkje Eidsfossen Sykkel ta noko ære for denne gullmedaljen, men vi lever i trua om at sykling er ein medverkande faktor i Trygve sin kolossale framgang. Han var ein av dei ivrigaste på treningane i fjor, og vi håpar å sjå han like mykje denne sesongen. Han kjem nok til å slå alle oss gamlingane på Birken i år, eller klarar du å stå imot eitt år til Kjetil?
Meir om triumfen på Fjellhug/Vereide sine heimesider.
18.02.07
Til orientering for klubbmedlemar og andre interesserte som vurderer å melde seg inn so finn de her referat frå første styremøtet i Eidsfossen Sykkel.
17.02.07
4 mann på laurdagstur, Dag-Arne, Kjetil, Helge og Vidar. Nokre halvsjuke med mykje hosting. Turen gjekk frå Kleivedammen til Svartehammaren (v/Rypeskaret), regn nede og snø i høgda.
Styret oppfordrar alle interesserte til å teikne medlemskap i klubben. Det kan gjerast på følgjande vis:
15.02.07
Styret i Eidsfossen Sykkel har hatt sitt første møte (referat kjem seinare). Der blei den årlege kontigenten for medlemar fastett til følgjande:
Familiepris kr. 300. Famile inneber 2 sambuande vaksne med ubegrensa antal barn tom. det året dei fyller 18.
Enkeltmedlem vaksen kr. 200
Enkeltmedlem barn/ungdom kr. 100 (tom. det året dei fyller 18)
Støttemedlem kr. 100
Innbetal aktuell sum for medlemskap i Eidsfossen Sykkel til kontonr. 3705.07.87428. Send deretter e-post til Vidar.Eide@enivest.net med namn og fødselsår på alle innmelde medlemar. Oppgje i same e-post namn på hovudmedlem (ved familiemedlemsskap) og e-postadresse og mobiltelefonnr. til vedkomande.
Dette for å ha eit oppdatert medlemsregister slik at ein lett kan få kontakt med medlemar ved behov.
Eg har inntrykk av at fleire har vore sjuke i det siste. Eg er i alle fall klar til å ta igjen den tapte veka med trening. Hadde planar om at vi skulle kome oss i Jardalen på ski denne laurdagen, men no er det meldt tvilsomt ver til helga. Eg føresler at vi difor også denne gongen held oss til det nære og trygge, nemleg ein skitur oppover frå Valborgkleiva. Blånibba kan vere eit mål dersom veret er brukande. Frammøtte kl 08.00.
Dag-Arne
PS! TUBE WEAR er til sals før start, kr. 100 pr. stk
Vidar
15.02.07
Etter oppmøte på fellestreninga i dag onsdag 14. februar ser det ut til at det er mange som føler seg i kjempeform. I kveld var det kun Henry og Olav som kjempa seg gjennom ei intervalløkt. Henry låg foran og Olav vart lengre og lengre bak for kvart drag. Håpar på betre oppmøte neste gong.
12.02.07
No er TUBE WEAR i salg! Den har utallige bruksområde.
Den kostar kr 100 pr. stk og kan kjøpast frå Kjetil eller Vidar.
11.02.07
Laurdagsturen blei den hittil flottaste turen (?). Til tross for nokså sterk kulde på morgonen, starta 4 deltakarar (Trond, Kjetil, Helge og Vidar), og 3 kom til topps på Svinestranda. Ein av deltakarane var framleis ikkje heilt restituert etter sjukdom, og reiste difor på hytta og fyrte i omnen og dermed tilrettela for familietur seinare på dagen.
09.02.07
Avlyse turen laurdag ?
Turleiaren er blitt så sjuk at det er uaktuelt å trene, i alle fall i minus 14 grader. Eg meiner det er på grensa til det forsvarlege å reise på fjellet i denne kulden. Dei tøffaste av dykk kan trasse dette rådet, men då på eige ansvar. De som evt møter opp får peike ut ein turleiar.
Dag-Arne
Eg foreslår at vi startar. MEN hugs å ta med tørr hue,buff,vottar mm. til å skifte på seg før nedfarten.
