|
|
Eidsvolltur
16.06.2003
Rittrapport: Tur til Eidsvoll 31. mai - 1. juni.
Kom fram til campingplassen i 9-10-tida fredagskveld. Då var det berre å sjekke at sykkelen var i orden, og så ta ein kort tur på lette gir.
Laurdag begynte med 20 km temporitt. Eg starta som nummer 5 i klassen min og det var 30 sekund i mellolm kvar ryttar. Tok igjen 3 av ryttarane framfor meg før vending, og såg den fremste ryttaren litt framfor ved vending etter 10 km. Men så skjedde det som ikkje skulle skje. Den nye karbonsetepinnen min begynte å "gå rundt" og så begynte den å sige, lengre og lengre ned. Når det var 3-4 km igjen til mål var den sikkert minst 10 cm lavare enn når eg starta. Forferdeleg kjipt for følte meg ganske bra. Vart nummer 11 trur eg på tempoen (noko eg for så vidt var fornøgd med sidan ca 30 starta). Om kvelden var det gateritt. Delar av løypa var smal med nokre vanskelege svingar. Full gass frå start som vanleg. Ei gruppe kom laus med 2-3 ryttarar. Jon frå Fana klarte å køyre seg opp til tettgruppa, men eg klarte det ikkje. Vart liggjande i eit felt med 6-7 andre ca 100-200 m bak tetgruppa. Men så etter halvkøyrt løp rauk kjedet mitt. Var forferdeleg skuffa. Følte meg sat bra med.
Om kvelden reiste me til Jessheim og åt pizza. Det hjalp litt etter dei tekniske problema.
Sundag var det klart for fellesstart. Vår fellesstart (junior) begynte ikkje før alle dei andre var komme i mål (ca klokka 12). Jamnt middels høgt tempo frå start. Så kom me til ein ås (lite fjell som eg ikkje hugsar kva heiter). Her vart det sett full gass og feltet delte seg i fleire grupper. Var ca 10-12 i fremste gruppa over toppen, og eg sat fint med. I nedoverkøyringa vart eg hengjande litt etter. Merkar eg må trene på dette. Dei beste køyrer forferdeleg fort!!
Så var det ca 30 km flatt. Her vart det nokre smårykk, men i periodar gjekk det svært seint og fleire og fleire ryttarar kom opp i tetgruppa. Når me begynte på dei avsluttande rundane (6 * 7,5 km ?) var heile feltet samla. Eit par ryttarar prøvde seg her og der, og ein ryttar klarte på ein av rundane å stikke frå (utan at eg såg det). Han holdt heilt til mål medan eg var med å spurta om 2. plassen. Hadde krampe i beina i spurten, men klarte ein 8. plass noko eg var godt fornøgd med. Var kunn 2 førsteårsjuniorar (17-åringar) framfor meg, trur eg.
Alt i alt var eg godt fornøgd med mitt første NC-ritt (Norgescup-ritt). Grusomt kjipt med dei tekniske problema på tempoen og gaterittet, men sånn er sykling. No var det berre å gje gass i Ålesund neste helg!
|
|