[Framsida] [Nyheitsarkivsida] [Gjesteboka] [Kontakt meg]

 

Ålesund
16.06.2003

Rittrapport: Ålesund 2-dagers 8.-9. juni

Så var det klart for nytt NC-ritt ei veke etter Eidsvoll. Reiste til Ålesund med mammo og pappen på fredag. Denne helga satsa eg på mykje ekstrautstyr og stort støtteapparat!

Tidleg opp laurdag. Frukost klokka 7, og tempoen starta kl 9, 20 min køyring frå hotellet. Sykling er visst ein idrett for morgonfuglar. Varma godt opp før tempoen, men fekk det travelt før start pga. dårleg info. om girkontroll. Kom meg no avgarde akkurat til rett tid. Ga gass som vanleg, men etter 4-5 km kjende eg at noko ikkje fungerte som det skulle. Begynte å få sure oppstøt, og pulsen var ca 5 slag for lav. Vart berre dårlegare og dårlegare. Småkvalm og slapp. Kan ikkje sei at motivasjonen auka når eg såg at klokka viste over 16 minutt ved vending. Løypa var oppgjeve til å vere 20 km, og målet mitt var å sykle under 29 minutt. Så 16 minutt til vending var skikkeleg motivasjonknekk. Når eg kom i mål viste det seg at løypa var målt feil og den var eigentleg 22-23 km. Eg vart nummer 5, noko eg var svært godt nøgd med etter eit dårleg løp.

Om kvelden var det gateritt. Var veldig usikker på formen, men når starten gjekk følte eg meg bra. Løypa hadde litt mindre svingar enn på Eidsvoll, men her gjekk halve løypa på brustein.


No ringjer skuleklokka, så resten av rapporten må eg skrive seinare....