Vidar
07.02.07
Som nemnt er det varsla kanonver utover veka. Såleis kan eg alt no gå ut med mål for turen laurdag. Sidan forrige laurdagstur vart noko amputert, trass i at høgdemålarar synte at vi hadde vore høgre enn Svinestranda, så må vi nesten prøve denne turen igjen. No er det meir laussnø og bitande kaldt. Vi vil kome opp i nydeleg sol i Grønebakkane dersom veret blir som i skrivande stund. Toppen vil syne godt denne gongen ! Ta med ekstra klede, spesielt tørre vottar til nedturen ! Frammøte blir Valborgkleiva kl 08.00.
Helge ivra for at nedturen også må gjelde som trening. Turleiaren godkjende under tvil 30 min trening i tillegg til turen oppover. Spesielt etter at Olav hadde vore oppe i 160 i puls nedigjen utanfor Hesten. Henry kan syne til liknande frå i fjor, men godkjenning av unnabakke på ski som trening, kan vise seg å vere eit eingongstilfelle. Treningsturen er slutt når vi er oppe !
I skrivande stund er det noko usikkert om turleiaren sjølv kan vere med laurdag, men reserve vil i tilfelle om nødvendig bli utpeika i god tid.
Dag-Arne
05.02.07
Det har vore nokså laber aktivitet på nettsidene i det siste, det skuldast mellom anna at nettredaktøren har vore nede for telling i sjukdom nokre dagar. Totalt utan trening i over ei veke, dersom ikkje snømåking i feberrus kan kallast trening (noko det neppe kan ettersom ein tur på Svinestranda i dette forum av enkelte ikkje blir sett på som trening). Det ryktast at grunnen til at Arne ikkje har vore med på dei siste laurdagsturane er at han har vore oppteken med vedhogst.
Det kan vel derimot kanskje definerast som trening, so den karen kjem sterkt igjen!
Dersom nokon saknar lesestoff på nettet, so vil eg anbefale å gå inn på www.syklingensverden.com . Her er det utruleg mykje om sykling med linkar på kryss og tvers.
Neste portrettintervju er også forhåpentlegvis like rundt hjørnet.
Det ligg forøvrig an til fantastiske forhold til komande laurdag, gode meldingar med sol og fint vinterveir. So no er det forventa ein kanontur med mange deltakarar! Helge tek med fotoapparat som vanleg. No blir det fleire vinterbilder på høgt nivå!
04.02.07
Denne gangen ble det litt uklart hvem som skulle ta seg av referatskrivingen . Siden det begynner å li mot kveld og ingenting har skjedd+ at jeg har noen uoppgjorte saker med turlederen , så tenkte jeg at jeg kanskje kunne skrive noen ord .Nå kunne jeg selvsagt tatt en diskusjon om det oppe i løypen , men dette hadde antagelig ikke rettet opp det intrykket resten av klubben sitter igjen med . Nemlig at jeg er en slik miljøversting . Når jeg skrev at vi kunne møtes ved " Best " og kjøre på Kleivane , Så tenkte jeg selvsagt at vi fylte opp en bil og kjørte oppover .(gjerne turleiaren sin)Hadde jeg vist at vår kjære turleiar var en slik miljøekstremist så hadde jeg selvsagt utdypet dette litt mer inngående .Jeg synes forøvrig det er bra at han tar klimaendringene på alvor .
Så til lørdagsturen .I dag var det Trond Olav ; Dag Arne og Helge som skulle måle krefter . Gikk opp til broen på ca 45 min .Overaskende bra føre derfra og oppover mot Svinestranda . Det ligger mye snø i fjellet , men mildvær de siste dagene gjorde at vi ikke sank mer enn 10 - 15 cm nedi. Følgte en rås oppover slik at vi kom opp litt til venstre for Svinestrandsvatnet . Der ble det ganske mye tåke . Vi gikk antagelig litt for langt nordover på grunn av noen skavler litt oppe til venstre .Da vi kom opp på platået var det vel egentlig ingen av oss som viste hvor vi var . Vi så en fjellnabb foran oss som Trond ifølge gps'en mente var Svinestranda .Ikke tale om mente Olav. Trond mente at det kanskje var for mye tåke for gps``en..Etter mye om og men fant vi ut at det var best å følge sporene tilbake med uforettet sak..Det var ganske tungt å kjøre ned igjen i våt tung snø.Turleiaren mente at vi ikke kunne godskrive dette som trening , men etter endel bra argumenter fra Trond om koordinasjon og trening av lårmuskler klarte vi å karre til oss 30 min .Vi kom vel egentlig fram til at hvis man skal bruke gps så må koordanatene legges inn på forhånd.
