Pressemelding - Norsk/Norwegian
April 14 2005:
Violent Power verdslansert
Heavy Metal-bandet Violent Power har signert kontrakt med Startime. No vert bandet internasjonalt lansert. I USA kjem bandet ut med plata "Defenders of Metal, part 2: The Darkside", på Man in Black Music. Her spelar Violent Power saman med band frå åtte andre land. Plata vert distribuert over heile verda. - Dette er eit resultat av langsiktig satsing.
Gjennom 16 år har eg vore med å jobba fram musikken vår. No byrjar vi få betalt for moroa. Eg er glad for samarbeidet vi har med Kjell-Gunnar og Startime. Vi har Noregs råaste metal-vokalist, og det er på tide at alle får høyre, seier bandsjef og trommis Geir Arne Solheim, alias Winny Blofeld.
Bandet jobbar no med sitt første offisielle album "History/Futurity", der ein mellom anna finn låtane frå den sjølvtitulerte EP-en frå 2004. På plata vil det kome musikk som skriv seg heilt tilbake til 1989/1991. Violent Power vert å sjå på diverse spelejobbar på Vestlandet framover våren, så stay tuned! sjekk ut www.metal-mania.com for meir info!

(Click picture for high-resolution photo)