Vi er ein gjeng syklistar frå Sandane i Gloppen kommune i Nordfjord som syklar ein god del i lag. Hovudmålet vårt kvart år er Birkebeinerrittet, i tillegg til at vi arrangerer sykkelrittet Eidsfossen Grand Prix
Her er litt om historia vår:
1995:
3 mann kjøper seg terrengsykkel
1996:
Rune Hjelle og Vidar Eide er dei to første som startar i Birkebeinerrittet.
1997:
Else Margrethe Larsen kjem med som første dame, ho blir med i 2 år.
2000:
Kjetil Eide klarar endeleg å melde seg på før Birkebeinerrittet er fulltegna og stiller for første gong. Han blir raskaste mann i perioden 2001-2005.
Nokre byrjar også å delta på andre ritt enn Birkebeinerrittet.
Eit lite uoffiselt sykkelritt utan noko form for annonsering blir arrangert på Eide.
2001:
Fleire lokale syklistar kjem med på Birkebeinerrittet, og dei to første merka er sikra ved Dag-Arne Eide og Kjetil Eide. Heretter kjem det stadig nye for kvart år.
Det første Eidsfossen Grand Prix går av stabelen med 70 deltakarar. Arrangementet blir årvisst heretter.
2002:
Tre mann fullfører Trio Cup
2003:
Det blir starta opp med organiserte fellestreningar kvar onsdag og annakvar søndag (april – september). Fellestreningane held fram kvart år etter dette.
Klubbtrøyer blir kjøpt inn og namnet Eidsfossen sykkel etablert.
Det dukkar opp landevegssyklar i miljøet og Harald Hauge deltek på Styrkeprøven for første gong.
Dag-Arne Eide deltek som førstemann på motbakkeløp.
2004:
Den første Støylsturen, Støylar i Gloppen, blir arrangert med 5 mann som fullførde.
Løypeomlegging i Eidsfossen Grand Prix, til raskare og meir publikumsvenleg trasé.
2005:
Støylar i Hyen med 5 mann
Fleire deltek på landeveisritt som f.eks Bergen-Voss
Eidsfossen-syklistar deltek på triathlon i Hyen for første gong.
125 deltakarar i Eidsfossen Grand Prix som er noverande rekord.
Vidar Eide rundar som førstemann 10 Birkebeinerritt.
2006:
2007:
Jakker, bukser og fleire trøyer kjøpt inn.
Deltek for første gong i Breimstafetten.
Søylar i Breim med 7 mann
Tidenes beste Birkebeinerritt med 12 deltakarar frå Sandane, 9 av desse klarte merket, 10 mann under 3,50 og dei to siste so vidt over 4 timar. Mange personlege bestenoteringar. Johnny Hauge er ny bestemann.
Neste generasjon syklistar stiller på ritt utanom fylket
Kjetil Eide på seirspallen i M 40-50 i Alperittet.
Eidsossen Sykkel oppretta som idrettslag i skipingsmøte 18.januar.
Sterk sportsleg sesong i den første som offisiell klubb:
14 deltakarar på Birkebeinerrittet, herav 4 debutantar, totalt 9 merke.
Auka deltaking med sterke plasseringar på ulike ritt omkring i Noreg, mellom anna klassesiger til Dag-Arne Eide på Nibberittet i Geiranger og 3 pallplassseringar på Alperittet på Stranda.
Stor deltaking ulike motbakkeløp med fleire klassesigrar og pallplasseringar, mellom anna sølv i NM til Dag-Arne Eide og andreplass også i Skåla 1848 m rett opp på same mann
Deltaking med 2 lag på Breimstafetten.
Fleire klubbmeisterskap i ulike disiplinar avvikla og Trygve Henden Gaasø blei den første "Årets Klubbmeister".