Helge
01.02.07
Her er no fleire forslag, så det er på tide at tursjefen brukar makta si og tek styringa. Vi møtest i Valborgkleiva kl 08.00 (som sist), og går med Svinestranda som mål. Dette målet kan avvikast dersom veret er dårleg. Då kan vi vurdere å hjelpe småbarnsfamiliar med skiløyper til hyttefeltet. Helge sitt framlegg vil medføre unødig bilkøyring og CO2-utslepp. For folk som tenkjer høgdemeter oppover for eiga maskin, så er ein biltur oppover Fjellbygda ein rein nedtur. Dessutan passar det dårleg å gå fjelltur med fellar dersom det ikkje stig jamt oppover heile tida, og så nedigjen. Turen til Helge ville medføre på og av med fellar undervegs, eller smørjing av skia. Det likar eg dårleg (i alle fall i dårleg ver). Eg set pris på forslag til turar, men eg likar og å argumentere mot innkomne framlegg
Dag-Arne
31.01.07
3 mann på intervalltrening på Faleideflata 10 runder x ca 2.25 min. Olav, Dag-Arne, Henry. Der er plass til fleire,fine forhold tildels måneskin under øktene i kveld.
30.01.07
Når/dersom det er dårlege sykkelforhold i Autsrheimsbakkane, blir det alternativ intervalltrening for dei som ikkje har piggdekk på onsdagar kl 19.00 på Faleideflata (utan sykkel)
29.01.07
Her er møtereferatet frå skipingsmøtet på Gloppebua 18.januar 2007.
27.01.07
7 mann på laurdagstur: Springvassdammen-Liaholten på ski, deretter nedigjen på Leirstøylen og derifrå til Veten til fots. Djup snø heile veien, Trond gjorde ein formidabel jobb som brøytebil opp til Veten
Deltakarar: Dag-Arne, Trond, Helge, Henry, Olav, Kjetil og Vidar.
25.01.07
Det er litt vanskeleg å vite om det blir fine skiforhold i fjellet laurdag. Reknar med at det no er mykje laussnø, men eg føresler at vi prøvar ein skitur oppover frå Høgdebassenget i Valborgkleiva. Turski med fellar er det beste utstyret, så får vi gå så langt som vi finn det tenleg. I laussnøen blir det klart tyngst for den som går først, medan dei andre kjedar seg og frys ? (Det kjem an på kven som går først). Det er og råd å gå ein kort skitur dersom veret er dårleg, for så å avslutte med fottur frå Leirstøylen til Veten (prøvde dette søndag). Heller ikkje dette er akkurat sprinttrening. Frammøte kl 08.00. Er det lyst nok utan lykt no ?
Dag-Arne
24.01.07
I dag var det kun en mann på intervall i Austrheims bakkene, nemlig meg.
Helge stilte opp og tok bilder av meg de to-tre første draga. Tusen takk,
Helge! Ellers så var det en fin gjennomkjøring, bortsett fra at jeg frøs
beina av meg. Jeg kjørte med sommertrekk på skoa...........Etter og ha
lest hva proffen sier om vintersykling, forstår jeg at vintertrekk er et
must. Hva type vintertrekk kjører du, proffen, med og hvor kan jeg få tak
i det?
Jeg har kjøpt piggdekk med 305 pigger per dekk type Schwalbe kr 545 på
Henden. Schwalbe er visst i ferd med å konkurrere ut Nokia, i følge Geir
på sporten. Anbefaler defor Schwalbe på det kaldeste!!
Håper Helge legger ut bilder av Gloppens kaldeste rytter.
Arne
24.01.07
-- Tre stk på Faleideflata i snøen i kveld onsdag. 10 runder x ca 2.40.
Høge kneløft er fin sykkeltrening. Sukkeraktig snø gav lite framdrift,
ikkje akkurat sprinttrening for korte Breimsstafettetappar. Olav, Henry og
Dag-Arne
23.01.07
Det har vore stilt på nettsiden dei siste par dagane. Har kika litt rundtomkring på nettet, og der er det mykje spennade å finne, som for eksempel dette.
Nokon som blir med??
Vidar
20.01.07
De tøffingene som trosset vind og blest i dag var Dag Arne ,Arne og Helge .Lurte på om jeg skulle kjøre på Kleivane å gå på ski , men valgte allikavel og være med .Det skulle vise seg å bli en riktig avgjørelse.Fint og mykt underlag å løpe i dyp snø. Oppe i Ryssdalen blåste det kraftig . På slutten av løpet fikk jeg litt problemer med farten opp noen bakker mot Veten.Måtte bl a knyte skolissenne og drikke litt vann .Det endte ihvertfall med at de andre måtte vente litt på meg.Arne mente jeg kanskje var litt overtrent. Spurte Dag Arne etter treningen om han trengte å skrive noe om det når han skulle lage referat .Ja , dette var jo viktige opplysninger for de som ikke hadde så lett for å komme seg opp om morningen.Kunne virke motiverende på noen mente han .Han var jo en ærlig og rederlig kar og så viktige detaljer kunne han ikke utelate hvis han skulle skrive .Men jeg kunne jo få skrive referatet selv.Som sagt så gjort.Etter å ha tenkt meg litt om så velger jeg å spille med åpne kort denne gangen som i forrige uke.Ikke noen vits å spille bajas.Tror kanskje at det kan slå tilbake på en selv i dette miljøet. Det gikk tungt oppover de bakkene ,og jeg lå antagelig med litt for høy puls hele vegen . Når jeg først sprakk så måtte jeg helt ned i kjelleren .
Helge
18.01.07
Ein historisk dag!
Det er vedteke å skipe sykkelklubb i Gloppen under namnet Eidsfossen Sykkel.
10 personar var tilstades på skipingsmøtet på Gloppebua. Det første styret består av følgjande personar:
Else Pernille Eide, Helge Roska, Vidar Eide (leiar), Kjetil Eide (nestleiar) og Kjersti Rønningen (vara) og Dag-Arne Eide.
Som revisorar er Arne Myklebust og Allan Rune Mardal valde.
Referat frå skipingsmøtet kjem seinare.
18.01.07
To mann på intervalltrening på Faleideflata i Mona onsdag kveld. 10 x 2 min.
Dag-Arne og Henry. Kjempeforhold i fin snø ! Dette er skånsam trening for
slitne, gamle kroppar. Dersom uttak til Breimstafetten skal gjerast etter
utslagsmetoden, så er første duell avgjort i min disfavør (som venta).
Dag-Arne
18.01.07
Jeg hadde håpet på ski og feller denne lørdagen . Det er jo kommet bra med snø . kunne f.eks fulgt vegen forbi Leirstølen mot Al-støylen .Videre til enten Haugsvarden eller Svinestranda .Det var bare ett forslag .
Helge
17.01.07
Laurdagsturen 20.januar:
Frammøte på Shell kl 8.15. Merk tida ! Vi går mot lysare tider, og legg lykta igjen heime i dag og. Prøvar ein tur i låglandet. Vi har enno potensielle deltakarar på desse turane vi ikkje har sett her. Både medlemar i det nyskipa idrettslaget Eidsfossen Sykkel og andre er velkomne ! Turen går som vanleg i roleg tempo med sosialt tilsnitt !
Dag-Arne
15.01.07
Her er nytt frå arrangøren av sykkelrittet Bergen-Voss:
Hei alle sammen og godt nyttår!
Som sikkert noen av dere har registrert så har det vært noe frem og tilbake med datoen for Bergen-Voss i år. Dette skyldtes tilgang på tilstrekkelig tidtakerutstur og personell fra vår leverandør i Danmark. Vi ønsker ikke å gamble med tidtakingen og har derfor bestemt at Bergen-Voss 2007 skal arrangeres lørdag 9 juni. Vi håper at dere som hadde regnet med den 2 juni kan få ordnet det slik at dere likevel kan få deltatt.
Opplegget i år vil i all vesentlig grad samsvare med fjorårets opplegg. Etter tilbakemeldingene å dømme falt dette i god smak hos rytterne. Noen småjusteringer vil det alltid bli, for vi ønsker hele tiden som arrangør å optimalisere opplegget.
Puljeinndeling og starttidspunkter vil i all vesentlig grad være som i 2006. Noen av dere vil sikkert ”se det an” med hvor det eventuelt vil være kapteiner o.l. Som arrangør vil vi ikke aktivt sette opp kapteiner i puljene, men hvis noen ønsker å ta det ansvaret i en pulje vil vi annonsere dette på hjemmesiden for rittet.
Det vil også i år bli begrensninger på antall i de aller fleste puljene. Dette gjøres i samarbeid med politi og veimyndigheter og når vi legger ut påmelding om ca. 14 dager vil det være ”først til mølla”. Vi vil og som de andre store turrittene gi mulighet til å bytte pulje så sant det er ledige plasser i den puljen en ønsker å bytte til. En uke før rittstart vil alt puljebytte belegges med en avgift. Størrelsen på denne avgiften vil det bli informert om når påmelding legges ut.
Påmeldingsavgiften vil også i år være differensiert. Etteranmelding (etter en gitt dato) vil gi høyere påmeldingsavgift. Påmeldingssystemet vil være det samme som i fjor.
Dere som mottar denne mailen var deltagere i 2006 og dere vil få lenke til påmelding tilsendt på mail når dette er klart.
Mailen som denne informasjonen sendes fra ”bgvoss@broadpark.no” brukes kun for utsendelse av denne informasjonen. Den vil derfor ikke kunne brukes til svarmail. Når påmelding legges ut, vil det bli en dedikert mailadresse til dette formålet.
Lykke til med forberedelsene til årets Bergen-Voss den 9 juni!
Bergen Cykleklubb
13.01.07
5 mann på kryss og tvers i Vereide-skogane på laurdags-tur, ein og ein halv times joggetur. Deltakarar var Dag-Arne, Olav, Arne, Kjetil og Vidar.
11.01.07
Eg har no bite på eit tips om ny tur, med mine eigne justeringar. Frammøte blir på Vereide Skule kl 08.30. Merk tida ! Med litt vegspringing i starten, så treng vi kanskje ikkje lys ? Turen går på skogsvegar og stiar i området vest for vegen til Føleide, avgrensa av Flyplassen i vest.
Dag-Arne
Eg vurderte intervalltrening i Austrheimsbakkane onsdag til å vere uforsvarleg utan piggdekk, og tok oppmodinga om intervall i barkeløypa i Åsen på alvor. Ingen andre syklistar å sjå, heller ikkje han som bur midt i Austrheimsbakkane.
Dag-Arne
Saksliste:
No bør alle kjenne si besøkstid og møte opp! Vi treng også eit styre, 2 revisorar og ei valnemd, og fleire av dykk bør vere villige til å ta på seg denne type oppgåver. Det vert vel ikkje so mykje arbeid at det er noko å vere redd for.
Vel Møtt!
10.01.07
Med stadig aukande aktivitet dei seinare åra, finn vi (Kjetil, Rune og Vidar) no tida moden for å danne ein sykkelklubb i Gloppen.
Det vil bli avhelde skipingsmøte på Gloppebua torsdag 18.januar kl 20.00. Det vil truleg kome ei førehandsomtale (intervju med Kjetil) i Firda Tidend på mandag og annonse på onsdag.
- Opning og orientering om bakgrunnen for møtet
- Idrettsgreiner som laget vil ta opp
- Vedtak om å skipe idrettslag
- Namn på laget
- Lov for laget
- Vedtak etter lova: Val av styre, årsmøtemånad
3 mann på intervalltrening i Austrheimsbakkane i kveld, 2 med piggdekk (Kjetil og Vidar) og ein utan (Arne).
Mannen som bur midt i bakken var ikkje å sjå som tilskodar eingong.
08.01.07
Resultatet for avstemning om TUBE er no klart. Eitt av alternativa har skilt seg so klart ut at vi avsluttar avstemninga til tross for at fristen ikkje er ute.
Her er resultata:
Alternativ 1: 2 stemmer
Alternativ 2: 1 stemme
Alternativ 3: 7 stemmer
Bestilling av 50 stk (minstekvantum) av alt.3 er gjort i dag.
08.01.07
Som nemnt har eg vore med på Fanaråken Duathlon, med sykling frå Sjolden
til Turtagrø, og fottur vidare til Fanaråken. I år er det nm i motbakkeløp
her, men på grunn av dette vil det i år ikkje bli arrangert duathlon.
Såleis er det berre Turtagrø til Fanaråken som gjeld i år. Her er det
fleire km med nesten flat grusveg før motabakkane startar. Passar dårleg
for meg, men for meir typiske løparar med motbakkeeigenskapar i tillegg,
så kan dette anbefalast. Jørn og Edvard bør vere med på dette. Olav
Fuglestrand var og med her då eg var med på Duathlon, han gjorde det bra,
og bør og vere med. Sjølvsagt kan mange andre frå Eidsfossen sykkel delta
her, helga før Skåla Opp.
Dag-Arne
07.01.07
Ein ivrig lesar har tipsa om at vi må vere oppmerksame på NM i motbakkeløp. som går i Sogn.
Der skal det visstnok vere eit tak på 300 deltakarar i konkurranseklassene. På tide å melde seg på? Der er også Duathlon med sykling først heilt frå fjorden. Her har Dag-Arne vore med før, og kan sikkert gi mange gode råd og tips.
Samstundes bør ein også vere oppmerksam på eit anna arrangement som ikkje er so langt unna vårt distrikt, Nibberittet. Det går frå Geiranger til Dalsnibba (1500 moh) og bør vere eit ideelt ritt for tøffe bakkeklatrarar som Dag-Arne og Kjetil. Her kan ein også velje å springe opp for dei som likar det betre. Står litt om dette i siste "Kondis"
06.01.07
6 tøffingar på Arnestadnakken mm i dag tidleg. 2 timars tur med seige omvegar nedigjen. Trond, Olav, Helge, Henry, Arne og Dag-Arne.
No har nettredaøtøren lært seg noko nytt: Å legge inn Excel-filer på nettet. Dermed kan du studere den fullstendinge statistikken over Glopparar i Birkebeinerrittet.
Dette er kjapp hovudrekning, med forbehold om feil. Dersom nokon skulle finne feil, so sei ifrå.
04.01.07
Det haglar inn med meldingar og nettredaktøren har si fulle hyre med å oppdatere sidene, dei har i det siste blitt oppdaterte fleire gongar dagleg.
Siste nytt i kveld er at Kjetil går på krykker og Allan er på operasjonsbordet.
Avstemninga er godt i gang, so lang dødt løp, alle alternativa er framleis aktuelle.
04.01.07
Det var også ein syklist ved Statoil kl 05.45 dagen etter, men han visste
at treninga var flytta. Veret var brukbart.
6 x 4.25, 1,30 pause
Dag-Arne
04.01.07
Eg vil med dette invitere til folkeavstemning. Her har alle som vil mulighet til å vere med å påvirke kleskolleksjonen til den framtidige storklubben Eidsfossen sykkel
Vi går no for kjøp av sokalla TUBE WEAR. Denne har mange bruksområde og mange namn, mest kjend som BUFF, men dette er vel merkebeskytta og kan ikkje brukast i denne samanheng.
Vi har no fått skissert 3 ulike alternativ som de kan stemme over, sjå nøye på dei her og kom med di stemme.
Opptelling av stemmer vil bli om ei veke, dvs torsdag 11.januar. Deretter går bestillinga, leveringstid er 4 veker. Dei vil koste kr 100 og alle bør føle seg forplikta til å kjøpe minst ein til seg sjølv og gjerne også til andre familiemedlemmar. Dette vil også være ein del av defileringsantrekket på Breimstafetten, so alle som har tenkt å vere med der, må iallefall ha.
04.01.07
No har eg problem med å kome med nye ruter på laurdagsturane, men denne gongen møter vi på Bautas i Bukta. Derifrå til fots. Blir veret bra, så kan vi prøve å legge turen om Arnestadnakkjen. Frammøte som vanleg kl 08.00. Vi får sjå om Allan alt no innfrir delar av nyttårsforsettet sitt.
Dag-Arne
Det var en syklist til på intervalltreningen .Denne syklisten startet ved Statoil kl 20.00 .Hadde ikke fått med meg at tidspunktet var endret.
Helge
03.01.07
Nok ein gong dårlig oppmøte på fellestreninga på onsdag. I kveld var det kun Henry og Olav som trossa regnet og møtte opp. Det er greit at det er vi som treng det mest men det er kjekkare om fleire møter. Ser fram til ny fellestrening på laurdag. Dei turane må fleire få med seg.
Olav
Litt statistikk:
Antal besøkande på nettsidene har no passert 2000 sidan 8.september, nærare bestemt 2024 3/1 -07 kl.21.13.
Dette vil seie 17 besøkande pr. dag, noko som betyr at interessa er aukande, ved siste offisielle måling 24/11 -06 var det 13 treff pr.dag.
"Siste nytt"-fila er etterkvart blitt lang og stor, so den er lagt i arkivet.
Vi tek liekvel her med det siste flotte bildet med rekordoppmøte over i 2007.